Serieskapar er min identitet

Serieskapar er min identitet

-Eg ville ikkje vere han arabiskætta serieskaparen som lagar teikneseriar om arabiske saker, fortel Riad Sattouf. Likevel er han blitt mest kjent for det nå, internasjonalt. På måndag vitja skaparen av «Fremtidens Araber» Litteraturhuset i Oslo. 

Kristian Krohg-Sørensen, som sjølv er aktuell med ein teikneserie om den russiske revolusjonen, hadde fått i oppgåve å intervjue Sattouf på scenen i Litteraturhuset.

Ideen om å attskape sin eigen arabiske barndom i teikneserieform fekk Sattouf først då krigen i Syria braut ut i 2011, og han ville hjelpe nokre av sine syriske slektningar med å flykte. Før det haldt han seg unna arabiske og muslimske tema i seriane sine. Nå er «Fremtidens Araber» oppe i tre bind, også på norsk, og eit fjerde er på veg. Heile historia blir på til saman fem bind, det har han bestemt seg for. Dei første tre binda har handla om, med serieskaparens eigne ord, ein ung guts fascinasjon med faren. Den unge Riad Sattouf veks opp i Libya og i faren Abdels heimland Syria. Mora Clémentine er fransk, og trass i farens innsats blei Riad etter kvart franskmann han også. Men korleis FA-bøkene kjem til å skildre dette, veit vi ikkje ennå.

Skjønt når det gjeld identitet, seier Sattouf det slik: Føler du det fransk eller syrisk, kristen eller muslim? Nei, eg føler meg som ein serieskapar. Det er min første identitet.

Riad Sattoufs mor hadde lenge trua på at mannen skulle bli noko stort, men tålmotet hennar hadde ei grense

Men kvifor blei familien i Syria så lenge? Når skal Clémentine seie at nok er nok, er eit spørsmål som Sattouf ofte får av lesarane. Og svaret er at ho trudde lenge at Abdel skulle bli noko stort; ho ville bli rik. – Tintin er tom, forklarte Sattouf som ei likning, men han er representerer lesaren. Clémentine har noko av den same posisjonen i serien.

Om mora si dømmekraft innrømte Sattouf elles at ho ikkje har så veldig godt instinkt for når eit av verka hans blir en suksess. Ho likte den andre filmen hans, Jacky au Royaume des Filles (2014) betre enn den første, Les Beaux Gosses (2009). Beaux Gosses var ein stor suksess på kino i Frankrike, Jacky blei ein fiasko. Då karrieren hans som filmregissør såg ut til å vere over, var ho først skeptisk til Fremtidens Araber-ideen; – Eg trur ikkje det vil funke, og synes ikkje det er så interessant, skal ho ha sagt til sonen.     

Les Beaux Gosses, eng. tittel The French Kissers, var Riad Sattoufs første og hittil einaste suksess som filmskapar. F.v. Vincent LaCoste og Anthony Sonigo

Har du ein bodskap med serien, spurte Krohg-Sørensen avsluttingsvis. – Ikkje i utgangspunktet, var svaret, eg set saman fakta, og til slutt har det ei meining. Eg representerer ikkje noko anna enn min eigen barndom. Politisk hevder han at han kan ha agg både til venstre og-høgrevridde, men viss han skal summere sine politiske meiningar, har han tre hovudpunkt: For likskap mellom kvinner og menn; mot fysisk straffing av barn (dette er faktisk ganske liberalt i Frankrike, der 80 % framleis meiner at det bør vere greitt å slå barn); og for at svake menneske bør få hjelp frå samfunnet.

Etterpå var det tid til ein spørjerunde, og eit spørsmål som straks kom opp var om «Fremtidens Araber» vil bli filmatisert nokon gong? Sattouf kan stadfeste at har han fått tilbod om å lage film, men han held igjen. – Kva om filmen blir dårleg, innvender han, det er jo livet mitt. Så han vil vente med å ta ei avgjerd på dette til serien er ferdigstilt.

Sjølvbiografiske forfattarar gjer seg alltid vakre, meinte Riad Sattouf. Så gjekk det opp for han at han sjølv var veldig vakker som ung, som «ein liten Birgitte Bardot».

Ein annan ting han vil tillate først etter at serien er ferdigstilt, er at den blir omsett til arabisk. Fordi ei slik omsetjing ville vere så viktig, vil han at eit arabiskspråkleg forlag skal forplikte seg til å gi ut heile serien. I mellomtida er det mange arabarar som har lest serien på fransk eller engelsk, og som gjerne vil diskutere den med han. Dei aller fleste liker bøkene godt, og føyer gjerne til at dei har ein far eller onkel som er akkurat som Abdel. Nokre få arabarar meiner at den underbyggjer stereotypiar, men som Sattouf muntert påpeiker: desse folka begynner gjerne samtalen med orda, «Eg har ikkje lest Fremtidens Araber sjølv ennå, men…».

 

(Riad Sattouf har gitt beskjed om at han er nøye med korleis han blir avbilda. Eg har difor ikkje brukt noko bilde av han frå sjølve føredraget på Litteraturhuset)           

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *