Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

EIN KRIMSERIE KJEM TIL ENDES (14.09.12 )

Ein av våre seriekritikarar anmelder ein serie han strengt tatt ikkje burde.

Av: Knut Robert Knutsen

Før eg anmelder denne må eg berre erklære meg fullstendig inhabil. Eg jobba for Westwind Forlag når denne serien starta opp og var slik vitne til ein del av oppstartsdiskusjonane kring dette prosjektet. Så ta mi anbefaling med ei stor klype salt.

«De Syv» er sjuande og siste bind av Varg Veum teikneserien, med fellestittel «De Syv Fjell». Serien har fått mykje kritikk for det som best kan kallast ei for litterær form. Sjølv om det etterkvart har blitt meir action og handlingsdrevne scener har serien heile tida hatt ei grad med forteljing og detaljutleggjing som fungerer betre i bokform enn i teikneserier.

Dette er avslutninga, og Staalesen og Collins gir oss to ganske så heftige og klassiske sluttar: Den eine er av typen «Detektiven oppsummerer foran eit rom full av mistenkte», og Staalesen formeleg gnistrar her, der ein brettar fram overrasking etter overrasking. Etterpå får Collins vise seg med ein Hitchcockinspirert (tenk «39 Steps») action-slutt. Ein ganske tilfredsstillande slutt på historia, trass alt. Men den krev at ein er godt kjend med dei 6 føregåande binda.

Når det er sagt: Dette kapitlet berer preg av at Staalesen har tenkt veldig filmisk og det eleverer teikneserien frå dei meir teksttunge tidlegare kapitla, men det viser òg at dette er ei historie som kanskje hadde vore enklare å formidle i eit anna medium. Som TV-serie eller bok. Spesielt oppsummeringsscena hadde tent på å lange dvelande kamerautsnitt av gamle menns andlet medan dei vert slitt mellom sterke motstridande kjensler.

Ein kan likevel trygt seie at no på slutten av serien så har Staalesens grep om teikneseriar som uttrykk endeleg sett seg,

Serien har vore litt ujamn, men eg trur det at ei samla lesing av alle 7 binda vil gi eit meir positivt inntrykk av historia enn den årvisse lesinga av enkeltbinda. Likevel, det kan vere tungt å kome nok inn i det til at ein går heile vegen til endes.

Men, som sagt, eg er inhabil. Mitt fordelaktig inntrykk av denne boka kan vere påverka av andre ting. Så veit de det.

Varg Veum: De Syv
Av: Gunnar Staalesen (tekst) og Mike Collins (teikningar)
ISBN 978-82-7128-641-5
60 sider
199 Kroner
Bodoni Forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)