Med blanke ark og fargestiftar til

Er det mogeleg å reinvaske fortida, og er det eigentleg ønskeleg? Langøres sorti frå Disney-teikneseriane sitt gode selskap har satt fart i kulturdebatten.<


I vår moderne tid så har “woke” (vaken) blitt eit fyndord som høgre- og venstre-sida i politikken ivrig klaskar kvarande om øyrene med. “Woke” handla opphaveleg om å vere våken for alle dei feila, medvetne eller ikkje, som vi på eit sett har begått kollektivt som samfunn. Diskriminering på grunnlag av kjønn, klasse, rase, etnisitet, seksualitet og mykje anna, ofte nedfelt i lovar, og viss ikkje så er dei handheva av “tradisjonar” og “folkemoralen”.

Ein viss karikatur av dette har framstått, der den “vakne” venstresida i staden for å fokusere på dei store samfunnsproblema, driver og pirker i alt dei kjem over med den same entusiasmen som før i tida var reservert aldrende småborgerlege prostinner som skreiv lange lesarbrev om ufin ordbruk i ukebladene. 

Høgresida er like vrange. Dei kjeftar på at “no går det for langt”, men dei ser ikkje på korleis deira eigne kritiske røster har vore like flinke til å be om at ting stengast ned.

Akkurat no så er det tre forskjellige emner som har nådd oss her på Serienett, mest i samband med teikneseriar.

Song of the South
Teikneseriane om “Langøre”, kjente nok for dei av oss som vaks opp med Donald-bladet på 1970- og 1980-talet, har blitt tatt ut av lista for gjenopptrykk av Disney-selskapet. Ein eller annan på kontoret for teikneserie-lisenser går eg utifrå, utan at ein konkret person vert namngjeven.

Denne karakteren, “Br’er [Brother] Rabbit” på engelsk, er skuldig i å ha vore med i filmen “Song of the South” frå 1946.  Denne vert rekna som rasistisk, ikkje fordi den afro-amerikanske hovudrollen, «Remus», spela av Oscarvinnar James Baskett, vert behandla dårleg eller utsett for rasistiske kommentarar, men fordi den skjønnmalar situasjonen for tidlegare slavar som jobba på plantasjer i Sørstatane etter borgarkrigen. Viss ein ikkje er klar over samanhengen så framstår den berre som ein koseleg familiefilm, men eg skal ikkje underslå at når ein veit om samanhengen så forstår eg argumentet om at der er rasisme involvert.

Men sjølve Langøre-karakteren og Mikkel Rev og Bamse Brakar (namna i norsk omsetjing) som også er med i filmen, er òg afroamerikanske folkeeventyr frå slavetida, og ironisk nok eit “diverst” innslag, ei motvekt til det store mengda av sentraleuropeiske folkeeventyr i Disney-filmer og serier.

Like fullt så er serien tatt heilt ut av rotasjon. Kanskje fordi Disney vil vere ekstra forsiktige, kanskje fordi dei ikkje ynskjer å ta arbeidet og debatten med å skilje ut kva som ikkje vert oppfatta som rasistisk å publisere.


Bombie the Zombie
Don Rosa offentleggjorde for nokre dagar sidan at Carl Barks karakteren “Bombie the Zombie” er tatt ut av rotasjon. Det handlar om Barks-historia der han først dukkar opp, «Voodoo Hoodoo», og Don Rosa-historiane han er med i, inkludert to sentrale kapittel av “Skrues Liv og Levnet”.

Igjen så er det nok slik at den opphavelege historia til Barks er “eit produkt av si tid” som det heiter når ein ser krenkande stereotyper av afrikanske landsbyboere som naive og overtruiske.  Ikkje ondsinna meint, vil eg tru, men det glipper nok ut ein “auda” her og der når ein leser den med moderne auge, og eg veit ikkje korleis ein ville tatt det om ein var av afrikansk opphav sjølv.

Don Rosa si historie har eg ikkje opplevd som like problematisk i så måte, men den eine tingen smittar av på den andre i den offentlege samtalen, så her er ein vel forsiktig att.

At ein ikkje vil at barn uforvarande skal lese slike ting og plukke opp fordommar, det kan eg skjøne, men ein del av dette er ikkje meint for barn men vaksne, spesielt i meir prestisjepregar utgivinger.

