Skuggane veit

«Bergen» er den lenge annonserte og etterlengta oppfølgjaren til Anja Dahle Øverbyes teikneseriedebut «Hundedagar».

«Bergen» følgjer 19 år gamle Maria gjennom eit studieår i Bergen. Maria sliter med store depresjonsproblem. Med studia går det trått, og ho døyver depresjonen med piller, alkohol, sjølvskading – og seksuelle forhold.

Det med forholda står sentralt i handlinga, og viser å vere noko av det mest destruktive for Maria i denne vanskelege tida. Ho har forhold til menn som ho i beste fall tek til takke med, og det er med på å bryte henne ned. Noko som ho faktisk kunne kalle for kjærleik er ønska, men den verkar uendeleg langt vekke. Kanskje det einaste ho har å erstatte det med, er vennskap. Dermed er me attende til noko av det same temaet som i «Hundedagar»:  Bodskapen om å verdsetje vennskap framfor alt er framleis undersforstått; Marias venninne Johanne framstår som hennar einaste anker.
Øverbye har forklart at ho vurderte å bruke same hovudperson i denne boka som i «Hundedagar», nemleg Anne, men ombestemte seg. Kanskje ønskjer ho på denne måten å ytterlegare skape ei viss avstand til sine alter egos i teikneseriane hennar. Uansett er det vanskeleg å følgje Maria frå side til side utan å tenke «Anja», særleg ettersom underteikna kjenner henne som ein personleg og utleverande teikneserieskapar. Og «Bergen» har eit veldig personleg preg; allereie framsida bærer bod om det. Til liks med i «Hundedagar» tek denne utgangspunkt i sjølvopplevde hendingar (Anja studerte eitt år i Bergen), men detaljane er redigert og anonymisert.

Boka er mørk, både i grafisk framstilling og i innhald. Der «Hundedagar» var full av eit ytre lys som også i alle fall tidvis reflekterte karakterane sitt humør,  er «Bergen» full av eit ytre mørke med skuggar overalt. Kjensla av håplausheit ligg tungt over forteljinga – Iblant kan tonefallet nesten minne om  serieskaparens fanzine «Hei, er det du som har kreft?» (2015). Av naturlege grunnar kan «Bergen» ikkje krisemaksimere hovudpersonens fortviling like mykje, men innimellom kjem den nærare enn eg ville trudd.

Skuggane fortel mykje; Anja Dahle Øverbye viser seg igjen som ein særs dyktig forteljar som evnar og formidle nokre av dei sterkaste inntrykka utan ord. Inntrykket er tydeleggjort i ein scene der vi ser Maria i senga etter eit samleie – auga hennar er tomme og svarte etter akta. Ved sjølvskading tek skuggane over, og fyller Marias verd med overveldande og abstrakt mørke.

Tittelen på boka viser sjølvsagt til kor alt dette hender, men sjølve teikneserien går utover berre det. Den gjer sjølve byen til ein slags bifigur. Gater, bygningar og bakgrunnar frå Bergen dukkar opp overalt, og omgjevnadane er med på å gi liv til historia. Også i «Hundedagar» hadde nokre eksempel på korleis Øverbye kan gjengi autentiske landskap i nærast fotografisk detalj, men med sin eigen særmerkte stil. Men i «Bergen» er dette gjort mykje meir konsekvent, og er ein faktor som bind historia saman. Me sit igjen med ei kjensle av at serieskaparen kan ha hatt eit ambivalent forhold til sin gamle studiestad, men byens skjønnheit verdset ho tydelegvis.

«Bergen» er eit verk prega av modning, av ei forsiktig og naturleg utvikling frå serieskaparen si side. Figurane er litt mindre stiliserte, meir organiske og anatomisk gjennomarbeida.  I kroppsspråk og ansiktuttrykk er det meir å lese enn i Øverbyes tidlegare verk. Og sjølv om tidsaspektet uunngåeleg gjer historia episodisk, fokuserer den på, og fordjupar seg med fordel i, nokre få detaljer. Den knallharde prioriteringa som underteikna meiner å kunne ane i manus, gir «Bergen» ei klar romankjensle, og ei rik leseoppleving; dyster men inst inne håpefull.

 

Bergen
Av Anja Dahle Øverbye
ISBN 978-82-92226-73-5
140 sider
270 kr.
Jippi

Les også anmeldinga av «Hundedagar»:
Mitt liv som hund

Intervju med Anja Dahle Øverbye:
Minner mellom venninner
Teikner Bergen i ny bok

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *