JILL THOMPSON: DEN SKUMLE (MEN GODE) FEEN ( 5.09.12 )
Jill Thompson er gjest på Raptus 2012. Her ser Serienett nærare på karriera hennar.

For nordmenn så vil vel serien Hundevakta i Nemi, som Jill Thompson teikna etter manus av Evan Dorkin, vere ferskast i minne. Denne serien vann Sproingprisen for beste oversatte serie 2011 tidlegare i år. Det er ein nydeleg teikna og velfortalt serie om vennskap og plikt sett frå ståstaden til nokre lite verdsette husdyr som kjempar mot onde magiske krefter.
(I tråd med presseskikk vert det opplyst om at anmeldaren sjølv sat i nominasjonskomiteen for Sproingprisen 2011).
Jill Thompson har vore profesjonell serieteiknar i over 20 år, og har i den tida skrive mange av sine eigne serier, illustrert barnebøker og jobba med teater- og animasjonsfilm-versjonar av sin eigen serie ”Scary Godmother” ( den Skumle – men Gode – Feen) som mange vil seie er slåande lik Thompson sjølv i utsjånad.
Thompson har jobba med Neil Gaiman på eit lengre kapittel av hans banebrytande Sandman-serie og har sjølv laga fleire verk i Spin-off serien ”Li’l Endless” med manga-inspirerte (og søte) versjonar av Sandman og hans søsken.
Ho har òg jobba med Grant Morrison på Invisibles og på diverse superheltserier.
Det som mest av alt kjenneteiknar Jill Thompsons arbeid no er den intense og fargerike paletten i hennar malte seriar, den uttrykksfulle mimikken hos både dyr og menneske og ei sprudlande entusiasme. Ikkje minst har dette kome til uttrykk i hennar serie ”Scary Godmother” som handlar om ei nysgjerrig og kreativ lita jente som har ein god fe som er litt skumlare enn andre gode fear.
Thompson har vunne mange prisar for sine teikneseriar og er ein ettertrakta illustratør.
Scary Godmother: Comic Book Stories
Jill Thompson
ISBN 978-1-59582-723-4
314 Sider
24.99 Dollar
Dark Horse Comics

GIORGIO CAVAZZANO: ITALIENSK DISNEYS RENESSANSEMANN <- Eldre | Nyere -> HVEM KJØPES INN?




