Revolusjonen eter sine brødskiver

Revolusjonen eter sine brødskiver

ÜberPress’ nyaste antologi Revolusjon er bergensk sjanger-lapskaus. Med hovud-brød.

Überpress sine antologiar er etterkvart blitt eit velkjend innslag i bokhyllene, alltid velteikna og flott produsert. Om der er noko å klage på så er det som oftast på manussida, og slik er det her òg.  Ideen om å samle historiene rundt eit tema er ikkje så gale, og dette albumet sitt tema «Revolusjon» burde vere særs fruktbart.

Eg skal kome litt inn på enkelthistorier, men først: I tillegg til eit samlande tema så har dette albumet fått ein samlande figur, ein slags katalysator, basert på ein absurd fascinasjon med at ein person i eit nyhendeinnslag om den arabiske våren hadde matpakka surra til hovudet. Som om det var uvanleg. Denne figuren fungerer i nokre av innslaga, men vert fort forstyrrande og tek etterkvart over heile slutten av heftet, på ein måte som rett og slett ikkje har intern logikk.

Brødsmular

Den første historia, «Brødsmular»  er den mest tydelege. Ein mann har bakt brød, og ber det med seg, surra til hovudet, forbi ei svolten folkemasse som ikkje har smakt skikkeleg mat på lenge. Denne historia, der dei fleste er menneskeliknande fuglar,   faldar seg så ut i ein situasjon med klare peik til dei franske og russiske revolusjonane og deira utgangspunkt i hungersnaud og inkompetent styre.  Stort sett velkomponert i manus av Are Edvardsen og særs flott teikna av Regine Toften Holst. Denne står seg godt, og Holst viser at ho har det som skal til for å bere eit album åleine.

Den Raude Armeen

Victoria Hamre leverer ein kunst-revolusjon i «Den Raude Armeen» som mest flyter ut i grafiske krumspring, men er pent teikna.

«Kakefest» av Vinter er ein lett forvirrande historie om konflikt mellom klovnar og turgåarar som ikkje henger på greip.

«Kapslane» av Are Edvardsen og Trine Lise Norman er vel-teikna men enkel agit prop som er veldig tung på labben.

«Hyll Karkanos» av Kristoffer Lindseth er mest ei lettvint sci-fi historie, vel-teikna med noko action men ikkje noko særleg klangdjupn.

Hyll Karkanos

«Geba : Rullerande revolusjon» av Are Edvardsen åleine spinner vidare frå Lindseth si historie og kastar oss ut i ei farse av forskjellige element som med unnatak av nokre replikkar er ganske fjernt frå temaet. Her er det mest gags og eksposisjon.

Avslutninga, «Mønster» av Jay Levang, knyttar oss til mannen med brød på hovudet på ein måte som direkte strir mot «opphavshistoria» i den første teikneserien, samstundes som den køyrer ein klassisk sci-fi «bootstrapping»- klisjé.

Med unnatak av den første historia så er temaet revolusjon slik dei fleste av oss ville forstå det fråverande, og sjølv metaforisk så er det kanskje å ta hardt i å nytte det ordet.

Geba : Rullerande revolusjon

For meg framstår dette heftet som at ein har sett seg eit mål som ein ikkje har makta å oppfylle. Überpress er tåleleg bra på lettbeinte, trauste og gjenkjennelege sjangerforteljingar, og teikningane er som oftast førsteklasses. Men når det gjelder historiene så er der lite kjøt på beinet, og ikkje så mykje beinmarg heller. Med revolusjon så forventar ein nesten historisk drama og politikk – om ikkje direkte, så lettare forkledd, men med unnatak av i første historia så ser vi ikkje det her. Vi ser heller ikkje noko som liknar eit paradigmeskifte eller ein forløysande, revolusjonær ide. Ei heller den meir mondene parodiske «revolusjon»

Überrevolusjon er som dei fleste andre Über-heftene : pent, velprodusert men overflatisk og lettgløymd. Absolutt verdt det for dei som er fans av dei tidlegare heftene, men kanskje ikkje førsteval for oss andre.

 

ÜberRevolusjon
Av Are Edvardsen med fleire.
ISBN: 978-82-93254-30-0
100 Sider
150 kroner
Überpress

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *