Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

O JOL, MED DI BARNSLEGE LYST! ( 3.12.12 )

Diverse julehefter for barn frå Egmont.

Av: Knut Robert Knutsen

Her følgjer fem julehefter for born frå Egmont. Mykje bra for dei minste.

Mormor og de Åtte Ungene Julen 2012

Dette heftet inneheld 6 av Anne Cath Vestlys klassiske kort-tekstar om Mormor og dei åtte ungane, der 5 av dei er blitt gjord til teikneserier av Håkon Aasnes.

Aasnes køyrer teikningane i ein lun, tidlaus stil som maktar å ikkje verke gamaldags men samstundes ikkje for moderne, og som fangar den lune stemninga og hjertevarmen i Anne-Caths opprinnelege historier. Eg må innrømme at eg fekk flashbacks til radio-barnetimen.

Dette er fantastisk julehefte for heile familien.

Historiane i heftet er «Kuflokk i snøfokk», «Mormor på vift», «Fremmede i skjærgården», «like før» (kun tekst), «Morten og Mina på sykkeltur» og «Fars ferie».

Anne Cath Vestly og Håkon Aasnes
36 sider
Kr 46,90

Knerten Julen 2012

Knerten og lillebror dukkar her opp i 4 smarte julerelaterte korthistorier av Dag Kolstad, vakkert teikna av danske Henrik Rehr (som elles mellom anna står for restaureringa av teikningane i Schibsteds «Kapteinens Jul» )

Temaene er epleslang, snømann i trøbbel, nisse på låven og julebukkar.

Morosamt og godt fortalt av Kolstad, vakkert og dyktig teikna av Rehr, enno eit anbefalt hefte for familiens barn.

Manus Dag Kolstad, teikningar Henrik Rehr
36 sider
Kr 46,90

Smørbukk Jula 2012
(utgitt i samarbeid med Norsk Barneblad)

I den nye historia finn Smørbukk og kameraten Trond på mange ablegøyer for å kunne vinne ein konkurranse om å tippe vekta på ein gris. Mange hindringar i vegen for Smørbukk her i ei flott historie av Aasnes.

I den gamle historie kjedar Smørbukk og Trond seg i førjulstida og ender opp med å hamne i den eine klemma etter den andre med auksjon, ville ritt bak lastebil og å kle seg ut som bjørn.

Mykje morosamt her. Og så på nynorsk, då!

Kanskje litt for traust og gamaldags for enkelte, men eg synast det er flott.

Av Håkon Aasnes (s3-16) og Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (s19-33)
36 sider
Kr 46,90

Gråtass Julen 2012

Gamlefar fortel om då traktoren Gråtass kom til garden og Blakken vart deprimert.

Ei lun, sentimental historie for born. Dette heftet er i barnebok-format, ikkje teikneserie, med tekst på ei side og bilete på den andre. Noko for små born som likar å bli lest historiar for om traktorar som seier VrOOm.

Av Morten Myklebust
36 sider
Kr 46,90

Elias den lille redningsskøyta Julen 2012

Det er like før jul og mykje som må gjerast, men når lastekroken til Elias ryker og han treng den for å redde ein synkane pakke, korleis skal han og venane då klare å løyse situasjonen?

Eg berre spør. Detta er spanande.

Passeleg enkelt men spanande og overraskande manus av Dag Kolstad, pene og effektive teikningar av Olav Asland.

Ikkje så gale til å vere ein spin-off serie om ei redningsskøyte. Plass i bunken for yngre barn.

Manus: Dag Kolstad , Teikningar: Olav Asland
36 sider
Kr 46,90

Alle frå Egmont Serieforlaget

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)