Dei framande blant oss

Dei framande blant oss

ZombieLars er noko av det mest pussige, men kanskje også noko av det mest kreative som NRK sin barneavdeling har produsert i nyare tid. Eg er bare ikkje sikker på om det treng ein teikneserieversjon.

Serien er eit døme på som urban fantasy, det vil seie at overnaturlege element finst i vår eiga verd og er allment kjente. Omgrepet er lett å forveksle med magisk realisme, men skilnaden er at i urban fantasy blir det overnaturlege stadig påpeika. Og påpeika blir det i «ZombieLars», så til dei grader. Som ein skjøner av tittelen handlar serien om ein gut som heiter Lars, og han er zombie – Eller «levande ulevande» som me raskt får høyre at det skal heite. Lærarinna til Lars forklarar dette i ei opningssekvens som truleg er meint å vere ein lett satirisk kommentar til politisk korrekt terminologi. Og parabelen blir endå tydlegare derifrå: Alt som har med overnaturlege vesen (for det er mange slags vesen, ikkje berre zombiar) å gjere er opplagt ein metafor for framandfrykt og stereotypifisering i vår eiga verd.

I Lars’ verd er Detroit ein mytisk og berykta stad der zombiane råder. Legg for øvrig merke til plakatane av Kim W. Andersson-teikneseriar i bakgrunnen

Og for eksotisering. For barna på skulen, som berre held fram med å kalle Lars «zombie» uansett, har ulike tilnærmingar til guten, men alle er einige om at han er noko spesielt. Nokon ser på han som ein slags stunt-artist som kan underhalde med å havne i dødsulykker utan nokon gong å døy. Og nokon ser på han som eit kult monster eller ein super-mutant. Serien framstiller  ikkje nødvendigvis eksotisering som noko negativt, så lenge det ikkje involverer trakassering.  Skulekameraten Robert, som synes det er spennande med zombiar, blir ein god venn av Lars.

Den framandhatande MAF-bevegelsen kunne ikkje vore ein meir tydeleg metafor

Andre er endå mindre subtile metaforar, som rektoren på Lars’ den nye skule, som berre så vidt greier å skjule sitt hat mot Lars i offentlegheita, og framfor alt mobben, dei keisamt overtydelege rasistmetaforane som møtast med faklar og plakatar i skogen, og messer «Hvem hater vi? Fremmede!»

Når «ninja» blir ei rasenemning

Elles er det på verdsbygging at serien utmerker seg, for som sagt finst det mange slags vesen, kollektivt kjent som «framande». Her er det verdt å merke seg at verdsbygginga skjer på premissene til barn, ikkje til vaksne nerdar som har gjort research på folketru. Eit perfekt døme på dette er Lars’ klassevenninne Anna. Ho er også ein framand, ein ninja. Så betyr det at ho er opplært i japansk kamsport og spionasje? Nei, å vere ninja er…ein rase. Og kva kjenneteiknar dei? At dei kan bli usynlege, sjølvsagt. Ikkje umerkelege, men bokstaveleg tala usynlege.  Ein eldre og meir sjangerkyndig lesar vil rive seg i håret over ei slik «vranglære», men eit barn vil tenke: ja, korfor ikkje? Hekser er også ein framand rase (dette er rett nok ein mykje vanlegare mistyding), og vaktmeisteren (mystisk og allvetande, som vaktmeistrar skal vere i slike settingar) nemner endå fleire som serien kanskje kjem inn på seinare.

Vaktmeisteren Jack veit meir og er meir enn han ser ut til.

For eg har ikkje sett heile serien, bare nok episodar til å samanlikne med teikneserieversjonen, og oppdaga derfor straks at dette er ein direkteadapsjon, episode for episode, og stort sett ord for ord. Direkteadapsjonar er sjeldne i vår tid, når det er så lett å leite fram originalen på eit eller anna digitalt arkiv, og eg ser ærleg talt ikkje heilt vitsen, viss ikkje teikneserieversjonen skal tv-serien ein ekstra dimensjon. Boka består av ein serie korte episodar som komprimerer dei tilsvarande episodane av tv-serien, rett nok på ein lettfatteleg måte, og med god flyt.

«Kjærleik som kryptonitt» er ikkje ein så dum ide som det først høyrest ut til

Teikningane er ved svenske Kim W. Andersson. Viss namnet verkar kjent, kan det vere at du har lest Love Hurts, ein serie med teikneserienoveller i sjangeren skrekk/romanse som gjekk i bladet Nemi ei stund. Seinare blei Love Hurts-novellene samla i to bøker frå Dark Horse. Dessutan har han skrive og teikna to teikneserieromanar, space-operaen «Astrid – Cult of the Volcanic Moon», også på Dark Horse, og grøssaren «Alena» på Kolik Förlag. Sistnemnte blei også filmatisert. Med ei slik merittliste er det lett å tenke at dette må då vere eit tilbakeslag i karrieren til ein såpass lovande serieskapar? Men han passar i alle fall til å illustrere denne teikneserien, med si sans for det makabre, og si erfaring med å blande det trivielle og det fantastiske. Rett nok får denne serien også fram nokre av hans svakare sider som teiknar, først og fremst dei lett forvrengte ansikta som nokre gonger nesten ser ut som dei er nær ved å smelte. Og heller ikkje han gjer noko anna ut av prosjektet enn å nøkternt gjenskape tv-serien på papir.

 

ZombieLars Bok 1*
Originalmanus av Thomas Seeberg Torjussen og Gisle Halvorsen. Adapsjon av Nicolai Houm (adaptert manus), Kim W. Andersson (teikningar) og Michelle Madsen (fargar)
ISBN 9788202597047
72 sider
199 kr.
Cappelen Damm

*Denne anmeldinga er basert kun på første boka. Andre boka, som held fram der denne slapp, kom ut på same tid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *