Vikingar og syndarar i sommarsol

Vikingar og syndarar i sommarsol

Bladkompaniet? Schibsted? Nei, nå heiter det Vigmostad & Bjørke, og om dei er aldri så akterutsigla i teikneseriebransjen, byd dei likevel på to sommarspesialar.  Ein som var venta og ein litt meir overraskande.

Kollektivet er sjølvsagt den gamle kjenningen, og ein årviss tradisjon i alle fall sidan 2009. Årstida for badedrakter og andre tynne klede får Torbjørn Lien til å miste endå fleire hemmingar enn vanleg (til liks med meg bur Torbjørn på vestlandet, så eg vil tru at han tek ein del fantasi til hjelp når han skildrar sommar, sol og strender med slik innleving). Ikkje at alt handlar om sex og sjekking, men veldig, veldig mykje gjer det. Ofte blir det litt for masete for meg, men som vanleg glimter serien til fleire stader med inspirerte augneblink.

Torbjørn Lien har levert fem sider med nye seriar, to føreseielege gags og ein surrealistisk, og ganske artig sak om Mounir i samtale med eit grillkol (det gir meining i konteksten). Sluttpoenget er svakt, men oppbygginga er særs underhaldande.

Ein serieskapar som ofte let sluttpoenget forsvinne i kaotisk surrealisme, er Karine Haaland. Hennar Snorre har ein åtte siders gjestespel i årets sommarspesial, der tre ulike sekvensar er blanda saman. Det verkar for kalkulert til å vere ein feil under redigeringa, men kva det skal vere godt for, er ikkje lett å seie. Snorre-serien er forvirrande nok frå før, utan dette på toppen av det heile, sjølv om enkelte av poenga fungerer.

Overraskinga er Hårek. Eg trudde «bytteleiken» var ferdig for lengst, men nå dukkar altså Hårek plutseleg opp som sommarspesial på forlaget tidlegare kjent som Bladkompaniet (dette får inga innverknad på juleheftet, som framleis vil bli utgjeve av Egmont). Men heller enn å plukke eit tilfeldig utval har V&B, i sakas anledning, grava fram dei gamle omsetjingane frå tida før Hårek begynte å figurere i Billy og i eige blad. Stripene er frå perioden 1975-1977, då serien hadde funne formen.

Gard Espeland har visstnok omsett desse stripene, som viser han frå ei meir eksperimentell og eigenrådig side som omsetjar. Innimellom tok han seg store fridomar med stoffet – Vanlegvis  berre for at innhaldet skulle følast meir norsk eller norrønt, men iblant endra han også på heile poenget i same slengen. Han kunne t.d. drøfte religion på ein måte som Dik Browne neppe hadde same fridomen til å gjere, og tillot seg endå fleire anakronismar og meir metahumor. Ein kan nesten seie at Gard Espeland var for Hårek det Amundsen og Kvil var for Pusur.

Klassisk Hårek er alltid eit velkomment gjensyn, men klassisk omsetjing gir stripene ein ekstra dimensjon.

Kollektivet Sommerspesial 2017
Av Torbjørn Lien
42 sider
60 kr.
Vigmostad & Bjørke

Hårek Sommeralbum 2017
Av Dik Browne
Omsett av Gard Espeland
42 sider
89 kr.
Vigmostad & Bjørke

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *