Eg trur på sosial rettferd, gjer ikkje du?

Ein polemikk om tull-preik i teikneseriar. 


«Every man has the right to an opinion but no man has a right to be wrong in his facts. Nor, above all, to persist in errors as to facts.»   – Bernard Baruch

Der er for mykje tull-preik om politikk no på Serienett si Facebook-gruppe. Forskjellige meiningar om politikk er sjølvsagt OK, men eg har sett meg lei på at folk kjem med ekstreme påstandar som ikkje har rot i røynda.  Eg ber difor folk om å reflektere over kva dei seier og kor trygge dei er på at det er sant. Viss ein berre vil snakke skit om politikk så er der mange andre plassar ein kan gjere det.  Gruppa handlar om teikneseriar og viss ein absolutt skal dra politikk inn i det så bør det vere relevant og fakta-basert.

Så kva er det folk kavar seg opp over?

Over dei siste åra (vel lenger enn det, men meir tydeleg i det siste tiåret) så har andleta og identitetane til dei vi ser i amerikansk underhaldning endra seg. Andre land òg, men sidan det meste vi ser på TV og film, leser og får med oss av utanlandske nyhende kjem derifrå så er det USA som påverkar oss mest.

Ein får fleire nyansar av hudfarge enn «kvit» og «kvit, men eg har sola meg», og heile spekteret av LGBTIAQ+ identitetar (LHBTIQ+ på norsk).

I tillegg så vert frontane politisk hardare og hardare og meir ekstreme og på eit tidspunkt så sluttar enkelte grupper på kvar side å forholde seg til fakta. Ein legger ikkje lenger godviljen til, ein ignorerer samanhengar og kjem med direkte lygner.

Dette har spreidd seg til debatten om amerikanske teikneseriar, og no får vi den her i Noreg med uttværa og mis-leiande «talking points» og lite respekt for fakta. Dette er eit problem for diskusjonen i gruppa. Der skal vere tak-høgde for politiske skilnader, men ingen har rett på «personlege fakta». Nokon ting er så langt frå fakta at dei berre kan kallast lygn.

Det er ikkje alltid folk er klar over at dei lyger, men eg ser slik på det: Anten veit dei at dei lyger eller så lyger dei om at dei veit kva dei snakkar om.  Det er slitsamt, polariserande og øydelegg for diskusjonen.

Sjølv er eg sosialdemokrat og ateist, men eg synast J.K. Rowling er OK, så eg hamnar litt mellom to stolar. Eg ser det at i eit forsøk på å vere medveten om mitt eige standpunkt samstundes som eg prøver å vere politisk nøytral i forhold til å gripe inn som administrator, så har eg kanskje vore litt for treg med å ta tak i tull-preik frå den politiske høgresida. Å vere for slepphendt er like feil som å vere for streng.

Mykje av det som folk henger seg opp i er det som kallast «Kritisk Teori». Det er ein teoretisk forklaringsmodell som hjelper med å vise til korleis ein i samfunnet, historieskriving, litteratur, lovverk, religion  med meir, undertrykker og dytter til side «den Andre», dei som er «Annleis». Eg studerte dette som hovudfagsstudent ved Engelsk Institutt i Bergen, saman med naturvernlitteratur, kvinnerørslehistorie, mannlege edwardianske feministar og diverse. Desse teoriane er viktige for å forstå privilegia og kjempe imot undertrykking. Men det er òg eit kritisk språk som kan misbrukast, og som vert misbrukt i omstende der det er skilt frå samanheng og fakta.

Som alle verkty så gjelder det å bruke det med vett. Å berre gå utifrå at det er tull fordi ein ikkje likar resultata, og ikkje gidder å setje seg inn i det, er ikkje særleg smart det heller. Det er framleis i bruk fordi det virkar.

Så til noko av det som har vore på Facebook-gruppa den siste tida:

Der var ein kontrovers fordi den venstre-politiske aktivisten og teikneserieforfattaren Ta-Nehisi Coates i eit bilete i Captain America # 28  illustrerte Red Skull sine rekruttering-taktikkar med uttrykket «10 rules for life» som speglar på Jordan Peterson si sjølvhjelp-bok «12 rules for life».

