Den store crossoveren

Den store crossoveren

I ti år, nøyaktig på månaden, har Marvel prøvd å gjenskape sitt teikneserieunivers så nøye at sjølv den mest puristiske fan får kjensla av å lese eit teikneseriehefte av kjøtt og blod på kinoskjermen. Avengers: Infinity War er kulminasjonen av dette.

Ein vedvarande sidehandling i fleire av Marvel Studios filmar har dreia seg rundt leitinga etter «evigheitssteinane» (infinity stones), fem kosmiske edlesteinar som samla gir eigaren suveren makt over heile universet. I bakgrunnen luska titanen Thanos heile tida rundt, ofte omtala, nokre gonger sett.

Når denne filmen begynner, har han intensivert jakta på edlesteinane, og Marvel-heltar  både på jorda – Avengers og Dr. Strange – og ute i verdsrommet – Guardians of the Galaxy og Thor – blir direkte involvert. Eit større antal superheltar enn nokon gong før, i alle fall i ein film, må stå samen mot trusselen. Dette er handlinga i IW, enklast mogelege samanfatta. Filmen er oppkalla etter miniserien The Infinity War (1991), men tek også viktig og direkte inspirasjon frå forgjengaren The Infinity Gauntlet (1992).

F.v. Spider-Man (Tom Holland), Iron Man (Robert Downey jr.), Drax (Dave Bautista), Star-Lord (Chris Pratt)) og Mantis (Pom Klementieff)

Når så mange superheltar, mange som elles prøver å stå litt på eigne bein, er samla i ein film, verkar det uunngåeleg at resultatet blir overlessa. Alt som skjer er viktig og alvorleg, overalt er det spoilerar,  Nokre meir humoristiske augneblink, særleg influert av Guardians-regissør James Gunn, er stort sett dei einaste pustepausane ein får. Men den velkjende Marvel-humoren til tross, IW er langt mørkare enn studioets tidlegare filmar, og sjåaren kjem tidsnok til å oppdage kvifor det var ei nødvendigheit. At alt som skjer verkar viktig, betyr rett nok ikkje at alle rollene er viktige. Å samle så mange figurar er eit puslespel. Nokre har som venta ei framtredande rolle, andre har ein signifikans som vil overraske deg. Og andre igjen hadde strengt tatt ingen grunn til å vere der, anna enn fordi dei høyrer med, liksom.

Spider-Man (Tom Holland)

IW ein film med fleire overraskingar, men dei som finst er meir positive enn negative. Den suverent viktigaste er Thanos. Eg hadde eigentleg ikkje trua på denne figuren, og gjekk heile tida ut frå at han berre var ei naudløysing som Marvel Studios tydde til mens dei venta og håpa på å få tilbake filmrettane til sine verkelege «førstebossar», Dr. Doom og Galactus. Så viser det seg at dei likevel hadde en ordentlig plan med figuren, ein som Josh Brolin er i stand til å spele ut med overtyding.

Ideen med evigheitssteinane – kva dei kan gjere, og deira blotte eksistens – verkar framleis veldig kunstig. Konseptet er ein deus ex machina, same korleis ein snur og vender på det.

Thanos (Josh Brolin)

Meir interessant er Thanos’ motivasjon (som skil seg frå den han hadde i Infinity Gauntlet). Dei mest underhaldande skurkane er dei som koser seg med sin eigen vondskap. Men dei mest interessante skurkane er dei som trur at dei sjølv er dei største av alle idealistar. Film-Thanos høyrer til den siste kategorien. Han vil bli herre over liv og død, men bruker eit ekstremistisk logisk resonnement, rett nok kombinert med tunnelsyn, for å overtyde seg sjølv om at dette er til beste for heile universet. Dermed framstår han som kompleks, men samstundes også som lett å hate – Ein heldig kombinasjon for skurken i stykket

Som vanleg er det greitt å seie noko om sluttscenen. Filmen har ingen såkalla «mid credit scene», dvs. ein scene som kjem etter hovudtekstane, men før rulleteksten. Du må vente heilt til slutten viss du vil ha bonusscenen. Men den er verdt det; den gir ein viktig peikepinn.

Thor (Chris Hemsworth) og Rocket Racoon

Er IW Marvels Studios’ beste film? Nei, ikkje heilt, sjølv om den kjem nærme. Og grunnen er at filmen gjer seg sjølv litt for avhengig av sjokkeffekten. Det finst djupne i historia, men opplevinga av å sjå dette kan best samanliknast med eit veldig vellukka besøk på ein temapark. På slutten av dagen er det dei heftige turane og det konstante suget i magen du hugsar meir enn noko anna.

Avengers: Infinity War er to og ein halv time lang. Den kjennest mykje kortare. Og det er den beste komplimenten eg kan gi den.

 

Avengers: Infinity War
USA 2018
Basert på teikneseriar skapt av Stan Lee, Jack Kirby, Steve Ditko, Jim Starlin m.fl.
Regi: Anthony og Joe Russo
Manus: Christopher Markus og Stephen McFeely, fritt etter Marvel Comics’ «Infinity»-miniseriar av Jim Starlin.
Skodespelarar: Robert Downey jr. (Tony Stark / Iron Man), Josh Brolin (Thanos), Chris Evans (Steve Rogers), Paul Bettany (Vision), Benedict Cumberbatch (Dr. Stephen Strange), Tom Holland (Peter Parker / Spider-Man), Chris Hemsworth (Thor), Mark Ruffalo (Bruce Banner), Chris Pratt (Peter Quill / Star-Lord), Zoe Saldana (Gamora), Chadwick Boseman (T’Challa / Black Panther)
Speletid: 2 t. 30 min.
Aldersgrense: 12 år
Norsk premiere: 25. april

 

Under vignetten «Synergi» tek vi for oss eksempler på korleis teikneseriar påverkar andre medier.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *