Solveig Muren Sanden 100 år

Solveig Muren Sanden 100 år

Noregs truleg første kvinnelege teikneserieskapar vart fødd på dagens dato for hundre år sidan.

Solveig Muren Sanden er fødd og oppvakse i Øvre Telemark, nærmare bestemt i bygda Vrådal i Kvitseid. Frå barndommen av likte ho å teikne, og avgjerda om å gjere dette til ein livsveg var truleg sterkt inspirert av den dansk-norske kunstmålaren og illustratøren Louis Moe. Han hadde nemleg sommarhus i nærleiken, og kom med gode råd til den unge Solveig.

I 1938 starta ho på eit to års studium ved Statens Handverks-og Kunstindustriskule, og det siste året studerte ho også ved Statens Kunstakademi. Andre verdskrigen førte til eit avbrot, men ho fullførte eitt år til etter krigen  Lenge før den tid hadde ho allereie fått si første teikning på trykk i Norsk Barneblad, nærmare bestemt i 1932.

Solveig illustrerte både nyskrive eventyr og klassikarane av Asbjørnsen og Moe. Frå «Kvitebjørn Kong Valemon» (Tuss og Troll 1963)

Etter studia bestemte ho seg for å satse på illustrasjonsarbeid framfor kunstmåling. Ho fekk etter kvart eit godt nok omdømme til at dåverande redaktør i Norsk Barneblad, Johannes Farestveit, i april 1957 sendte henne eit utval av tekstar og spurte om ho ville prøve å illustrere desse. Han trong nokon som kunne overta for den tilårskomne Jens R. Nilssen. Solveig sendte nokre teikneprøvar, og desse var han så nøgd med at ho straks fekk tilbod om meir jobb. Det var starten på eit arbeidsforhold som skulle vare i femti år.

Solveig sin serieteiknarkarriere begynte (slik den slutta) med Tuss og Troll. Farestveit ga henne hasteoppdraget med å teikne juleheftet for 1957, og frå då og til og med 1986 var ho einaste teiknar, etter Farestveits manus. I 1959 overtok ho teikninga av Smørbukk i Norsk Barneblad, og Smørbukk julehefte frå 1960 t.o.m. 1981, igjen etter Farestveits manus.

Smørbukk sin heimstad er aldri blitt spesifisert, men Solveig plasserte han i typiske Telemarksomgjevnader (frå juleheftet 1967)

Samarbeidet deira gjorde ikkje berre henne til Norges første kvinnelege serieskapar, men leia også til ein annan milepæl: Saman med Farestveit mottok ho i 1974 Kulturrådets første teikneseriepris.

Formelt sett gjekk ho av med pensjon i 1986, men etter nokre års pause heldt ho fram med å teikne Tuss og Troll (hovudsakleg etter Velle Espelands manus), sjølv om ho ikkje lenger hadde krefter til å fylle bladet åleine. Håkon Aasnes overtok gradvis juleheftet, slik han hadde gjort med Smørbukk tidleg på 80-talet.

Solveig heldt seg til det klassiske formatet med tekst under teikningane, og brukte ikkje snakkebobler. Berre i «Trolla på Dovrefjell» frå juleheftet 2003 gjorde ho eit lite unnatak (fargar: Håkon Aasnes)

Solveig Muren Sanden kunne nok ikkje den gongen i 1957 tenke seg kor djupe spor ho skulle komme til å setje i norsk kulturhistorie generelt og i norske teikneseriar spesielt.  Med hennar eigne ord: «Før var ikkje teikneseriane rekna for kunst, slik dei vert i dag. Eg tenkte ikkje så mykje over det. Eg prøvde berre å glede ungane – det tenkte eg mykje på.»

Solveig Muren Sanden med Arild Wærness på Vossastreken i 2006 (Foto: Geir Ivar Tveite)

Likevel er det ikkje tvil om at Solveig var «ein av oss». Ho illustrerte forsida til, og var teiknarprofilen i Norsk Tegneserie Index utgåve 6 (1996). To gonger var ho gjest på teikneseriefestival, og desse to høva er interessante å sjå i forhold til kvarandre. På Raptus teikneseriefestival 2001 (same året som ho fekk Kongens fortenestemedalje i sølv) verka ho, som ein kanskje kunne vente av ein 83-åring, skrøpeleg og lågmælt, berre ein skugge av seg sjølv. Men fem år seinare dukka ho opp, livsglad og frisk, i passe nasjonalromantiske omgjevnader på Voss Folkemuseum, som gjest på teikneseriefestivalen Vossastreken. Det var reine mirakelet; eg kunne knapt tru at det var den same dama, og det er framleis ei useieleg glede for meg at eg fekk møte henne denne siste gongen, og at det siste minnet eg hadde av henne som person var så oppløftande.

«Pannekaka» frå 1961 vart opphavelg trykka i «Blant Barn»

I mellomtida hadde ho i 2004 motteke Trollprisen under Eventyrfestivalen i Heidal (Oppland) for si framstilling av norske eventyr. Det er vanskeleg å tenke seg nokon norsk teiknar, etter Kittelsen og Wærenskiold si tid, som kunne fortent den betre.

Solveig skreiv ikkje manus sjølv, men det er inga tvil om at ho hadde innverknad på korleis historiene vart utarbeida. Ein av grunnane til at ho ga opp Smørbukk før Tuss og Troll var at den nye forfattaren Øyvind Dybvad prøvde å gi henne fleire formaningar om korleis ho skulle teikne både figuren og serien; mellom anna ville han slanke hovudpersonen. Dybvad ga henne også nye og (etter hennar meining) rotete instrukser for utveksling av teikningar og manus. Ho sette strenge grenser for kor mykje ho ville la seg diktere.

I trange tider er det godt å ha eit vennleg nabotroll. Frå «Trollet og Toreveret», Tuss og Troll 2007)

Det vennlege nabotrollet er kanskje det som framfor alt særmerker forteljingane illustrert av Solveig Muren Sanden, og her er det hennar eigen haldning som skin igjennom: «Troll er snille», har ho uttalt. Typiske Sanden-troll er umiskjenneleg troll av utsjånad, men er ikkje fiendtleg innstilt mot menneska; tvert mot viser dei seg ofte å vere til stor hjelp for menneske, berre dei vert behandla med høflegheit og vennlegheit. I tillegg til stor fysisk styrke har Sanden-trolla også ofte rikdom eller mektige trolldomskrefter; slike folk kan vere veldig gode å ha som forbundsfeller.  I ein alder av 90 år (!) leverte ho sitt siste eventyr «Julegjestene» (4 sider) til Tuss og Troll julehefte 2008. Passande nok handla det igjen om vennlege nabotroll som bruker styrke og trolldomskraft til å hjelpe godhjarta menneske.

«Julegjestene» frå Tuss og Troll 2008

Solveig Muren Sanden døydde i ein alder av 95 år, den 22. november – same veka som dei nye Smørbukk og Tuss og Troll julehefta vart lansert. Dei inneheldt ikkje nytt materiale, men til det sistnemnte hadde ein jammen greidd å finne til ein versjon av eventyret om «Pannekaka» som ho teikna i 1961, og som ikkje var trykt i juleheftet tidlegare. Begge hefta inneheldt forøvrig nyopptrykk av hefta hennar frå 1963. Norsk Barneblad og Egmont held fram med å gjere Solveig Muren Sanden sine klassiske julehefter tilgjengelege for nye lesarar kvart år.

 

Øvst: Solveig Muren Sanden signerer julehefte på Vossastreken i 2006 (Foto: Geir Ivar Tveite)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *