Krüger og Krogh til Bergen?

I andre del av SeriX’ sommarferiepodcast ser Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre m.a. på nytt om Tex Willer og Krüger & Krogh.

Høyr sendinga her

Disclaimer: Overskrifta er basert på vill gjetting.

Egmont lanserer ein ny Tex Willer-bokserie – hardcover! Arild minnest møtet med Tex-teiknaren Laura Zuccheri på Raptus 2018, og forklarer kvifor han liker serien. Harrow County er ute med sitt andre bind på norsk, og panelet gir sitt inntrykk av denne litt annleise skrekkserien.

Med utgangspunkt i Pondus sommernummer drøfter vi bladet Tommy & Tigerns betydning for framveksten av nye norske seriehefter, og ikkje minst nye, norske teikneseriestriper  Også med utgangspunkt i samme heftet drøfter vi planane om å sende Krüger & Krogh ut av Oslo. Først til Nord-Norge. Kan Bergen bli neste? Ikkje noko press, altså.

Vidare analyserer og snakkar panelet om kva det er som gjer Anders Kvammens «Jobb» så bra, og dei siste fem minuttene ser vi på dei større linjene – Kva er det å se fram til i andre halvåret, både av teikneseriepublikasjonar og festivalar? Arild kjem avslutningsvis nok ein gong inn på behovet for å distribuere Egmont sine teikneseriebøker for vaksne/generelt publikum i bokhandelen.

«For meg så vil nok Therese G. Eide sine koronateikningar stå igjen som eit veldig kjærkomment minne frå den merkelege tida som vi var inne i, alle saman, i mars og april.» – Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.