ENDESTASJON ( 5.05.12 )
Krokete-trilogien er ferdig, kva no?
”Det Krokete Sporet” er den tredje og siste boka i Max Estes sin ”Krokete-trilogi”, dei to første er ”Den Krokete Kniv” og ”Den Krokete Kanalen”. Sjølv hadde eg berre lest sistnemnde frå før. Desse er (nesten) ordlause bøker som fokuserer særs mykje på det grafiske uttrykket.
Historiene er enkle krimsituasjonar. Fleire menneske på jakt etter ein McGuffin og viljuge til å gå over lik. I denne boka følgjer vi diamant-tjuver på eit tog samstundes som vi følgjer ei binne med unge som vandrar igjennom landskapet som toget passerer.
I førre bok så låg stilen tett opp til ein tresnitt/lino-snitt stil og var mørk, tung og nesten monokrom , skarpt definert og veldig estetisk tiltalande. I denne så er stilen lausare, lysare, meir fargerik, enkelte stader nesten skisseaktig. Dette medvetne stilskiftet byggjer opp under det at situasjonen finn stad på eit tog, det er meir fart, dynamikk og ei kjensle av manglande kontroll på omgjevnadene. Ein kan gjerne klage over at teikningane her ikkje er så detaljerte og presise som tidlegare, men eg synast at det er nettopp ein av dei tinga som gjer denne boka meir levande og spanande enn den førre.
Ordlause teikneseriar finnast det mange gode eksempel på, men i forhold til den totale produksjonen er dei særs sjeldne. Mest på grunn av at dei set store krav til teiknaren si evne til å føre lesaren igjennom sidelayouten og innom all den viktigaste informasjonen. Med tekst kan ein jukse seg forbi ujamn eller dårleg visuelle historieforteljing, men utan så står ein naken.
Eg opna denne boka med ein viss skepsis fordi eg opplevde den førre boka (Den Krokete Kanalen) som treg og klønete fortalt. Sjølv om bileta var fine, så vart sidenes naturlege narrative fokuspunkt ståande tomme, sidedesignen og rutekomposisjonane viste ikkje veg gjennom forteljinga, men splitta lesarens fokus og gjorde det vanskeleg å engasjere seg i historia.
Heldigvis så er denne boka mykje betre enn den førre på det punktet. Den visuelle historieforteljinga har driv og grip tak i ein, og med unnatak av nokre få glipp, så held boka på spenninga igjennom heile utan å miste lesaren.
I sum er ”Det Krokete Sporet” mykje betre enn førre bok i serien og viser at Max Estes har vakse kraftig som visuell historieforteljar og han viser ei vilje til å la designet tene historia heller enn omvendt som eg ikkje hadde forventa å sjå.
Bortsett frå at boka er litt for tynn, med 64 sider og 1-4 ruter på kvar side, til eigentleg å forsvare ein pris på 130 kroner, så er den å anbefale for folk som likar teikneseriebøker mest fordi dei er pent teikna.
Det Krokete Sporet
Max Estes
ISBN 978-82-92226-37-7
64 sider
130 kroner
Jippi Forlag
PODKAST FRA KRISTIANSAND <- Eldre | Nyere -> NORSKE TEGNESERIER I FOKUS PÅ 5. MAI