EGMONTS JULEBORD (28.11.12 )
Vi ser på julehefta til nokre av dei mest kjende norske seriane frå Egmont: Lunch, Eon og Nemi.

Lunch imponerer igjen. Her er sjølvsagt ein del velbrukte striper i byrjinga, men utvalet er godt. Kjerna i heftet er ein steike god julebordshistorie som berre må opplevast.
Nok ein gong er Lunds spesifikke kontorhumor så universell i sine karakterar at utleveringa av norsk julebordkultur maktar å vere både skarp og julekoseleg. Dette albumet er ei fryd.
Må lesast før julebordet!
Lunch #4 Julen 2012
Børge Lund
Kr 49,90

Nemi har ein del gode julestriper her, som eg går utifrå er årets førjulsstriper? Uansett, ganske morosame. Nokre gode heilsider òg, som verkar nye. Elles er opptrykka ganske ferske, sidan dei fokuserer på ho og den «nye kjærasten» (det har vel vore ei stund no, så han er vel ikkje ny. Kva er det han heiter, Gorm?) Ikkje noko stort problem, sidan det er nokon av dei beste stripene.
Der er ein interessant, melankolsk 3-sider her, ein adapsjon av «Eventyr» av Inger Hagerup, med den litt deppa kunstnarveninna til Nemi. (Eg prøver faktisk ikkje å spele idiot her for å skåre ironiske poeng, utanom Cyan og Nemi så har eg ikkje peiling på kva nokon av karakterane heiter, og eg har lese serien sidan starten).
Ganske hyggeleg mjuk pakke, dette.
Nemi Julen 2012
Lise Myhre
Kr 49,90

Lars Lauvik går hardt ut med ei radikal nytolking av Jule-evangeliet. Dette er klassisk Lauvik på sitt beste. Vidare er heftet fylt opp med eit gjensyn med Kong Vinter, nokre flotte sundagssider med ekte vinterstemning (fleire av dei ganske ferske, trur eg) og nokre striper med harselas med Torbjørn Lien.
Enno eit hefte som skal gjenlesast på julafta. Løp og kjøp.
Eon Julen 2012
Lars Lauvik
Kr 59,90
Alle: 36 sider
Egmont Serieforlaget

BAH! HUMBUG! <- Eldre | Nyere -> NM I DONALD ER I GANG





Hva med Rocky? Ikke noe julerelatert i år?
— Bodil Revhaug 7. December 2012, 13:30 #
Det kan vere at der er noko julerelatert i desember-heftet, men der er såvidt eg veit ikkje noko eige Rocky julehefte.
— Knut Robert Knutsen 7. December 2012, 14:33 #
Vet du sikkert at det kommer et hefte i desember? I så fall er det gledelig nok, julerelatert eller ei. Neste utgivelsesdato er imidlertid ikke oppgitt i novemberheftet, og Rocky er ikke av de mest regelmessige.
— Bodil Revhaug 7. December 2012, 16:41 #