RAPTUSGJEST: NINA BUNJEVAC ( 3.05.13 )
Ein kikk på boka «Heartless»

Nina Bunjevac er kanskje den av årets gjestar som har den mest fargerike og spanande bakgrunnen. Ho er ein multikunstnar som gjekk frå å verte utdanna som skulptør i sitt fødeland Jugoslavia til å studere maling og teikning både der og i Canada, der ho no bur. Ho gjekk så over til å jobbe med teikneseriar og kunstundervisning og har i ei årrekkje jobba med fanzine-prosjekter i det offentlege skuleverket i Toronto.
Bunjevac har vunne fleire prisar for sitt arbeide med kunst i skuleverket og i tillegg undervist i teikning ved animasjonsskulen Max the Mutt i Toronto, som mellom anna tilbyr eit treårig program for utdanning innan «sekvensiell kunst» (dvs. teikneseriar). Ho er visstnok no serieskapar på heiltid.
Som serieteiknar har Bunjevac ein veldig særeigen og gjennomdesigna stil, med ganske mange retro-element. Eg skal her sjå på boka «Heartless».
«Heartless» er ei novelle-samling med ein del illustrasjonsarbeid i tillegg.
«Opportunity Presents Itself» er ei historie fortald i heilsider om ei ung jente, Selma, som kjem til Amerika, ei mørk og til tider ukomfortabel historie.
«1953» er ein kjapp liten humoristisk situasjon.
«The Real Deal» er ein kjapp «moralsk» historie som verkar som ei mørk, humoristisk parafrase over O.Henrys «Gift of the Magi».
«The Bitter tears of Zorka Petrovic» er ei skarp og utleverande historie om ei naiv jente (Zorka) i ei verd gjennomsyra av kynisme. Zorka sjølv ser ut som ein lubben variant over Betty Boop, den tidlege versjonen då ho framleis var ein teikneseriehund. Miljøet rundt ho er inspirert av 1950-tals design, men med innslag av seinare tiårs utilslørte råskap. Det har mykje til felles med JohnWaters’ og Mitch O’Connels versjonar av det same tiåret.
«August 1977» er den einaste av desse historiene som ikkje spelar på mørk humor. I staden er den eit kraftig oppgjer med politikk, krig og hat, ei bøn om fred. Den slår hardt. Den må nok lesast på bakgrunn av Jugoslavias indre konfliktar, men har mange allmenngyldige trekk.
Dei fleste historiene balanserer tett opp til grensa av det banale, noko som er vanskeleg å unngå med teikneserienoveller, spesielt viss ein berre bruker 1 eller 2 ruter på kvar side slik som i enkelte av historiene her. Når Bunjevac så i tillegg nyttar mange sterkt melodramatiske element i historia så stillar ho seg lagleg til for hogg, men dei mørke og «framande» trekka i teiknestilen forankrar novellene på ein slik måte at eg sit att med eit merkeleg inntrykk av at dette «svart/kvitt» universet utfoldar seg som ei gråtona realisme i hovudet på meg.
Boka er avrunda med ein del enkeltteikningar av Zorka og diverse andre emne samt nokre illustrasjonar av flora og fauna teikna for Toronto Environment and Community Services.
Stilen til Bunjevac er som tidlegare sagt gjennomdesigna og i tillegg veldig mørk. Ho bruker enkelte stader, som på forsida, ein andrefarge, ein dempa middels blåtone som er nyansert ved bruk av raster, veldig effektivt. Hovudarbeidet er kjørt i djupe svarte tonar og ein utstrakt bruk av tusjprikkar for å oppnå gråtoner (det ein i teikneseriekontekst kallar pointilisme). Der er ikkje mange som bruker desse no lenger, dei vart mykje brukt i eldre illustrasjonsarbeid og dei siste som nytta dei i stor grad var undergrunnsteiknarar. Nyleg er det vel berre Drew Friedman og nokre få andre som har nytta pointilistiske tusjteknikkar, og Friedman er vel gått over til å bruke grå-lavering med eit spenn av kvite, svarte og grå prikkar for å oppnå den effekten.

Dei underliggande figurane og objekta vekslar mellom det sterkt forenkla og teiknefilmaktige (som Zorka) og det heilt realistiske. Dette spennet både forenklar figurane og gjer miljøet deira skarpt og vanskeleg å sleppe unna, eg vil seie at det spelar på same strengane som Zorkas naivitet i kontrast med den kyniske verda rundt ho.
Denne teikneserieboka er veldig mørk, men òg veldig morosam, til tider morbid og den er ikkje redd for å takle ubehagelege emne som overgrep, abort og terrorisme. Den er krevjande lesnad men òg ei veldig sterk og givande oppleving.
Alle seriane i denne boka bærer preg av dristige og målretta designval som etter mi meining fungerer strålande. Dette er ei bok der form og innhald smeltar saman på ein unik og førebiletleg måte. Det er eit kompakt kunstverk.
Heartless
Av Nina Bunjevac
ISBN : 978-1-894994-64-4
132 sider
20 Dollar (CAD)
Conundrum Press
Canada/ Engelsk
(Innkjøpt via www.amazon.com)

ELINS KAMP <- Eldre | Nyere -> RAPTUSGJEST : YISHAN LI




