Brynjer, sverd og slott

I årets andre SeriX-podcast ser vi tilbake til Raptus 2014 og eit intervju med Prins Valiant-teiknar Thomas Yeates.

Høyr sendinga her.

-Eg har alltid gjort det «middelalderske»,seier Yeates og trekk fram «brynjer, sverd og slott» som nøkkelord for seriane sine. 1. april 2012 tok han over teiknearbeidet på Prins Valiant, med manus av Mark Schultz. Litt meir presist har klassiske eventyrheltar alltid vore ein spesialitet for han, og opp gjennom åra har han teikna både Zorro (striper), Tarzan (Malibu, Dark Horse) og Conan (Dark Horse). Då han teikna Swamp Thing på 80-talet, la han også inn ein cameo av Prins Valiant i ei rute (Swamp Thing vol. 2, # 87, bildet under)

I 2014 var han gjest på Raptusfestivalen, der han blei intervjua av Knut Robert Knutsen. I dette opptaket er 13 minuttar med «etterintervju» lagt til, då Knut  ville dekkje ein del som dei ikkje rakk over i publikumssamtalen.

Åtvaring: Denne siste delen av intervjuet har ein del bakgrunnsstøy. Sjølv om lyden har blitt justert, er delar framleis veldig forstyrra av støy. Dette kunne nok vore kutta, men vi meiner at det interessant nok til å halde på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.