RABAGAST TIL RAPTUS (28.02.13 )
Eller Munch-biograf om ein vil…

Raptusfestivalen har annonsert at Steffen Kverneland, kjend litteatursatirikar og Munch-biograf (javel, då, serieskapar), kjem til Raptus 2013, som vert halden på Litteraturhuset i Bergen den 12-15 september. Festivalgeneral Arild Wærness presenterer Kverneland litt humoristisk som «einaste hanen i kurven» då festivalens fokus elles er på kvinnelege serieskaparar.
Kverneland er i Bergen for å halde eit føredrag på Seriekritikar-seminaret som vert avvikla i samband med festivalen, og vil mellom anna samstundes presentere den nyutgjevne Munch-boka si.
Kverneland er kjend frå Kanon-serien med Lars Fiske (der hans Munch-biografi vart serialisert), Olaf G saman med Fiske, Amputerte klassikere (som mellom anna gjekk i Dagbladet), De Knyttede Never – hans adapsjon av ei bok av Øvre Richter Frich – og sine samarbeid med mellom andre Are Kalvø og Jan Erik Vold. Kverneland har vunne Sproing-prisen 2 gonger, vore hyppig nominert og har mottatt andre gjeve prisar, inkludert Oslo Bys Kulturpris 2012 saman med Lars Fiske.
For vidare informasjon, sjå nokre av Serienetts øvrige stykker om Kverneland:
http://www.serienett.no/article/1502/angouleme-i-40
http://www.serienett.no/article/1486/nordmenn-i-praha
http://www.serienett.no/article/1437/krakatoa
http://www.serienett.no/article/1401/lause-kanoner
http://www.serienett.no/article/1218/tegneserier-pa-kapittelfestivalen
http://www.serienett.no/article/1188/kaltenborn-og-olaf-g-til-utlandet
http://www.serienett.no/article/1159/kverneland-og-fiske-pa-munch-museet
http://www.serienett.no/article/1014/hvem-vant-sproing
http://www.serienett.no/article/773/svensk-heder-til-kverneland-og-fiske

IMPORTVARE 05 – MAD: ARTIST’S EDITION <- Eldre | Nyere -> MØT DE NYE OCX-GJESTENE