I tillegg så var der eksempel på nazistiske ideologipunkt og ein diskusjon om Red Skull sine nazisme-baserte rekruttering-teknikkar som enkelte meinte refererte til Peterson. Dei oversåg kanskje det problematiske i at det som tydeleg refererte til nazismen kunne tolkast av dei som om det refererte til Peterson,

Legger ein godviljen til så handlar eksempelet frå teikneserien ikkje om at Peterson er ein nazist, men at hans sjølvhjelp-bok er ei av dei mest kjende, og det beste eksempelet for å illustrere at Red Skull nytta sjølvhjelps-taktikkar til rekruttering.  Men då må ein vise godvilje. Berre Coates sitt namn på omslaget kan gjere at det ikkje skjer. Han vert sett på som ein representant for «identitets-politikk» som for nokon gjer han til fienden uansett.

Eg har lese meg ein del opp på Jordan Peterson, men ærleg tala så tok det ikkje meir enn 5 minutt av ein video-snutt med han sjølv å sjå at han er ein fagidiot på linje med Sheldon Cooper i Big Bang Theory. Ein kar som trur at fordi han har meistra eitt emne, så kan han meistre mange  andre emne  ovanfrå og ned i staden for frå botnen og opp. Det fungerer ikkje. Eg har delvis hamna i same fella sjølv minst ein gong, men kome meg ut av det.

Peterson gøymer seg bak tåkepreik med store ord,  innfløkte setningar og personlege definisjonar av ord (som »sanning») som er totalt ubrukelege for diskusjon for å skjule at han er fundamentalt uvitande om dei felta utanfor sitt fag som  han er berømt for å snakke om (eg har sett mange tydlege eksempel berre ved ein enkel gjennomgang innan religion, mytologi, historie, litteratur og kritisk teori) .

Peterson hevdar til dømes at han har studert nazisme i 40 år, men det er tydeleg at han berre har overflatisk kjennskap til nazismen sin ideologi. 

Eg kan skjøne at Peterson vert indignert over å verte samanlikna med Hitler. Kven vert ikkje det? Eg har sjølv som ateist og sosialist blitt samanlikna med Hitler, det går vel ikkje ein dag utan at folk på høgresida drar den.  Men sidan eg faktisk har lese «Mein Kampf» så veit eg at det er absolutt usant. Det er det direkte motsette av sanninga. Hitler såg på ateistar og sosialistar som undermenneske som måtte utryddast.  

Det er klart det tærer for Peterson å verte samanlikna med nazistar. Det veit eg som sagt av erfaring. Samstundes er han ein mann som lempar sosialdemokratar inn med stalinistiske kommunistar, nyttar det hatefulle omgrepet «kulturmarxist» om meiningsmotstandarar og seier at ateistar er utan moralske reglar som hindrar dei i å myrde og voldta. Så for han å verte indignert når nokon dytter han lenger mot høgre, er dobbeltmoral og hykleri, og det same gjelder for dei som er indignerte på hans vegne. 

Du kan ikkje slenge skit etter folk heile tida og så begynne å grine fordi nokon banna til deg utan at folk lurar på kva som er gale med deg.

Det er jo ingen som faktisk meiner at han talar til fordel for dei mest ekstreme tinga som at rasemord er eit moralsk imperativ. Det som gjer kritikarar mistenksame er at Peterson hevdar å vere ekspert på nazistar, samstundes som han snakkar varmt om idear som er omtrentleg av same type som kjerneideane til nazistane og når dei ber om presisering for å få betre innblikk i korleis det han meiner skil seg frå nazismen, så vert han unnavikande, indignert og til tider direkte sint.

Eg trur rett og slett ikkje at Peterson veit nok om nazisme til å sjå dei likskapane som meir kunnskapsrike kritikarar, hovudsakleg på venstresida, ser. Og han har ikkje sjølvinnsikt nok til å sjå at hans unnavikande oppførsel gir inntrykk av at han prøver å skjule noko. Eg trur ikkje noko på at Peterson er nazist. Eg trur nazistar ser på det han seier og kjenner seg att og Peterson forstår ikkje det.