Det triste er at akkurat denne historia kjenneteikner Skrue McDuck på sitt verste, både hos Barks og Rosa. Dette er det punktet der Skrue bryter til og med sine eigne etiske standardar, og svindlar ein eigedom frå afrikanske landsbyfolk.  Når ein lokal magikar så sender zombien Bombi etter Skrue så er dette både metaforisk og bokstaveleg ei hending som forfølger Skrue resten av livet. Skrue er den som kjem verst ut av situasjonen.

Når ein tek denne historia ut av rotasjon fordi den har uakseptable rasemessige stereotyper, så “reinvaskar” ein samstundes Onkel Skrue, og dekker over det verste han nokonsinne har gjort. Så ein kan spørje seg om ein faktisk oppnår det ein ynskjer.


Roald Dahl
Forlaget Puffin, som utgir Roald Dahl i Storbritannia og står for kjerneversjonen av verka, grunnlaget for til dømes den norske omsetjinga, har i samarbeid med Dahl sin ansvarlege arving godkjent nye endringar i historiane. Sidan den ansvarlege representanten for Dahl-familien er med på det, kjem ein på eit vis rundt spørsmålet om “ideelle rettigheiter” så lenge Dahl ikkje sjølv la ned andre føringar før han gjekk bort.

I si levetid, fram til 1990, så fekk Roald Dahl ein del tilbakemeldingar om rasemessig uakseptabelt språk og liknande, som han tok til rette med og fekk fiksa i si levetid (umpa-lumpanene blei gjort kvite, og opphavet deira blei endra frå Afrika til «Lumpaland»), så det er nok mogeleg at han ville ha vore lydhør for liknande ting som han ikkje var heilt medveten om den gongen.

Men eg tvilar på at det gjelder her. Ein snakkar ofte om at «ord som dette var akseptable når Roald Dahl skreiv dei» (men ikkje no), men poenget er det motsette. Her snakkar ein om ord som “feit” og “tjukk” og “stygg” og slikt, brukt om fæle og ufordragelege vaksne, og ein del born. 

Det var absolutt fy-ord dette, når Roald Dahl skreiv dei, spesielt for barn. Poenget med Dahl sine barnebøker var ikkje at dei var «trygge» og hadde eit «snilt» språk, men at dei kryssa grenser og lot barn få bruke stygge ord om fæle vaksne og folk som oppførte seg stygt, til og med slemme barn. Det var absolutt ikkje greit før i tida å seie at folk var stygge, eller ekle eller feite, eller grådige, uansett kor slemme dei var.

Barn veit kva stygge ord er, men Roald Dahl viste dei korleis dei kunne brukast på ein trygg måte, ikkje MOT barna. men til å sette ord på ting som plaga dei. Dahl viste barn fæle vaksne og viste at det var greit å ikkje stole på dei, å seie kor fæle dei var sjølv om ein måtte bruke stygge ord, han gjorde narr av fæle vaksne for å ta makta ifrå dei. Alt dette handla om å lære barn å handtere kompliserte kjensler, å tillate dei å vere redde og sinte og sette ord på kjenslene sine. Det får ein ikkje til ved å file ned alle skarpe kantar i språket.

Eg skjønner at desse kjenslevare «Sensitivity readers» TRUR at det dei gjer er det pedagogisk riktige og til det beste for barna og samfunnet, men det er faktisk det motsette.

Den bodskapen desse «reinvaska» bøkene sender er at barn ikkje må bruke ufine ord, dei må ikkje seie ufine ting, sjølv om fæle folk, dei må ikkje protestere, dei må ikkje sette ord på dei fæle og kompliserte kjenslene. Dei må berre smile, takke fint og vere blide i målet for alt anna er slemt og uakseptabelt.

Det er ein grunn til at Roald Dahl og andre sentrale, populære og respekterte barnebokforfattarar ofte skriver om ugreie ting og bruker eit ufint språk. Ein vil hjelpe ungane med å utvikle si eiga stemme, si sine meiningar og snakke om dei fæle tinga utan å verte pressa til taushet av frykt for autoritetar. Dette var status quo før verda fekk Roald Dahl og andre barnebokforfattarar av den generasjonen. Frykt for autoriteter.

Folkeeventyr hadde alltid vore grovkorna, valdelege, blodige og fulle av skumle ting, men dei vart sett ned på. Barn skulle forast med høgverdige ting, feil språk skulle slåast ned på, det var kulturelle normer nedsatt av ein utdanna og rik overklasse og eit nærast puritansk presteskap som dikterte at ting skulle teiast i hel.

Det som «reinvaska» barnebøker gjer, er å fostre ein kultur som vi medvete har prøvd å legge bak oss, der barn må teie om ugreie ting, der barn ikkje får motseie vaksne eller bruke «stygge» ord. Det er ikkje «progressivt» men reaksjonært, og vi må snakke om det.

