Belgia lokkar teikneseriefansen

Midt i Europas hovudstad, blant Nato-hovudkvarteret og Europakommisjonen, ligg eit slags hovudsete for belgisk teikneseriehistorie, Musée de la Bande Dessinee.

Alle fotografier av Anne Elisabeth Kaldhol.

På min veg gjennom Europa på (tog)skinner, gjekk turen innom Brussel. Belgia er eit land fullt av teikneserieskaparar (rundt 700 stykker) og har den største tettheita av teikneserieskaparar per kvadratkilometer per land i verda.1 I byen gjekk eg forbi fleire store veggmåleri med teikneseriekarakterar, som Tintin, kaptein Haddock og hunden Terry (Hergé), Le Scorpion (Stephen Desberg og Enrico Marini) og Les crocodiles (Thomas Mathieu).

Teikneseriemuseet “Musée de la Bande Dessinee (BD)” blei eit høgdepunkt i ferien. Museet ligg sentralt i sentrum av Brussel, kun ein kort gåtur frå Grand-Place. Bande Dessinee er fransk for teikneserie.

Museets minnesmerke over Hergé

Institusjonen blei oppretta i 1989 som eit museum for belgiske teikneseriar og teikneserieskaparar.  Ideen var å dedikere eit museum til Tintins skapar, Hergé, men han føreslo at ein heller burde opprette eit museum for belgisk teikneseriekunst generelt. Og som sagt så gjort, museet opna dørene nokre år etter Hergés død, men mannen er sjølvsagt godt representert i samlinga.

Seinare har det for øvrig blitt oppretta eit eige museum for Hergé, som opna i 2009.

Teikneseriemuseet ligg i ein gamal bygning frå 1906. Den er i art deco-stil og gir ei historisk ramme rundt utstillingane.

Museet har både faste og midlertidige utstillingar. Den første faste utstillinga ein møter, handlar om teikneseriens historie, med historiske døme som karikaturteikningar frå 1800-talet og “Lille Nemo i slumreland/ Little Nemo in Slumberland” av Winsor McCay.  Ein er altså innom amerikansk teikneseriehistorie også.

Vidare i utstillinga visast det fram fleire døme på moderne belgiske teikneseriar, til døme som “Boerke” av Pieter De Poortere. Han har mange striper utstilt i eit eige rom. Mange av ideane hans har blitt filmatisert som teiknefilm og dei blir vist fram same stad. 

Belgisk teikneseriehistorie i komprimert form

Ein veldig spennande del, tykkjer eg, var ei større utstilling der det blir presentert korleis ein lagar ein teikneserie, heilt frå frå idé og skissestadiet gjennom alt til ferdig produsert arbeid. Mange ulike teikneserieskaparar var representert i utstillinga.

Opp ei etasje var ei stor utstilling dedikert til 100 år med belgiske teikneserieskaparar. Her var ein del kjente namn og (for meg) endå fleire ukjente. Ein kunne lære om både den historiske utviklinga av teikneserien i Belgia, og korleis ulike serieskaparar fekk sin sjanse. Om korleis Hergé starta opp, og dei mange talentfulle teikneserieskaparane som kom etter han, om bladet Spirou som ei drivande kraft for utviklinga av nye talent, og heilt fram til dagens nye talent. Vidare hadde eit utval sentrale belgiske teikneseriar ein kunne setje seg ned for å lese i på slutten.

Livre-objet

Musée de la BD har fleire midlertidige utstillingar gjennom året. Medan Serienetts utsending var på besøk, var det mellom anna ei flott utstilling om livre-objet.

“Livre-objet” er eit fransk uttrykk for ei illustrert bok som er noko meir enn berre ei bok. Den blir til noko eige, eit objekt. Dette kan vere ei teikneseriebok, ei biletebok eller noko heilt anna. Til dømes kan ein bruke fysiske utsnitt i ei bok, som norske Øyvind Torseters bok “Hullet” (2012, Cappelen Damm) som er med i utstillinga.

Eit særskilt artig objekt var “Le bandit Manchot/Den einarma banditten” av Hélène Meyssirel. Her dreg ein i ein spake for å generere ein unik teikneserie. Det fins 2774 ulike mogelege kombinasjonar.

Ei av dei andre midlertidige utstillingane handlar om Claude Renard (1946-2019). Han var, som teikneserieskapar, ikkje så kjend for eigne arbeid, men påverka svært mange framtidige kunstnarar og teikneserieskaparar gjennom sitt virke som lærar ved Atelier R på Institut Saint-Luc i Brussel.

Renards «motto» på tre språk.

Museet har også ein butikk der ein kan kjøpe teikneseriar, mest på fransk og litt på nederlandsk/flamsk og engelsk. Dei har pins, magnetar, figurar og meir som ein venter å finne i ein museumsgåvebutikk

Teikneseriemuseet har eige bibliotek, og det er gratis inngang dersom du har museumsbillett. Ein del av samlinga deira er open for alle og kan fritt lesast i fremre del av biblioteket. Samlinga består både av klassikarar og ein del nyare titlar.

Tintins «rakettkrok» på biblioteket.

Dei har eit utval med manga og.

Storparten av samlinga er på flamsk/nederlandsk og fransk, men dei har og ein del teikneseriar på mange ulike internasjonale språk. Både norsk, tsjekkisk og mange andre språk var å finne i hyllene når Serienetts utsending var innom.

Lesesalen byr på andre moglegheiter. Her er ei stor samling med over 67 000 teikneseriealbum, ei samling med tidsskrift og periodika, og ei samling bøker om teikneseriar.

Ein kan møte opp og lese av det som står i hyllene på lesesalen, eller bestille bestemte album/utgåver (avtalast på førehand). Les meir om vilkår for bruk av biblioteket her. Ein kan søke i databasen deira over alt biblioteket har tilgjengelig.

Leseeksemplar av «Zandstraal»/‘»Le Dessableur».

Museet utgir dessutan sjølv eit tospråkleg tidsskrift om teikneseriar, med tittelen ‘Zandstraal’ på nederlandsk/flamsk og ‘Le Dessableur’ på fransk. Dei to delane er like, og ein vender bladet for å bytte språk. Tidsskriftet kjem ut 4 gongar per år og ein finn meir informasjon på nettsida til teikneseriemuseet.

Musée de la Bande Dessinee har mykje å by på for teikneseriefans og er vel verdt besøket. Så viss du er innom Brussel, veit du kva som bør vere med på sightseeinglista!  

  1. Kjelde: https://www.comicscenter.net/en/about-us/in-short ↩︎

1 tanke om “Belgia lokkar teikneseriefansen

  1. Tusen takk for ein levande og inspirerande skildring av Musée de la Bande Dessinée! Artikkelen løftar fram historia, mangfaldet og sjela i belgisk teikneseriekunst på ein særs engasjerande måte. Ein fryd å lese – og eit sterkt insentiv til å leggje Brussel inn som stopp på reiselista. Takk igjen for at du delte denne fascinerande innsikta!
    Regard Unissula

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *