
I år blei Raptus gjesta av dei franske serieskaparane Fred Neidhardt og Fabrice Tarrin. I samband med dette drøfta podkastpanelet vårt dei mange Sprint spesialalbuma.
Fotografier av Arild Wærness
Panelet består denne gongen av Arild Wærness og Knut Robert Knutsen. Arild hadde aldri kjøpt eit album i Sprint-serien, ein gong. Han hadde aldri vore særleg begeistra for det. Dette endra seg då Egmont begynte med såkalla Sprint Spesial, ein serie med album der ymse serieskaparar fekk tilbod om å lage serien i sine eigne stilartar, og utan å vere bundne av moderne kontinuitet. Særleg «Mot alle odds», Emile Bravos albumserie om Sprint og Kvikks motstandsaktivititetar under andre verdskrigen, fall i smak hos Arild.

Men Neidhardt og Tarrin står bak «Sprint i Sovjetunionen» (norsk utg. 2020). I podkasten snakkar Knut om kva han synst om opptredane til desse to, om det nye albumet ”Minner fra fremtiden” om kontroversen rundt det førre spesialalbumet «Den blå gorgon», og om Raptus teikneseriefestival sine erfaringar med å hente Sprint-teiknarar til festivalen
Avslutningsvis får vi også nokre tankar om ei stadig meir aktuell problemstilling: Distribusjon. Korleis får ein i det heile tatt tak i desse albuma, sjølv når dei skal vere ute?
Merk: Denne samtalen blei spela inn same helga som årets Raptusfestival






