Dette er ei tverrpolitisk sak, seier arkitekt Arild Eriksen om sitt engasjement for dyrking av nyttevekstar i offentlege rom. Før helga var han og serieskapar Esben S. Titland i Bergen for å promotere boka «Byens bønder».
I juni har Arild lansert sakprosateikneserien «Byen bønder» om urbant landbruk. Boka vil både opplyse og oppmuntre til utnytting av moglegheitene for dyrking av mat i det offentlege byrommet. Den blei først lansert på Oslo Litteraturhus 2. juni, og deretter på Bergen Litteraturhus den 22. same månaden. Med eit opplag på 500 har ikkje «Byens Bønder» den vidaste distribusjonen, men den er på Tronsmo si bestseljarliste. Utgjevaren er Fagbokforlaget, som vanlegvis ikkje publiserer teikneseriar. Arild var også i kontakt med mellom andre No Comprendo Press.
Arkitekten nemnar Joe Sacco og Guy Delisle som inspirasjonskjelder. Dei fortel om det dei sjølve har opplevd, forklarar han, og mykje i denne boka følast opplevd, særleg gruppedynamikken i møte med det offentlege.
Arild har bakgrunn frå Bergensområdet, nærmare bestemt Askøy, men sidan 2005 har han budd i Oslo. Det var dårleg med arkitektjobbar i Bergen då eg fullførte ariktektutdanninga, fortel han. I dag har han planar om å gjere noko med det. Firmaet hans er i ferd med å opprette ein avdeling i Bergen
Ved hjelp av pengar frå eit forskingsprosjekt tilsett hans Esben i ein 50 % stilling for å teikne «Byens Bønder». Litt uvanleg for ein serieskapar gjorde Esben teiknejobben på eit arkitektkontor heller enn i eige studio, og innleiingsvis i teikneserien kan ein også sjå korleis serieskaparen illustrerer at han sit og teiknar medan han er i samtale med Arild. Esben, som framleis jobbar på «gamlemåten» med blyant og papir, har også skrive boka, men med mange innspel frå Arild Eriksen og arkitekt hos Fragment, Thea Chronie de Maria. Esben skreiv ikkje fullt manus på førehand, men skreiv og teikna om ein annan, og lot forteljinga bli til undervegs. Serieskaparen var ikkje framand med tematikken; har sjølv vakse opp på gard.
Esben S. Titland og Arild Eriksen har også tidlegare samarbeida om kampanjeteikneseriar. Med teksthjelp av Joakim Skaajaa laga dei infotainment-heftet heftet «Tett, ikke trengt» om bufellesskap. Denne vann Gullblyanten (Kreativt Forums pris for kreativitet og nytenking i reklamebransjen). Elles er Esben nok framleis best kjent for si korte innføring i Thomas Pikettys samfunnsøkonomiske teori med teikneserien «Piketty på 1-2-3 – kapitalen i det 21. århundret tegnet og forklart» (Manifest, 2014).
Forfattarane uttrykte på Bergen Litteraturhus sist torsdag kveld ei viss optimisme om framtida for norsk jordbrukskultur. Ungdom blir fortalde at det det å bli bonde er eit tapsprosjekt, men vi ser ei stor oppvakning der folk har fått augo opp for lokal kvalitet, påpeiker Arild. I Oslo er det lang venteliste for å få parsellhage. Å jobbe med noko kreativt som dette har verdi i seg sjølv. Det er ei tverrpolitisk sak, meiner han, og han vil ha stat og kommune på banen.
Øvst: F.v. Esben S. Titland og Arild Eriksen i Boksalongen på Bergen Litteraturhus torsdag kveld. Fotografi av Trond Sätre
Les også:
Uti vår hage