Her er finalistane

Og dette sa Serienett om dei nominerte til Årets Tegneserie 2020

Dunce (bok 1) – Lut og kaldt vatn av Jens K. Styve
«Iblant spekulerer eg på om Dunce nokon gong vil bli føreseieleg. Så langt er det ingen ting som tyder på det. (…) Vegen blir til mens ein går.  Enkle grep, men kanskje nettopp derfor har Dunce eit uttrykk som er nært unikt innan norske stripeseriar. «

Sult av Martin Ernstsen, etter Knut Hamsun
«Viktigast er at serieskaparen lukkast med å atterskape hovudpersonens personlegdom, og forsterke denne, gjennom over 200 sider med konstant variasjon og framovertenking i oppbygginga av ein teikneserieroman. (…) Martin Ernstsens «Sult» er, som Knud Pedersen sjølv, samansett, uføreseieleg og ustadig, og inviterer oss til å oppdage stadig fleire lag.»  

Tegnehanne – Ikke tenk på meg av Hanne Sigbjørnsen
«Utleveringsevna er større enn nokon sinne. Og ein får aldri inntrykk av at dette fell henne lett, for Hannes skamkjensle er noko ho tydeleggjer til fulle. Men skriv du dagbok, så skriv du dagbok.»

Kebbelife av Mette Hellenes
«Hellenes´ harselas fra de fire siste årene er så poengtert og presis at det i stor grad går an å skjønne hva de ulike stripene refererer til. Humoren i stripene holder seg attpåtil godt, trolig fordi den som hovedregel alltid er vulgær og slem. Ikke siden Steffen Kvernelands Amputerte klassikere i Dagbladet har det vært like mange forstyrrede karikaturer og skitne tegninger på trykk i norske aviser. «

Slyngel de luxe av Steffen Kverneland
«Boka er ikkje berre ei gullgruve for Kverneland-komplettistar, som der sikert finnast ein del av der ute, men eit veldig godt samansett innblikk i utviklinga av Kverneland som teiknar og forfattar og den presenterer oss for ein fascinerande og engasjerande versjon av teikneseriekarakteren «Steffen Kverneland».» 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *