Nielsen til OCX

Christopher Nielsen, som vann Oslo bys kulturpris i mars, og utga serieantologien Weltschmerz 10b i haust, er hovudgjest på årets OCX

Andre sentrale namn på gjestelista er Moa Romanova, Børge Lund, Rikke Villadsen, Johanna Maierski, og Erlend Peder Kvam, opplyser festivalsjef Berit Petersheim til Serienett.

Moa Romanova har også tidlegare vore på OCX, som ein del av den svenske kontingenten i 2019, då ho var aktuell med debutboka, den sjølvbiografiske «Alltid fucka upp» (utgjeve av Fantagraphics under tittelen «Goblin Girl»).  

Danske Rikke Villandsen debuterte med teikneserieromanen «Ind fra havet» i 2011, medan hennar mest kjente internasjonale verk er «Tuberculosis 2020», ei blanding av tablå og teikneseriar inspirert av Munch, og den alternative westernserien «Cowboy», som er utgjeve av Fantagraphics.

Børge Lund kjem moglegvis til å snakke om den kommande live action Lunch-serien. Johanna Maierski driver risograf-trykkeriet Colorama i Berlin. Illustratør og serieskapar Erlend Peder Kvam har bakgrunn frå Narves1biblioteket, ein kjent institusjon for OCX-gjengarar. Han har gitt ut dei internasjonale publikasjonane «Drawings of People with Signs» og «Fiscal Cliff»

Programmet utanom Deichmanske Grønland er litt ymse. Som vanleg blir det 24H Challenge tidlegare i veka, Grafill Tegneserier skal ha fagdag, og det blir ei festivalutstilling som i år har fått namnet «Opp av skuffen!». Dette må sjåast i samanhengen med årets festivalavis, som til liks med fjorårets er ei blanding av programhefte og teikneserieantologi. I år er innhaldet eit kuratert utval av teikneserieskaparar som bidreg med seriar dei har hatt i skuffen (bokstaveleg tala eller i overført tyding) og som aldri har blitt vist fram tidlegare. Espen Friberg har det visuelle og grafiske ansvaret. I Bjørvika blir det kinovising av filmen «Cryptozoo», skrive og regissert av teikneserieskapar Dash Shaw.

På sjølve festivalen blir det også som vanleg utdeling av prisen «Årets Tegneserie». Kandidatane er i skrivande stund ikkje offentleggjort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *