Slik fekk eg Domino til Norge

I etterkant av Raptus held Serix’ podcastpanel fram med å drøfte festivalgjestene, i tillegg til haustens teikneserienyheiter, sjølvsagt.

Høyr sendinga her
Spotify

Eit panel beståande av Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre følgjer  opp samtalen om Raptus-gjestene med ein diskusjon om Torunn Grønbekk. Arild Wærness fortel om korleis han fekk ei Marvel-heltinne som han ikkje ein gong kjente til Norge.

Vi minnest Therese G. Eide sine koronateikningar nå som dei er samla, og samanliknar med Maja Lundes tilsvarande bok. Kva gjer Therese så god? Alle panelemedlemmer har svara klar.    

Til liks med Jens K. Styve har Therese gjort stort comeback innan teikneseriane, og skapt noko som «alle « vil ha. Styve vann som kjent Sproingprisen for beste norske teikneserie, og det er fortent, men panelet etterlyser likevel nye nominasjonsregler for prisen.  

Outlands minifestival blir gjennomgått, før det er på tide å sjå litt til haustens mange nye publikasjonar, både dei som allereie er ute, og dei kommande. Panelet er innom SideQuest, Pondus – Hey Nineteen, Solruns Saga, Kollektivet – Fulle Mugger, Lars Fiskes Mitt Liv Som Tegning, Jenny Jordahls Hva Skjedde Egentlig Med Deg, Miso, antologien Troll i Ord, Sigbjørn Lilleengs Inntrenger, Aukrust i 100, Knøttene – Det beste fra 1960-1969 med ny omsetjing av Knut Nærum, Anja Dahles Marbakken, Elastico og omsider den etterlengta Gulosten del 2.

(Øvst: Utsnitt frå Domino vol. 3, #7)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *