IMPORTVARE 05 – MAD: ARTIST’S EDITION (26.02.13 )
Verdas største humorseriar? Kanskje det.

Under grupperinga «importvare» ser eg på diverse titlar som ikkje enno er gitt ut på norsk, det einaste kriteriet er at det er ting som eg ville lese sjølv.
Eg har nemnd IDWs «Artist’s Edition» bøker her på Serienett tidlegare. Dette er bøker som gjengir originalteikningar frå diverse seriar i opphaveleg storleik og levert i fulle fargar slik at kvart spor av blyantstrekar, rettingar og teknikkar er synleg. Denne boka til dømes er 15×22 tommar. (dvs ca 38×55 cm)
Dette er bøker som interesserer meg spesielt sidan eg både syslar med teikning sjølv og samlar på slike originalteikningar. Ikkje på dette nivået sjølvsagt, kvar av originalsidene som er reprodusert i denne boka kostar meir enn ei månadsløn for meg.
Her har ein samla nokre av dei beste korte parodiane frå dei første 24 Mad-heftene produsert av Harvey Kurtzman (som òg er manusforfattar og layout-teiknar på nesten alt her.)
Humor og parodi-serier hadde ein vel sett før, men Kurtzman gjekk til verks med ein slik rå energi, samstundes som han utvikla Mads særeigne stil (som framleis henger ved) gjennom teknikkar og rutiner frå jødisk komedie, anten det var Vaudeville eller Borscht-belt komedie eller den meir intellektuelle, kverulerande humoren ein fann i andre samanhengar. Mitraljøse-elden med ordspel og kuriøse vendingar, punkteringa av autoritet og oppblåste ego, dei innvikla og uttværa oppbyggingane av ein situasjon som så kunne underminerast og punkterast med dei mest banale men velkomne poeng. I tillegg til den særeigne yiddische setningsbygnaden, med dei spørrande setningsavslutningane og dei litt uvanlege formuleringane. For ikkje å snakke om dei yiddische orda nytta til komedisk effekt.
Alt dette følgd trufast opp av dei tre hovudteiknarane på Mad, som kvar enkelt i ettertid vert vurdert som komiske geni både for dette arbeidet og seinare arbeid. Wally Wood med 8 historier i denne boka, Bill Elder med 6 og Jack Davis med 4.
Boka byrjar med eit stort åpningsoppslag, der ei teikneserierute frå den Will Elder.-illustrerte «Restaurant» vert fotografert opp frå ca 20×30 cm til 55×76 cm. Biletet viser ei restaurantscne med ca 100 gjestar i gong med sitt. Kvar er tydeleg og individuelt presentert og i gang med ein eigen restaurant-relatert aktivitet. Dei fleste teikneseriar er teikna kun med tanke for reproduksjon i storleik kanskje 15×22,5 cm, slik at originalteikningane vert sjåande litt grove og uferdige ut i naturleg storleik. Men her med Bill Elder er teikninga sjølv i forstørra form så presis, tiltalande og teknisk perfekt at ein berre må riste på hovudet.
Resten av Elders serier er like gjennomførte: «Mole», «Shadow», «Outer Sanctum», Howdy Dooit!» og «Bringing back Father» (ei skollande heit Fiinbeck og Fia satire som påpeiker det groteske ved å le av at ein mann vert mishandla på det valdelegaste av kona si, med Bernie Kriegstein med på laget som ein kontrast).
Wally Wood, som tidlegare har blitt tildelt ei slik bok for seg sjølv til Science-Fantasy materialet sitt og diverse anna, er òg den som dominerar her med 8 historier. Parodier av klassiske avisserier som Smiling Jack, Little Orphan Annie, Prins Valiant og Flash Gordon er nydeleg utført, og i tillegg finner ein her den fabelaktige Batman-parodien «Bat-boy and Rubin». Superduperman er representert kun med ei side, eg går utifrå at det er fordi resten mangla.
Alt i ein nydeleg strek som ikkje står attende for kvaliteten på dei originale seriane. Noko som er ein prestasjon i seg sjølv idet spesielt Alex Raymonds Flash Gordon og Hal Fosters Prins Valiant er kjend for sine særs gode teikningar.
Jack Davis har ein skrekkparodi, eit humoristisk illustrert dikt og ein Joseph McCarthy parodi men og heldigvis hans klassiske Einsame Rytter parodi. Davis sin luftigare, meir frislupne stil gjer her ein god overgang frå hans groteske og tunge skrekkseriar gjennomsyra av svart humor til den veldig organiske og venlege humorstilen som dominerte resten av hans karriere. (Jack Davis sine horrorseriar kjem forresten snart i eit eige bind av denne typen).
Den som kjem inn på fjerdeplass i forhold til materiale er Basil Wolverton, her tildelt ca 30 sider til sine groteske portrett av stygge menneske (spesielt stygge damer. Frode Øverlis stygge damer kan ikkje måle seg med dette, og det er han vel den første til å innrømme). Bisarre, deformerte men lukkeleg smilande andlet teikna i minste detalj med kjærleg hand.
Javisst, for dei som ikkje er så interessert i originalteikningar så kan vel mangelen på fargelegging , samt alle spor av produksjon, korrektur og teknikk vere forstyrrande. Men for den smale delen av marknaden som, slik som meg, elskar å studere alle desse spora av prosess, så er dette ei storslagen bok. Ikkje berre er sidene i kjempeformat, men det er snakk om nokon av dei beste teiknarane på detaljerte, informasjonsmetta sider (det Bill Elder pleide å kalle «Chicken Fat» etter fettprikkane som la seg på oveflata til ei kyllingsuppe. Her skulle ikkje ein flik av sida stå att naken. )
Det vanskelegaste med denne boka er å finne ein måte å støtte den opp på slik at ein kan få lese den på skikkeleg måte. (Eit skråstilt bord i passeleg høgde kan anbefalast).
Mad Artist’s Edition
Manus av Harvey Kurtzman, teikningar av Wally Wood, Will Elder, Jack Davis, Basil Wolverton med fleire.
ISBN : 978-161377-544-8
192 sider
150 US Dollar
IDW Publishing
USA/ Engelsk
(Innkjøpt via www.idwpublishing.com)

HOLM SLUTTER <- Eldre | Nyere -> RABAGAST TIL RAPTUS





Mark Evanier elskar visst denne boka òg:
http://www.newsfromme.com/2013/03/01/the-big-book-of-potrzebie/
— Knut Robert Knutsen 2. March 2013, 12:10 #