Ein stoner-tragikomedie

Simon Hanselmanns «Megaheks» er eit kaleidoskopisk besøk inn i eit miljø du skulle ønskje ikkje fantest.

Megg, Mogg og Owl bur saman i eit hus. Visuelt er dei laust, laust baserte på barnebok-karakterer som Hanselmann kjende frå sin barndom, Meg, Mog and Owl, men det betyr ingenting, det var berre ein sprø idé Hanselmann hadde ein gong i ungdommen, og no er det sånn det er. (Hanselmann er litt redd for å bli saksøkt, men håper den ekstra bokstaven skal halde).

Hanselmann sine figurar står definitivt på eigne bein. Hans Megg er ei (sexy) heks som slit med depresjon. Mogg er hennar katt/elskar/røykekompis/enabler. Owl er ein slags uglemann, prøver å halde kollektivet deira ryddig, betaler ein uproporsjonal stor del av fellesutgiftene, og burde aldri hengt med Megg og Mogg. I kulissene luskar den endå meir fucka kompisen deira, Werewolf Jones, som både inviterer på ville eventyr og er så kaotisk at sjølv Megg og Mogg anar at han er eit blivande flykræsj … men også at han er altfor artig til å jage vekk permanent.

Kompisgjengen er emosjonelt avhengige av kvarandre, dei gir kvarandre rom for å følge sine dummaste impulsar, dei rotar til alt for kvarandre. Det er grusomt å sjå på, og i starten vil eg bortimot gi opp.

Owl prøver stadig å få seg ein ekte jobb, evt. ein ekte kjærast (i staden for den enorme mengda tilfeldige sexpartnerar han har, noko som etterkvart får konsekvenser, både fysiske og psykiske). Megg og Mogg sit stort sett og røykar vekk dagane, og vil ikkje at Owl skal få til ting, og dermed gå vidare med eksistensen.

Serien har eit sterkt heimelaga preg. Fargane er alt frå akvarell til konditorfarge, streken er tidvis med trykkblyant. Overflata har altså ein god del variasjon i uttrykket, men universet er stadig det same. Samstundes ulmar det høglitterære referanser under trash-overflata i serien også: Megg flyt i opningssidene rundt i ei elv som Ophelia frå Shakespeare sin Hamlet, ein hyllest til John Everett Millais’ berømte maleri av sekunda før kjolen til Ophelia mistar oppdrifta og ho druknar. Etterkvart som ein vert kjend med Megg, skjønar ein at dette ikkje er tilfeldig.

Serien er prega av Hanselmann sin eigen oppvekst, i eit kaotisk og doptynga Tasmania. Men den hadde også lyse sider, som han her skildrar i The Comics Journal i 2013:

My mother was a heroin addict. My father was a biker. I was raised by just my mother. We were «poor»– government housing, benefits, Gummo, etc. — but my Mum shoplifted a lot and I had a lot of toys and shit. Lots of books. Despite the circumstances she did a really fucking amazing job. She provided a pretty safe home environment. A lot of my friends weren’t so lucky.

Hanselmann har også gått i årevis med ein draum om å lage serieroman av Hamsuns “Mysterier”. Det har det aldri blitt tid til, og Hanselmann mistenker også at lesarane nok heller vil ha meir av Megg, Mogg og Owl. Og det passar eigentleg også fint – han er ikkje lei av dei.  MEGAHEKS er sett saman av korte historier, tidlegare publisert på Tumblr, Vice og lignande.

Det er noko hamsunsk over karakterene vi møter. Spesielt, kanskje, den irriterande Werewolf Jones. Første gong vi møter han, vil Jones imponere dei andre på fest, så han raspar opp den eine testikkelen sin med ei gulrotraspe. Det smertefulle er ikkje berre den skrekkelege situasjonen Jones puttar seg sjølv i, men også den vage kjensla av å kjenne seg igjen i behovet for merksemd, dominans, overskridelse av ein meiningslaus kvardag, og gud veit kva anna.

Eg kan ikkje seie at eg alltid koste meg – det er grusomt å følge med på dei folka her! Men folk er dei – kvar einaste vesle karakterutvikling gir meg håp om at dei skal skjerpe seg bitte litt, eller i det minste ta imot eit fnugg av hjelp utan å dolke kvarandre i ryggen. I dette kaoset blir kvar einaste vesle framgang eit fyrtårn av håp. Og dei endrar eg. Ein må lese ein del før ein merkar det, men brått er det nokon som lærer noko, og når det skjer, er lettelsen enorm.


Megaheks
Av Simon Hanselmann
Omsett av Cis-Doris Andreassen
224 sider
320 kr.
No Comprendo Press




Les også:
Intervju med Simon Hanselmann
Simon Hanselmann på OCX 2015

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *