Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SCARPAS UFULLENDTE (10.07.12 )

Nye godsaker frå ein gamal meister.

Av: Knut Robert Knutsen

Walt Disney’s Hall of Fame gir oss sitt tredje Romano Scarpa bind. Romano Scarpa er kjend som ein av dei tidlege store italienske Disneyteiknarane, og ein inspirasjon og grunnpilar for den store italienske Disney-produksjonen. Han er òg ein av dei få som har hatt lang fartstid både hos Disney Italia og Egmont og hos amerikanske Disneyutgivarar.

Han var kjend for sine mange fargerike karakterar (ganske fristilt frå Barks sitt ”univers”) og for å fylle seriane sine med sprudlande påfunn. Han var òg ein av dei beste av dei italienske teiknarane.

Dei tidlegare Scarpa-binda har prøvd å gi oss nye ting som ikkje har blitt utgitt på norsk, og følgjer her opp med eit par historier som ikkje har blitt utgitt i det heile tatt før, som var ufullendte ved Scarpas død i 2005 (sjølv om nokon var mykje eldre) og som har blitt ”restaurert” eller fullført for publikasjon. Alt dette er fyldig og interessant fortalt i eit forord av Luca Boschi.

Boka startar med eit gjensyn med ei historie frå 1992 knytt til opninga av EuroDisney. Den består mest av ei rundreise i Europa og er eigentleg ei overflatisk og hesblesande historie med nokre gode gags.

Den første ”rekonstruerte” historia, ”Skjulestedet”, vart utgitt på norsk i 2008, og er eit Mikke Mus mysterium sentrert rundt eit mystisk racerbil-byggesett Langbein har gått til innkjøp av. Ei enkel men morosam historie.

Deretter får vi eit gjensyn med ”det store gjennombruddet”, utgitt på norsk i 2002. Ein ganske solid bingehistorie, der Skrues binge sig ned i bakken og døra til hvelvet set seg i vranglås.

Serien ”latterrøttene” er del av ein serie laga til feiringa av Barks sitt 100-årsjubileum (og er visstnok ikkje utgitt på norsk tidlegare). Denne serien er kanskje difor den Barks-næraste, der den nyttar høvet til å sende Skrue på eit lite eksotisk eventyr på jakt etter eit mystisk botemiddel mot hans dårlege humør. Ein forbilledleg tettpakka og morosam Skrue-historie.

Den neste rekonstruerte serien ”Frakkens Hemmelighet” er ikkje tidlegare utgitt. Den startar med at ein tjuv prøvar å stele Skrues frakk medan han står i (penge-)dusjen og ender i ein skattejakt saman med Birgitte og Filur. Dessverre er dei lange sekvensane med tjuven ganske kjedelege og slutten ganske prosaisk.

Den siste rekonstruerte serien, ikkje tidlegare utgitt i Noreg, er ”Gullfuglene”. Denne følger til dels Barks-malen som vart diskutert så grundig i forrige Hall of Fame (Barks nr 7) bok, med Skrue og dei andre (her inkludert Birgitte og Filur) hamnar på ein eksotisk stad på jakt etter noko sjeldent men bevaringsverdig, men her får ein ikkje den ”konserveringstanken” som er så vanleg hos Barks, men Skrue får det som han heile tida ville ha det, og ender opp rik medan ”paradiset” eksploderer.

Ei litt variabel bok, men veldig underhaldande, og spesielt dei ikkje tidlegare utgitte og dei rekonstruerte historiane og forklaringa om arbeidet kring dei er vel verdt prisen.

Neste bok i serien (cirka primo september) er visstnok Arild Midthun nr. 3.

Hall of Fame: Romano Scarpa 3
Romano Scarpa
ISBN: 978-82-429-4431-3
180 sider
Pris kr 365,-
Egmont Serieforlaget

divider
  1. Ellers anbefaler jeg siste Cavazzano-bok i HoF-serien. Skal du på Raptus i høst kan det være lurt å skaffe denne for en signatur, i tillegg gir den en fin presentasjon av denne allsidige og dyktige serieskaperen.


    Arild    15. July 2012, 14:52    #
  2. En liten kommentar: Serien “Latterrøttene” er definitivt utgitt på norsk før. Den ble trykket i Donald Duck & Co i 2001, logisk nok som en del av feiringen av Carl Barks’ 100-årsjubileum (historien ble tross alt bestilt av Egmont i denne forbindelsen). En del av markeringen som DD&Co gjorde for å minnes Barks, var nemlig å la noen av sine mest kjente serietegnere hylle Barks med hver sin historie hvor de brukte en figur skapt av mesteren, i hovedrollen. Scarpa, som på denne tiden hadde begynt å jobbe for Egmont, tok for seg selveste Skrue McDuck.


    Marius Hestness    22. July 2012, 04:33    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)