Teiknar Bergen i ny bok

Teiknar Bergen i ny bok

Anja Dahle Øverby vann prisen Årets tegneserie i 2016 for teikneserieboka «Hundedagar». No arbeidar ho med ei teikneseriebok med handling frå Bergen.

-«Hundedagar» er også gitt ut i engelsk språkdrakt. Kva tenker du om det?

-Det er kjekt at den har kommet på engelsk, så det er er eg jo glad for. Eg håper at det gjer det lettare å få den neste boka mi på engelsk og, men bortsett frå det har eg ikkje tenkt så mykje på det. Eg har jobba så mykje med den nye boka mi, så «Hundedagar» har levd sitt eige liv i bakgrunnen.

«Hundedagar» vart utgitt i 2015.

-Har du hatt nokon innflytelse på den engelske utgåva?

-Nei, i grunn ikkje. Eg har håndteksta boka, og ellers er den engelske utgåva ganske så lik den norske. Litt anna papir, berre.

Utdrag frå «Hundedagar».

-Er det viktig for deg å ha eit publikum utanfor Norge?

-Det viktigste for meg er at bøkene mine blir tatt godt i mot her i Norge, der det er lettare å være i kontakt med leserane mine. Når ei bok kjem ut på engelsk, så forsvinn den meir i alle dei utallige andre bøkene som kjem ut på engelsk kvart år. Så det er veldig kjekt at den er ute på engelsk, men eg har ikkje sett eller hørt så mykje til kva som har skjedd med den etter at den kom ut. Når det skal seiast, så er den ute på eit lite forlag som kanskje ikkje har det største budsjettet når det kjem til marknadsføring.

-Du er involvert i Blokk forlag. Kva er ambisjonane for forlaget?

Ambisjonen vår er enkel: Å ha det gøy og gi ut fine ting. Me gir i hovudsak ut teikneserier, men me ynskjer å mikse det meir med andre sjangre og. Me leiter heile tida etter nye talenter å samarbeide med, og gjerne teiknerar som ikkje har jobba så mykje med teikneserier før. Men igjen; det viktigaste er at me som driv det har det kjekt og brenn for dei tinga me gir ut.

«Hemostase» er ei fanzine frå Blokk forlag. Her har Anja Dahle Øverbye samarbeidd med sin forleggerkollega Ingrid Flognfeldt Brubaker.

-Korleis er det å vere serieskapar som også har eit redaktøransvar for andre serieskaparar?

-Det er gøy å være på den andre sida av prosessen og, sjølv om det til tider kan være mykje å sjonglere. Det er ganske forskjellige prosesser, men den erfaringa eg har som serieskaper er nok fin å ta med seg som redaktør. Da veit eg kva teiknarane ofte er opptatt av, eller kva som kan være viktig for dei i utviklinga av eit arbeid.

-Seinare denne våren kjem teikneserieboka «Bergen» ut. Har ho noko til felles med «Hundedagar»?

-Begge bøkene handlar om relasjonar og skildrer eit slags trekantdrama. Men denne gongen er det eit kjærleiksdrama, i eit mørkare og meir vaksent univers.

-Kan du seie noko meir om «Bergen»?

-Hovudkarakteren i boka er student i Bergen, og ho slit med ein depresjon som blir sterkare og sterkare. Ho prøver alt for å hanskes med den, men velg ei ganske sjølvdestruktiv rute. Den er skildra med blyant, blekk og pastellblyant, og er på over 120 sider. Det er eit større prosjekt som har tatt meg tre år å ferdigstille.

Utdrag frå «Bergen».

-Kvar går vegen vidare? Har du tankar om nye teikneserieprosjekt?

-Eg har ikkje noko konkret teikneserieprosjekt på tapetet når Bergen er ferdig, eg skal først konsentrere meg om eit barnebokprosjekt. Eg kjem iallfall ikkje til å lage ei så lang historie igjen med det første, det skal bli fint å lage litt kortere historier til antologier og fanziner att.

 

Intervjuet er tidlegare trykt i Sydvesten 15. mars 2018.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *