Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

BESTISER FOR EVIG OG ALLTID ( 4.10.12 )

Gamle Disney-damer i spraglete ny fjørdrakt.

Av: Knut Robert Knutsen

Nok ein gong overraskar Disney Italia med ein ny og interessant vri på «Andeuniverset» retta mot ungdom. Med nokre Mikke-Mus veteranar og spanande nye teiknarar med fartstid på alt frå Snipp og Snapp til WITCH gir dei oss Minni Mus og Dolly Duck som unge damer på vidaregåande (eller «High School», miljøet er sterkt inspirert av amerikanske High School seriar av den typen Disney Channel pleier å sende).

Minni Mus er kunstnarspire og drøymer om å bli klesdesigner, medan Dolly driver med sport. Men sjølvsagt er dei BFF (Bestevenar for Alltid).

Aldersgruppa er ikkje så enkelt for meg å peile meg inn på, miljøet er vidaregåande men forteljar-stilen er tilgjengeleg for mykje yngre lesarar. Men tonen er omlag på Hannah Montana / Waverly Place nivå så eg vil rekne med at det er retta mot same målgruppe.

Her er morosame einsidere og korte historier med klare moralar om å vere bestevener og hjelpe kvarandre. Mellom anna ei historie om ein konkurranse om beste klesdesign og ein om at skulen setter opp teaterstykket Romeo og Julie. Standard Disney-Channel materiale altså.

Desse historiene er teikna i ein sprek og noko uvant strek, med detaljerte fargar etc som hevar det meir til WITCH-nivå, utan at ein mistar «Andeunivers» preget. Men pent er det.

I tillegg er der ein del oppgåver og aktivitetar i bladet, som dekkjer ganske mykje på 36 sider.

Som bilag i første nummer (Egmont elskar jo desse innplasta bilaga) er det eit ganske romsleg og solid rosa Minni Mus handlenett i plast.

Ein kan lett avfeie dette som ein lettvint spin-off serie, men for første gong på lenge har faktisk både Minni og Dolly her klare, interessante personlegdomar og visar at det faktisk går an å bruke dei til å fortelje gode historier der dei står på eigne bein. Bein i nasa har dei òg. Dette er ei Dolly som det lett går an å skjøne at Donald vil kjempe om, og ei Minni som er like smart og ressurssterk som Mikke.

Eg vil gå så langt som å seie at desse versjonane av Minni og Dolly burde verte ein inspirasjon for dei som jobbar med Donald og Mikke i vekebladet òg. Og spesielt for jenter vil eg tru at desse versjonane er enklare å identifisere seg med.

Anbefalast spesielt for jenter (og gutar) som diggar Disney Channel seriar som Hannah Montana etc.

Der er eit ganske stort team med forfattarar og teiknarar involvert her, så eg får berre liste dei opp her på slutten:

Manus: Valentina Camerini, Riccardo Pesce, Silvia Lombardi.

Teikningar: Gianluca Panniello, Stefanio Fiorillo, Roberta Zanotta, Davide Cesarello, Marina Baggio,Fabrizio Petrossi (+ diverse i spotillustrasjonar)

Minni og Dolly
Av diverse Italienske forfattarar og teiknarar
36 Sider
53,90 kroner
Egmont Serieforlaget

divider
  1. No har visst ikkje biletet av coveret kome med. Men her er no ein link til den italienske versjonen i Inducks (om enn med eit litt anna cover)

    http://coa.inducks.org/issue.php?c=it/MED+++1#a


    Knut Robert Knutsen    4. October 2012, 13:38    #
  2. Stor takk til KRK som stadig vekk set søkeljoset på mange av dei rare fasettane i teikneserieverda. Dette er nok eit blad som eg kjem til å halde meg LANGT vekke frå, likefullt er det kan hende eit verdifullt tilskot for å “halda på” unge kvinnelege teikneserielesarar. Som kanskje ein dag kan sjå verdien i Persepolis eller Arne And?


    Arild    5. October 2012, 12:27    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)