Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

DISNEYANA TIL JUL! (12.12.12 )

Ingen jul utan Donald? Vel, då vert det kjempejul i år!

Av: Knut Robert Knutsen

Etter oversikta kjem der åtte juleutgivingar med Disney-teikneserier i år, her skal eg anmelde 6 av dei. «Donald og Julebekken» av Arild Midthun og gjengen har eg allereie anmeldt for seg sjølv (flott historie, juleklassiker, løp og kjøp!), og pocketboka «Donald Duck’s Julehistorier» er anmeldt saman med «Prinsesser Julealbum».

Då gjenstår desse:

Mikke Mus og Langbein Julen 2012

Hovedbolken her er ein Gottfredson-klassiker frå 1933 der Langbein arvar eit detektivbyrå etter onkelen og han og Mikke vert privatdetektivar.

Etter mange morosame forviklingar kring etableringa av byrået får dei si første store sak: nokon bryt seg inn i husa til folk, skamklippar dei og stel flanellsundertyet deira. Men kvifor? Merkeleg sak som får ei forunderleg tilfredsstillande avslutting. Undervegs er der mykje harselas med privatdetektiv-genren.

Det er her ein ser opphavet til Mikkes lange karriere som etterforskar. Julehefte-formatet gir høve til å trykke stripene utan ombrekking, og dei er her nydeleg presentert.

Som andre klassiske striper frå 1930-talet så gir plassen som desse stripene opprinneleg hadde, høve til å presse mykje historie eller velutvikla visuelle gags inn i kvar enkelt stripe. Dette er ikkje berre Mikke Mus på sitt beste, det er konsentrert geni og for ein gongs skuld nydeleg presentert i opphaveleg format.

Dette heftet må ein berre unne seg.

Av Floyd Gottfredsson (med fleire)
36 sider
Kr 46,90

Carl Barks’ Jul 2012

Carl Barks har begått mange ganske så flotte julehistoriar, historiar som river ein i sjela og varmar ein om hjarterøttene. Historiane her i heftet er ikkje blant dei beste av desse.

«Frosset gull» er ei historie om Donald og gutane som vert shanghaia til å fly penicillin til ein innefrosen eskimoby i Alaska (når dei helst berre vil fly sydover for vinteren).

«Den Fineste Julen» har Donald og gutane på veg med hest og slede ut på landet for å feire jul med Bestemor, med diverse hinder på vegen.

Enkelte av dei grunnleggjande elementa av klassiske Barks-julehistorier er til stade i desse tidlege historiane (for dei er frå tidleg 40-tal), men det er enno ikkje reindyrka.

Bra Donald, javisst, men ein får styre forventningane.

Av Carl Barks
36 sider
Kr 49,90

Donald Duck – god gammel årgang Julen 2012

Der er ikkje mykje jul i desse klassiske søndagsstripene av Al Taliaferro, faktisk ikkje noko jul i det heile. Det ein finner her er eit godt utval av flotte, morosame ein-siders gags der Donald verkeleg får gjennomgå.

Eg er sjølv fan av Al Taliaferro og har alle samlingane utgitt med dagsstripene hans, så dette er knas for meg. Og det er det sikkert for mange andre Donald-lesarar òg.

Av Al Taliaferro
36 sider
Kr 46,90

Donald Duck & Co Julen 2012

Hovudhistoria her av Vicar er vel ein av dei mest klassiske julehistoriane, «Kjelke i veien» lar Onkel Skrue sende Donald og gutane avstad for å hente lagerbehaldninga av kjelkar, ski etc. til Skrues sportsbutikk etter eit uventa tidleg snøfall.

Dette er den beste historien i albumet og beste argumentet for å kjøpe det.

I tillegg er det historiar med Pluto, Petter Smart, Langøre og Fetter Klodrik som er jamnt over gode, men meir standardinventar. Forordet lokkar med at fleire av historiane er «nye i Norge», så slik sett så er det vel eit godt argument for komplettistar.

Av Vicar, Bradbury, Strobl og diverse andre frå Disney’s Hall of Fame.
36 sider
Kr 46,90

Onkel Skrue Julen 2012

Dette heftet er fylt med gode julehistorier. Det startar med ein Tony Strobl historie om ein merkeleg gavmild Onkel Skrue. Deretter «hjemmejul» av Daniel Branca der Skrue er villig til å tole det meste for å få lov til å feire jul åleine, og «God, gammeldags jul» av Vicar der Onkel Skrue insisterar på at Donald og gutane må feire jul med han i ei lita hytte på landet.

Flotte gags og nydelege teikningar og ein del kortare striper i tillegg. Dette er skikkeleg julemix.

Av Branca, Vicar, Strobl, Milton og diverse andre
36 sider
Kr 49,90

Walt Disney’s Julehefte Julen 2012

Donald må steppe inn for nissen som har forstua ankelen. Nei, det er ikkje ein Donald versjon av «the Santa Clause». Premisset er noko liknande, men det Marco Rota (i manussamarbeid med Lars Jenssen) får ut av det er, etter mi meining, mykje meir morosamt.

I tillegg er der ein julehistorie med musen frå Askepott, ein Mikke og Langbein historie der dei sel juletre (til Svarte Petter dukkar opp) og ein nydeleg 4-siders teikneserie om Disneys versjon av den Lille Havfruen.

Eg kjenner ikkje att namna på teiknarane, dei er habile nok (teiknaren av havfrue-historia, Legramandi er fabelaktig).

Av Marco Rota og diverse
36 sider
Kr 49,90

Alle utgitt av
Egmont Serieforlaget

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)