FABULERANDE BLYANSTREKAR (14.09.12 )
Vi ser på ei bok som er full av glede.
I si andre bok om Hanne Krank let Thingstad hovudpersonen sin verte kasta ut av «sannhetens høyborg» for den kardinalsynd å ville forske på kjærleika. Deretter gir ho seg i kast med livet og familien, den grimme realiteten og det uante potensialet. Historia foregår over 150 sider, der kvar side berre rommar ei rute.
I byrjinga synast dette som litt bortkasta, ein kunne lett ha klemt det inn på 25 stykker 6-ruters sider, men så når ein vert van med rytma oppdagar ein at det må vere sånn. Ei rute på kvar side lar Thingstad leike seg meir med tid og rytme og etter kvart vert det meir rom for refleksjon mellom rutene.
Strålande, fabulerande, meditativ og fylt av livsglede. God lesing på ein regnversdag.
Fremad, Hanne Krank
Av: Marte Thingstad
ISBN 978-82-998300-1-0
150 Sider
169 kroner
Ulstadløkken Forlag
FORMATER I SØKELYSET <- Eldre | Nyere -> EIN KRIMSERIE KJEM TIL ENDES