Eg brukar ikkje så mykje tid på Peterson fordi han i seg sjølv er viktig, men fordi han er eit perfekt eksempel på negative debatt-trekk som er det eg vil at folk skal slutte med på Serienetts Facebook-gruppe  Å nytte medlemmer av gruppa som eksempel i staden ville nok kjennast for personleg for oss alle.

Peterson legger ut om ting han ikkje har peiling på og henger folk ut som umoralske viss dei er ueinige med han. Han slenger skit etter folk men toler ikkje å få att like for like og går inn i ei offer-rolle. Han forvekslar legitim kritikk med hatske angrep og han går etter svake minoritetsgrupper utan å ha fakta i orden. Han manglar evne til sjølvinnsikt og sjølvkritikk. Eg er fullstendig klar over at enkelte «ikkje ser det slik» når det gjelder Peterson. Dei tek feil.


Vidare kjem der påstandar på amerikanske nettsider om at alt dette «diverse» (mangfald) maset øydelegg teikneseriane. Det stemmer jo ikkje, for dei gamle seriane er der enno. Og ein trenger litt meir variasjon i seriane. Er balansen alltid riktig? Kanskje ikkje. Vert enkelte karakterar endra til det ugjenkjennelege? Ja. Men det er ikkje av vond vilje, og oftast ikkje permanent

Eldre kvite menn (som meg) som har samla teikneseriar i 20-60 år har framleis nok kjøpekraft til at forlag vil lage seriar retta mot oss. Det må kunne gå an å akseptere at forlaga prøver nye ting sjølv om dei ikkje er for «oss». Sjølv om dei er for minoritetar som tidlegare ikkje har vore så synlege i seriar. Forlaga forlet oss ikkje på lang sikt så lenge vi har pengar. 

Lat oss heller ikkje late som om det faktum at desse minoritetane har vore nesten usynlege hittil kun har vore baserte på serieskaparane sine personlege, frie avgjerder. Historia seier noko heilt anna. Skal det vere naudsynt å peike på alle dei politikarar, pressgrupper, lover og marknadsaktørar som i åras løp har sett restriksjonar på mengda og framstillinga av minoritetar og til og med kvinner?

Dei første tiåra i teikneseriehefter i USA var dominert av jødar, katolikkar (dvs. irer og italienarar) og aust-europearar. Likevel er dei fleste heltane anglo-saksiske protestantar utifrå korleis dei vert framstilt. Det er ikkje tilfeldig. Ein skjulte seg bak masker.

Vi lever i ei omstillingsperiode der vi må verte vane med ein ny status quo og det er skremmande. Men det er naudsynt.

Der har kome mange bisarre og faktafrie påstandar om mangfald som eg rett og slett ikkje har plass til å ta tak i på skikkeleg vis her, utover det at eg meiner folk på Facebook-gruppa burde halde seg for gode til å jorta på gamle konspirasjons-teoriar og ideologisk motiverte skrøner som dei har importert frå amerikanske forum. Amerikanarane lærer ikkje det dei burde om slikt, det veit vi,  ikkje få meg til å tvile på det norske skulevesenet òg.   

Poenget mitt er dette: Vi har hatt stor tak-høgde i Serienetts Facebook-gruppa og det har gitt enkelte inntrykk av  at her kan dei sleppe til med politisk tull-preik.  Politisk tull-preik høyrer ikkje heime her, om det er frå Venstre eller Høgre, Opp eller Ned.

Fleipete men godlynt tull-preik om teikneseriar, det er OK.

Aller helst, demp temperaturen på politikken. Ta eit ekstra pust for å roe ned. Dette er ikkje kommentarfeltet til Dagbladet. Dette er ein stad der vi vil ha gode samtaler om teikneseriar.

1 tanke om “Eg trur på sosial rettferd, gjer ikkje du?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *