KJEND FRÅ FILM OG TV ( 2.12.12 )
Julekalender, julefilm og klassiske jule-TV. Her er hefter for alt.

Egmont har ein del julehefte-seriar som ein kan putte i sekken for spin-offs frå film og TV. Lat oss sjå på fire av dei her.
Julekongen
Årets Julekalender i 24 episoder på NRK-Barne-TV er kalla «Julekongen» og er ei fantasy-forteljing om ein ung gut som ved eit tilfelle vert kåra til «Julekonge» i eit løynd rike. Iallefall ifølge teikneserien.
Teikneserien gir eit flott overblikk over dei sentrale karakterane, miljøa serien føregår i og ei kort historie om kva Julekongen finner på. Ein del interessante gags og spanande augeblikk her.
Som tillegg til ein adventskalender virkar det som eit flott hefte, med sine kart over både fantasy-verda og den «verkelege verda» og generelle oversikt. Men den fungerer òg forbløffande godt som sjølvstendig teikneserie, og ein kunne godt få meir av denne serien.
Der er altfor lite av slike serier i norske blad til vanleg, så dette er eit sant lyspunkt i julehefte-vrimmelen.
Eit av dei beste Seriehefta for barn i år, og eit som bør stå øverst på lista når ein handlar inn julehefte til borna i familien.
Av: Dag Kolstad (manus) og Henrik Rehr (tegninger)
36 sider
Kr 49,90
Reisen til Julestjernen

Dette er ein rein adapsjon av den nye filmversjonen av «Reisen til Julestjernen», åpenbart ein mykje meir action-orientert og påkosta versjon enn den gamle. Men eg har ikkje sett den enno, så korleis den er som film skal eg ikkje seie noko om.
Teikneseriemanuset er av dei solide forfattarane Isachsen og Kolstad, så dette fungerer heilt flott. Ein har nytta formatet med tekst under biletet slik som i klassiske norske julehefteserier, noko som passar bra sidan den ikkje er illustrert med teikningar men med bilete frå filmen.
Bileta vert kanskje litt vel stive, og biletutsnitta er ikkje heilt dei beste, sidan dei ikkje er laga spesielt for teikneserieformatet sine behov, som jo er annleis enne filmen sine. Men til gjengjeld har filmen openbart eit nydeleg produksjonsdesign og bileta er pene nok i seg sjølv til å dekkje over manglane i forhold til serieformatet.
Eit ganske OK hefte. Eg kan vel ærleg tale seie at eg hadde foretrukke om dei berre hadde ringt opp Håkon Aasnes og bedt han om å teikne serien basert på denne produksjonsdesignen, men historien er god og heftet er pent å sjå på.
Teikneseriemanus :Haakon W. Isachsen og Dag Kolstad. Illustrert med bilete frå filmen
36 sider
Kr 49,90
Karl-Bertil Jonssons Julaften

Ei skarp satirisk svensk historie om ein idealistisk ung gut frå god familie som finn ut at han skal nytte sin julejobb som pakkesorterer på postkontoret til å ta frå dei rike og gi til dei fattige.
Teiknefilmversjonen har vorte ein juleklassikar både i Sverige og seinare òg i Noreg. Dette heftet nyttar originalteksten, oversett av Jan Erik Vold, og stillbilete frå teiknefilmen til å lage eit hefte i barnebok-format, med tekst på ei side og bilete på den andre.
Teksten er ei bra historie. Illustrasjonane er litt blodfattige, slik stillbilete frå teiknefilm ofte vert, og yter ikkje teksten rettferdigheit.
Kjøp den gjerne for teksten si skuld.
Tage Danielsson og Per Åhlin illustrert med bilete frå teiknefilmen.
36 sider
Kr 49,90
Flåklypa julen 2012

Dette er eit opptrykk av det første Flåklypa-juleheftet frå 2004, som vart teikna av no avdøydde Svein Samuelsen.
Basert på teiknefilmen Gurin med Reverompa, illustrerer Svein Samuelsen historien i ein stil som både er klart I Kjell Aukrusts ande og noko særeige. Det er ein rufsete og behageleg stil som passar til den til tider rå og til tider ytterst sentimentale historia.
Gurin er ein ung fjøsnisse som driv med alskens revestrekar heilt til der veks ein stor vakker revehale ut av rova på han. Ein revehale som Enkefru Stengelføhn-Glad vil ha som revestola for einkvar pris.
Med seg får ho disponent Rudolf Blodstrupmoen (hm, det namnet verkar kjend) medan Gurin vert hjulpen av Solan Gundersen, Ludvig og Reodor Felgen.
Mykje humor, mykje spenning og mykje å lese her.
Så viss ein ikkje har heftet frå før, så kan det vere greit at ein får ein ny sjanse til å kjøpe det inn til jul.
Haakon W. Isachsen og Svein Samuelsen
52 sider
Kr 59,90
Alle på Egmont Seriefolaget

NM I DONALD ER I GANG <- Eldre | Nyere -> O JOL, MED DI BARNSLEGE LYST!





En liten korreksjon angående JULEKONGEN: Manus til tegneserien er av Dag E. Kolstad og tegningene er av Henrik Rehr.
— Haakon W. Isachsen 3. December 2012, 12:20 #
En liten tilleggsopplysning om FLÅKLYPA: Årets hefte inneholder, i tillegg til Gurin-historien fra 2004, en adventsserie med Solan, Ludvig og Gurin som ikke har vært samlet i noe hefte tidligere.
— Haakon W. Isachsen 3. December 2012, 12:36 #
Sorry, Haakon. Sjølvsagt er det Kolstad og Rehr.
Mange av namna var godt bortgøymd i år, så når eg såg ein stor flott “credit” plakat så tenkte eg ikkje lenger.
Då må eg berre få seie at Dag Kolstad har levert veldig mykje bra i årets julehefter (det har du òg forresten). Og Henrik Rehr sine teikningar både her og på Knerten er fortreffelege.
Eg kan berre beklage at eg blingsa her.
— Knut Robert Knutsen 3. December 2012, 12:44 #
Da er brødteksten oppdatert med riktig kreditering av serieskaperne bak Julekongen.
— Kristian Hellesund 4. December 2012, 10:47 #
Enda en liten tilleggsopplysning vedrørende FLÅKLYPA: Pga produksjonstekniske problemer rakk vi ikke å få den nye historien til Flåklypa-juleheftet klar i tide til trykkeriets deadline, derfor nyutgivelse av Gurin-historien (+ bonushistorie) i år. Men til neste år kan jeg love en sprakende ny Flåklypa-historie av godt merke (om jeg må si det selv).
— Haakon W. Isachsen 5. December 2012, 08:38 #
Kven er den nye teiknaren på Flåklypa, eller vil de vente med å gå ut med det?
— Knut Robert Knutsen 5. December 2012, 09:41 #
Hei. Og nå ble jeg så glad at jeg nesten hoppa. Ny flåklypa historie til neste jul er tipp topp tommelen opp! Hvem tegner?
— Marius Rusti 6. December 2012, 01:02 #