Sjølvsagt må vi ha ein diskusjon der vi tek høgde for at vi tidlegare har tillatt oppførsel og uttrykk som handla meir om å trykke folk ned enn om å prøve å fortelje ærlege historier. Men vi bør òg ha ein viss skepsis til forsøk på å “reinvaske” fortida, utan at vi samstundes reflekterer over kva det eigentleg er vi oppnår. Ofte så handlar “reinvasking” om å fjerne konfliktar som ligger i teksten, fordi det som vert omtalt er støtande, men kanskje desse bør vere med likevel, nettopp fordi dei er støtande?


Teikneserier og populærkultur har ei lang og innfløkt historie der politikarar, foreldregrupper og diverse andre prøver å innføre sensur eller berre vil verte kvitt materiale ein ikkje likar. Akkurat no så handlar den offentlege samtalen mest om reinvasking av tekst i samband med “venstrepolitiske” områder som mobbing av utsjånad, hets av seksualitet, rasisme og slikt. Ein skal ikkje gå langt attende før ein har høgresida og då helst kristen-konservative som snakkar om hekser, avgudar, satanisme og ein “homoseksuell agenda” og liknande som ein måtte redde ungane frå med meir Jesus.

I begge tilfeller så handlar det om at ein ytrar omtanke for ein tenkt person som kan verte “skada” av orda. Oftast er dette prega av ei viss ideologisk retning, men i historisk sett så har dette aldri fungert bra.

Vi har framleis ordet “bowdlerize” i tydinga “Verk der ein har redigert vekk støtande materiale” etter Thomas Bowdler som “fiksa” Shakespeare for 200 år sidan. Framleis er det slik at ein nyttar omgrepet “bowdlerized” for å uttrykke utilslørt forakt for ei utgåve. Forakt, ikkje respekt for at nokon tok seg bryet med å beskytte dei stakkars lesarane.

Sjølv om den generasjonen ein er i omfamnar endringane, så kan ein ofte sjå at seinare generasjonar vert arge over dei, for slike endringar seier like mykje eller meir om tida sine rådande fordommer enn den originale versjonen.

Eit klassisk eksempel frå fransk-belgiske serier, som i alle fall mange på min alder vaks opp med, er den påfallande mangelen på kvinner i serier som Tintin og Sprint etc. Ikkje berre mangel på sterke og interessante kvinner, men kvinner generelt sett. Når desse seriane kom ut så måtte ofte innhaldet i seriane godkjennast moralsk av strenge katolske prestar som syntes det var upassande å vise kvinner og menn i sosialt samvær.


I dag vert desse same seriane gjerne karakterisert som til dels kvinnefiendtlege og til dels “queer-coded” (dvs. med antydningar om at karakterer kan vere homoseksuelle). Ein ignorerer sensuren dei vert produsert under, og tek dette til inntekt for serieskaparane sine eigne haldningar.

Dette er noko av problemet med “sensur”, “førehandsgodkjenning”  eller “kjenslevar lesing” av tekst, spesielt når forfatteren ikkje har høve til å seie “eg høyrer kva du seier, men vil gjere det slik likevel”.  Ein legger ned ei føring som ikkje er forfattaren si, ei føring som er eksplisitt ideologisk av natur. Ein kan vere samd eller usamd i ideologien, men ein kan vanskeleg hevde at desse inngrepa ikkje av natur er ideologiske.

Bør vi vere påpasselege overfor det at mange av fortidas bøker, teikneserier og andre kulturprodukt har støtande eller i nokre tilfeller direkte forkasteleg innhald? Sjølvsagt. Bør slike tekstar i enkelte tilfeller redigerast i, i alle høve viss dei tvilsame delane ikkje er sentrale? Kanskje.

Bør vi gøyme all litteratur med tvilsamt innhald vekk frå alle som kunne tenke seg å lese dei? Isj. Der vert det vanskeleg. Ingen skal vere nøydde til å bruke pengar på å trykke opp ting dei ikkje står for, eller la ting publiserast under eins namn eller varemerke som ein ikkje lenger vil vedkjenne seg, men at ting vert heilt utilgjengeleg? Det vert tungt.

Det som eg trur er viktigast er at vi tek samtalen om kva det er som ein meiner er “feil” med tekster før ein gjer for stor inngripen i dei. Eg stolar ikkje alltid på at endringane faktisk er til det betre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *