Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

RAPTUSGJEST : YISHAN LI ( 4.05.13 )

Besøk frå ein mangalærar.

Av: Knut Robert Knutsen

Yishan Li er ein britisk-kinesisk serieskapar som jobbar for forlag i UK, Frankrike, USA og Kina. Ho har jobba på mange godt mottekne produkt retta mot unge og håpefulle serieskaparar, alt frå «how to»- bøker til clip-art CD-ar. Ho har i tillegg illustrert mange teikneserieromanar i manga-stil (eller er det Manhua, det kan vere eit poeng for puristar)

Yishan Li kjem til Raptus-festivalen no i september 2013 for å halde eit intensivkurs om korleis ein lagar/jobbar med manga-serier. Eg har tenkt å presentere ei av «how to» hennar. For å få eit overblikk over nokre av dei andre flotte tinga ho har jobba med, sjekk nettsida hennar her:

http://www.liyishan.com

Boka «Practical Encyclopedia of Manga» er produsert av Yishan Li saman med Tim Seelig og Rik Nicol. Kven som har gjort kva i det samarbeidet skal eg ikkje seie for sikkert.

Som tittelen indikerer så prøver denne boka å gi ein fullstendig oversikt over det ein trenger å kunne for å lage ein manga-serie.

Boka startar med ei oversikt over utstyr, papir, blyantar og pennar, korleis dei nyttast og kva som er bra for kva føremål. I tillegg ser den på tone og fargeleggjing. Dei fleste «how to»-bøker går igjennom dette stadiet, men oftast ganske overflatisk. Her er det kjapt, detaljert og fokusert presentert på ein slik måte at ein nybegynnar kan gjere eit informert val om kva utstyr han eller ho vil kjøpe eller bruke og i så måte er denne boka allereie med første kapittel milevis over andre «How-to»-bøker om manga-stil eg har lese.

Kapittel 2-4 går på utforming av karakterar, bakgrunnar og bi-figurar. Ikkje berre gir denne boka oss den sedvanlege oversikta over «arketypar», men den syner tankeprosessen som ligger bak, gir eit hensiktsmessig taksonomisk overblikk over genre og legger til rette for at lesaren skal kunne nytte materialet på ein original og sjølvstendig måte. Der er òg øvingsprosjekt etter kvart kapittel der ein skal ta i bruk det ein skal ha lært av kapittelet.

Kapittel 5, om narrativ og layout, er ikkje så fokusert på oppbygging av heile historier, som oftast er måten slike bøker angriper problemstillinga, ei heller handlar det om å berre demonstrere dei forskjellige mogelege rute-inndelingane og Points-of-View. Her handlar det om å utforske tankeprosessen bak utforming og komposisjon av ruter, sider, plassering av figurer, bakgrunnar og tekst, bruk av farger etc. for å fortelje historia.

Kapittel 6 gir ei grundig innføring i digitale verkty. Hovudsakleg er det snakk om Photoshop, Painter, bruk av digitale teiknebrett og scanning med påfølgjande bilde-behandling. Den forklaringa som er her, er utfyllande, lettlest og oversiktleg og perfekt tilpassa behova til serieteiknarar, ikkje berre innan manga-sjangeren.

Kapittel 7 går inn på digital fargelegging, og igjen er dette ei særs god og utfyllande, praktisk retta oversikt over korleis ein kan fargeleggje teikneseriar. Kapittel 8 går inn på korleis ein kan tilpasse Photoshop til dei særskilde behova som ein har når ein jobbar med teikneseriar. Dette kapittelet har så mange gode eksempel på enkle, men særs effektive teknikkar at berre dette kapittelet åleine er verdt prisen.

Kapittel 9 gir så ei lett innføring i Anime (animasjonsfilm), hovudsakleg retta mot kjappe Flash-drivne animasjonar. Det startar med ei lett innføring i historie og software og leier ein greit og oversiktleg gjennom korleis ein utarbeider ei enkel scene frå design og storyboard til sjølve animasjonen.

Samla er denne boka ein av dei beste og mest oversiktlege innføringa i manga-teknikkar på marknaden, og dens omfattande seksjon om digitale verkty er spesielt attraktiv og hjelpsam. Sjølv så samlar eg på slike «how to»-bøker og kan sjå at enkelte bøker er meir hjelpsame på manusskriving, på teksting, på tusjing, digital teikning etc. men eg har framleis til gode å sjå noko anna bok som har presentert ei totalløysing på så høgt nivå medan den samstundes er tilpassa nybegynnarar.

Dette er ei bok som er den einaste ein nybegynnar på teikneseriar/manga trenger om serie-skaping og som dekkjer alle dei essensielle behova på det feltet fram til ein når eit profesjonelt nivå. Sjølvsagt bør ein la seg inspirere av det verkelege liv andre kunstartar og andre media på vegen, men det kjem utanom.

Anbefalast for alle unge manga-interesserte teiknarar.

Practical Encyclopedia of Manga
Av Tim Seelig, Yishan Li og Rik Nicol
ISBN-13 : 978-0-7548-1958-2
260 sider
35 US Dollar
Lorenz Books
Språk: Engelsk (felles-utgiving USA, UK, NZ og AU)

(Innkjøpt via www.bookdepository.co.uk )

divider
  1. Hvorfor i all verden kommer alle disse presentasjonene av Raptusgjester NÅ? Festivalen er jo flere måneder unna. Som tidligere journalist ville jeg trodd at dette hadde vært interessant i august når Raptus er rett rundt hjørnet, og at det hadde vært mer åpenbart å ha presentasjoner av årets gjester på OCX som bare er om noen uker.


    ABye    5. May 2013, 12:37    #
  2. Presentasjonane på Raptus-gjestane kjem no fordi eg har skrive dei no. Eg har som mi oppgåve å dekkje anmeldingane fram til Raptus, ikkje OCX (innkjøp av bøker etc. går av mine eigne pengar så det begrensar seg sjølv).

    Dette hadde eg forplikta meg til før OCX offentleggjorde sine gjestar og eg hadde berre høve til å leggje til Jeff Lemire og Herr Merz i forhold til mi arbeidsmengde (og mitt private budsjett).

    Oppgåva med å skrive presentasjonar til OCX ligger, såvidt eg veit, hos nokon andre.

    Så viss du trur at det at det vert publisert Raptus-materiale no går ut over arbeid med OCX, så kan eg berre seie at der tar du feil.

    Ja, eg kan skjøne at de ynskjer presentasjonar av OCX-gjestane først, og eg reknar med at dei kjem etterkvart som dei er ferdige.

    Jeff Lemire er allereie grundig presentert, det er òg Luke Pearson og Lars Fiske, Kverneland kjem seinast etter neste helg. Det er då Gabrielle Bell, Michael Deforge, Brandon Graham og Mikkel Sommer att og der er ein månad att til OCX (i tillegg kjem der sikkert samleside med linkar like før festivalen).


    Knut Robert Knutsen    5. May 2013, 13:45    #
  3. Dette er nok et spørsmål mer rettet til redaktøren, om Serienett i det hele tatt har noe sånt, enn det er til frilansskribenten. Men jeg synes fortsatt dette er merkelig, da disse presentasjonene vil være glemt når Raptus faktisk finner sted, og dette ville vært aktuelt. At dette publiseres nå gjør bare at Serienett fremstår som en forlengelse av raptus.no og ikke som et “tidsskrift”.


    ABye    5. May 2013, 13:54    #
  4. Anmeldingane vert repetert att til hausten, like før Raptus, på ei samleside.

    Der er grunnar til å presentere gjestar god tid i forvegen og der er grunnar til å presentere dei like før festivalen. Men det eine utelukkar ikkje det andre.


    Knut Robert Knutsen    5. May 2013, 14:34    #
  5. Dersom dette skjer i god gammel Serienett-tradisjon med å lage en liste med linker, ofte ikke-klikkbare, til gamle artikler, så synes jeg dette er lite leservennlig.

    Det er godt mulig at du kun har dette ansvarsområdet. Det vet jeg ikke noe om, jeg som leser ser bare at det er kun dette jeg får på Serienett, av og til ispedd anmeldelser av utgivelser som burde kommet for lenge siden, da utgivelsene var aktuelle. Det skjer også en del i tegneserie-Norge som ikke blir dekket av Serienett. Man skulle kanskje tro at det er fordi Serienetts redaksjon ikke vet om det, men gruppa deres på facebook tyder på at det gjør de. De bare skriver ikke om det.

    Det hadde nok ikke plaget meg så mye om det ikke var for at Serienett markedsfører seg som “Norges eneste tegneserietidskrift” og får 40 000 støtte fra Kulturrådet for å fylle denne rollen. At Serienett er det eneste er i seg selv en gedigen løgn, men som tidskrift er det også triste saker, for det er veldig lite nyheter å spore her. I sin nåværende form minner det mer om en blogg, og det kunne det også fungert godt som. Men det er vel et ord tidligere redaktør Kristian Hellesund ikke liker.


    ABye    5. May 2013, 15:20    #
  6. Eg må nesten spørre meg sjølv kor langt du trur dei 40 tusen kronene går? Berre spør Olaf om det er så billeg å drifte ein nettstad. Du må ikkje tru at det er nokon som tener på den støtta.

    Dei anmeldingane du leser, mellom anna dei eg skriver vert gjort på denne måten:

    Eg går til innkjøp av diverse seriar som eg betalar av eiga lomme. Desse leser eg og anmelder eg når eg får tid, og gjer den researchen som er naudsynt. Deretter skriver eg anmeldinga. Dette får eg ikkje betalt for.

    Det same gjelder såvidt eg veit for dei andre anmeldarane.

    Unntaksvis får vi tak i anmeldareksemplar.

    Javisst, Serienett skulle gjerne ha tilbudd anmeldingar på alt som er av interesse med ein gong det kjem ut. Serienett skulle gjerne ha vore tilstade på kvart einaste arrangement og skrive om alt når det skjer.

    Og vi prøver.

    Men forventningane du presenterer er veldig høge. Dei 40 tusen du nemner tilsvarar ikkje meir enn det eg sjølv har lagt ned i Serienett det siste året i innkjøp av bøker og blader og den tida eg har nytta til anmeldingar og andre ting gjort tilgjengelege. Så eg har vel subsidiert Serienett like mykje som Kulturrådet.

    Det har fleire gongar vore opplyst på Serienett om at der er ynskje om fleire bidragsytarar. Men det er diverre ikkje så mange som er interessert. Ikkje under dei betingingane som vert tilbydd.

    Kva med deg, Arne? Du har etterlyst presentasjonar av resten av OCX-gjestane. Kvifor tar ikkje du og kjøper inn nokre serier av kvar av dei som står att, gjer ein del research på internett og skriver eit par presentasjonar. Du får ikkje noko for det, sjølvsagt, men det er dei same vilkåra som resten av oss leverer under.

    Eg er sikker på at Trond (som er redaktør) hadde tatt imot bidraga med glede.

    Jada, eg veit at du ikkje kjem til å gjere det, slik som ingen andre som kritiserer Serienett for å vere trege med anmeldingar eller for å kome med for få anmeldingar er interessert i å gjere noko av dette arbeidet sjølv.

    Det er klart, no som du har gjort det klart kva du forventar av ein serienettstad, så veit vi jo kor du setter lista for seriebloggen som du sjølv har vore med på å starte. Eg ser fram til fyldige oppdateringar på det nyaste nye kvar veke, og ei djuptgåande dekning av alle aspekter av kva som foregår innan teikneserier her i landet.

    Og berre for å berolige deg, eg er ikkje spydig. Du har sagt klart ifrå om kva ein kan forvente av ein serienettstad og du (og Olaf) har laga dykkar eigen serienettstad for å vise korleis det skal gjerast. Det står det respekt av.

    Eg berre seier at vi gjer så godt vi kan her. Er der konkrete ting som de meiner burde rettast på så sei gjerne ifrå. Men prøv å halde føtene på bakken og ver klar over at der er grenser for kva vi kan få til.

    Sjølv så nytta eg ein kort periode før karakterfastsetjing og eksamen til å køyre ut ei handfull anmeldingar fordi eg visste at der kom til å vere ein periode der eg kan levere særs lite. Fordi eg, som Kristian, er lærar og enkelte periodar er travle.

    Der er ingen agenda bak at desse tinga vert køyrde ut no, der er ingen agenda bak at ikkje alle OCX-gjestane er fullstendig presentert enno.

    Det er rett og slett snakk om at der er få menneske med lita tid som investerer eigne penger i dei tinga dei anmeldar og som difor er nøydde til å gjere prioriteringar og porsjonere inn innkjøp (og dermed anmeldingar) over tid.

    Spør deg sjølv, Arne, kor lang tid tar det deg å passe eit par tusen kroner ekstra med teikneserier inn i eit allereie stramt budsjett slik at du skal kunne anmelde dei?

    Det er svaret ditt på kvifor det av og til tar tid å få ting anmeldt.

    Eg ville ha trudd at dette var innlysande for dei som har vore inne i teikneseriemiljøet ei tid, men eg har inntrykk av at nokon trur at vi som sit og anmeldar og skriver for Serienett nyttar dei 40 tusen frå kulturrådet til å forsyne oss sjølve med gratis teikneserier og gi oss sjølve feite honorar.

    Viss det er nokon som trur det så må eg berre seie at då har dei misforstått.


    Knut Robert Knutsen    5. May 2013, 20:19    #
  7. Knut pleier å svare mer enn godt nok, og det gjør han her også. Men Arne Bye kom her med noen utfordringer som jeg føler at det er min oppgave å svare på.

    For det første vil jeg klargjøre at jeg er fungerende redaktør. Imidlertid er det fortsatt Kristian som styrer med finansene, altså de 40 000.

    For det andre har jeg så langt ikke hatt som policy at Serienett må komme med kombinerte dybdepresentasjoner/anmeldelser av hver eneste gjest på både OCX og Raptus, selv om det kan være ønskelig. Serienett sin “offisielle” informasjon om OCX-gjestene kom kort tid etter at navnene var annonsert. Informasjon om Raptus-gjestene har kommet litt etter hvert.

    Presentasjonsanmeldelsene som hovedsaklig Knut har stått for, har han gjort på eget initiativ. Og det er et initiativ jeg ønsker velkommen, både for OCX-gjester og Raptusgjester. For øvrig har Raptus ei ganske lang gjesteliste. Bare noen få navn er foreløpig dekket i nevneverdig dybde. At vi burde prioritere å dekke OCX-gjestene akkurat nå, er jeg ikke uenig i, men jeg skal ta opp dette internt.


    Trond Sätre    5. May 2013, 23:22    #
  8. Og da spør jeg deg, Knut Robert, tar dere noen gang kontakt med forlagene for å få anmeldereksemplarer? Som bokhandler vet jeg at det er bare å ringe forlaget for å få dem til å sende lesereksemplarer. Tviler på at det er så mye vanskeligere for dere, i alle fall når det gjelder norske utgivelser.

    Ellers vil jeg ikke sammenligne Seriebloggen med Serienett. Vi har en blogg. Vi skriver når vi har lyst og når vi har noe på hjertet. Vi kaller oss ikke et tidskrift, eller “Norges ledende medium for tegneseriekritikk og norske tegneserienyheter” som dere har gjort (hvis det virkelig stemmer står det dårlig til). For det forventer jeg faktisk av noen som kaller seg et tidskrift, at det kommer nyheter i alle fall av og til. Dere har selv lagt lista så høyt ved å gå ut med denne profilen. Det er nettopp derfor vi ikke kaller Seriebloggen for “Norges ledende medium for tegneseriekritikk og norske tegneserienyheter”, men vi kaller det for en blogg.

    Takker også Trond Sätre for å komme med et kort og presist svar som ga meg inntrykk av at det i alle fall der er ønske om å gjøre noe med at innpakningen og innholdet stemmer bedre.


    ABye    6. May 2013, 00:31    #
  9. Blander meg ikke inn i diskusjonens egentlige tema. Vil bare gi uttrykk for at jeg har satt stor pris på Knut Roberts presentasjoner, som har gitt meg lyst til å sjekke ut flere av serieskaperne nærmere. Lite sannsynlig at jeg drar på Raptus, så for meg er det ett fett når disse forhåndsomtalene kommer.


    Bodil Revhaug    6. May 2013, 02:06    #
  10. For å kome litt nærare inn på det Bodil nemner:

    Vi har tidlegare fått tilbakemeldingar frå Serienett-lesarar og seriefans om at dei ynskjer seg fyldige presentasjonar av festival-gjestar (Raptus, OCX, Krusedull, Seriefest, spelar ingen rolle) god tid i forvegen.

    Dette fordi dei vil ha tid til å finne ut om der er nokre gjester som er appellerande for dei, gjerne få tak i serier av dei som dei kan lese på førehand, deretter planleggje ferie/festivalbesøk , legge til side pengar, ordne med reise og opphald etc.

    Det vil i praksis seie at ein del av våre lesarar av praktiske og lett forståelege grunnar ynskjer så mykje som mogeleg av denne informasjonen så mykje som 3-4 månader i forvegen.

    Eg skjøner at det ikkje gjelder for alle.


    Knut Robert Knutsen    6. May 2013, 06:54    #
  11. Knut Robert, du namedroppar meg eit par stadar, så eg føler for å svare deg personleg i staden for at Arne må spørja meg for deretter å kome tilbake til deg.

    “Eg må nesten spørre meg sjølv kor langt du trur dei 40 tusen kronene går? Berre spør Olaf om det er så billeg å drifte ein nettstad. Du må ikkje tru at det er nokon som tener på den støtta.”

    Det er absurd billig å drifte ein nettstad. Om eg skulle vurdere kva det burde koste i rein drift å drive ein nettstad som Serienett, er dette ei tekstdominert side med svært få bilete som lett kunne ha fått plass på eit webhotell som hadde kosta maks ein tusenlapp i året, og CRM-programvare er det heilt uproblematisk å få tak i gratis. Eg veit at Serienett koster litt meir enn det i drift, i budsjettet Kristian Hellesund har levert til Kulturrådet står det at desse utgiftene er 10 000 kr, men det er framleis ikkje i nærleiken av dei førti som blei tildelt. Eg føler for å leggja til at eg våren 2011 (trur eg det var, det kan ha vore våren 2012) gav eg dåverande redaktør av Serienett eit skriftleg tilbod om gratis serverplass / bruk av CRM på Nettserier-serveren. Eg fekk eit raskt muntleg svar om at det såg bra ut og at det måtte vi snakke meir om når han berre hadde tid, men deretter høyrde eg aldri noko meir. Hadde han takka ja til det tilbodet, hadde utgiftene til drift av Serienett kunne vore så låge som ein hundrelapp i året for å dekkja domenenamn.

    Du skriver vidare:
    “Dei anmeldingane du leser, mellom anna dei eg skriver vert gjort på denne måten:

    Eg går til innkjøp av diverse seriar som eg betalar av eiga lomme. Desse leser eg og anmelder eg når eg får tid, og gjer den researchen som er naudsynt. Deretter skriver eg anmeldinga. Dette får eg ikkje betalt for.

    Det same gjelder såvidt eg veit for dei andre anmeldarane.

    […]

    Eg ville ha trudd at dette var innlysande for dei som har vore inne i teikneseriemiljøet ei tid, men eg har inntrykk av at nokon trur at vi som sit og anmeldar og skriver for Serienett nyttar dei 40 tusen frå kulturrådet til å forsyne oss sjølve med gratis teikneserier og gi oss sjølve feite honorar.

    Viss det er nokon som trur det så må eg berre seie at då har dei misforstått.”

    Men… Det er jo det Serienett har søkt om pengar til. Og fått pengar til, sjølv om de ikkje har fått så mykje som de bad om.

    Eg leser igjen frå kulturstøttesøknaden for 2013:

    “De første fem årene var Serienett et rent dugnadsprosjekt. Fra 2011 har Serienett fått offisiell støtte til driften. […] Vi ønsker nå å videreføre driften i de mer profesjonelle rammene vi har hatt siden 2011. For å få det til ønsker vi å fortsette med å honorere bidragsyterne for å skape et enda bedre tidsskrift.” (mi utheving)

    I søknaden seier altså Serienett rett ut “Vi honorerer bidragsytarane våre, det har vi gjort sidan 2011, og det vil vi halde fram med”. Då ser eg ikkje problemet i at vi går ut frå at bidragsytarane blir honorert. Granted, de fekk berre halvparten av søknadssummen, så det honoraret de skisserer i søknaden (“Vi ser for oss å honorere våre skribenter i gjennomsnitt 1.000 kroner per anmeldelse”) er sjølvsagt litt for høgt til å la seg gjennomføre, sjølv om vi veit at de får støtte frå Bergen kommune i tillegg, men det må vera lov å gå ut frå at noko av dette går inn i innhaldsproduksjonen når det er DET de har søkt om kulturstøtte til.

    Eg ser at du skriver at du ikkje er spydig, men eg oppfattar det som ein smule frekt når du hardnakka påstår at ingen som leverer stoff til Serienett får betalt for det og at det er noko alle burde forstå, samtidig som Hellesund hevder at skribentane på Serienett har blitt honorert sidan 2011.


    Olaf Moriarty Solstrand    6. May 2013, 07:39    #
  12. Såvidt eg veit, Olaf, såvidt eg veit.

    Det har vore snakk om å kunne honorere for anmeldingar, men der har ikkje vore rom for det.

    1000 kroner per anmelding seier du? Då var mitt anslag om at eg har subsidiert Serienett med gratisarbeid til minst 40 000 ikkje eingong halvveges til målet.

    For å berre ta det med ein gong: Ja, der er tilfelle der det har vore snakk om honorar, til dømes festivalreportasjer, inkludert reise etc.

    Når eg seier at vi ikkje får betalt for dette, så meiner eg at pengane ikkje strekker til og at reine anmeldingar kjem sist i køen.

    Ifølge mi liste så har eg i løpet av det siste året skrive ca 100 anmeldingar (og andre tekstar) og dekka nærare 200 teikneseriehefte med dei anmeldingane.

    Viss du set kvar anmelding til tusen kroner og dekker for innkjøpa så kjem du fort til 120 tusen. Og eg er berre ein av 5-6 stykker som skriver for Serienett.

    Der er faktiske utgifter, utover det som går til serverplass. Og i samband med honorar så er ting som å få sendt ut reportarar til bestemte arrangement og slikt prioritert.

    Javisst, eg har vel fått eit visst honorar, eg fekk dekka reisa mi til Raptus eit år og har fått tilbod om å få dekka reportasjereise til OCX ein gong. Det går vel teknisk sett av honorar-potten.

    Kristian kan gjerne setje i søknaden sin at han ynskjer å betale oss 1000 kroner anmeldinga, men når han får potten så må den fordelast, og då vert pengane fordelt etter prioritering. Det er vi alle innforstått med.

    Du kan gjerne seie at vi vert “honorert” og så puttar pengane attende i drifta av Serienett om det gjer ting klarare for deg?

    Det er ikkje snakk om at Kristian “fuskar” med reknskapen her, det er snakk om at vi ikkje i praksis tek pengane ut av drifta så lenge vi kan unngå det.


    Knut Robert Knutsen    6. May 2013, 08:18    #
  13. Det eg meiner du (og Arne) bør forstå, Olaf, er at det arbeidet som vert gjort på Serienett allereie langt overstiger det som ein rimeleg kan forvente å få “kjøpt” for 40 tusen. Og når Arne då seier at han forventar seg “meir” nettopp på grunn av dei 40 tusen så er det ein merkeleg urealistisk tankegang.

    Javisst, Serienett har ambisjonar om å forbetre innhaldet og dekninga etc. Men det har ingenting med støtta å gjere. Vi ynskjer å levere eit best mogeleg produkt.

    Viss det kun handlar om å “gjere seg fortent til støtta” så kunne vi fort ha rekna ut at vi allereie har produsert Serienettstad for 40000 tusen hittil i år og så berre ligge brakk resten av året.

    Du kan gjerne vifte med Kristian sin søknad og kalle meg frekk når eg seier at vi ikkje får betalt for anmeldingane, men då må eg spørje deg:

    Er det du eigentleg vil at Kristian skal ta det budsjettet på 40 tusen som han har fått av kulturrådet, for så å betale meg, Trond Sätre, Arild Wærness og andre anmeldarar 1000 kroner for kvar anmelding hittil?

    Det vert ikkje mykje “regelmessig levering” av det når budsjettet då allereie er oppbrukt.

    Om du vil vi seier at formelt sett så vert vi honorert for så å donere pengane attende til drifta, så gjerne det.

    I praksis så tek vi ikkje betalt for arbeidet vi gjer, så lenge det ikkje er snakk om spesielle ting som festivalreiser og liknande med store (dokumenterte) utgifter.

    Det er det som det her er snakk om, korleis vi i praksis løyser dei utfordringane som ligger i drifta av Serienett.

    Det synast på meg som at den typen regelmessig og kjapp oppdatering på alt mogeleg som Arne forventar for 40 tusen, det krever tilsvarande eit fullt årsverk.

    Hei, viss Kulturrådet er villige til å spytte ca ein halv million inn i potten (dvs tilsvarande mi noverande løn som lektor med tilleggsutdanning), så tek eg gjerne jobben med å skrive for Serienett 40 timar i veka. Men eg kan tenke meg kva for ein backlash det hadde skapt i teikneseriemiljøet når folk er så fordømt opphengt i 40 tusen.

    Og viss eg seier at eg ikkje får betalt (vil du heller at eg seier at ikkje tar meg betalt?) så kvifor er det ditt problem, Olaf?

    Dei einaste som “tapar” pengar her er vi som skriver for Serienett, og personleg gir eg f… i pengane.

    Skulle eg likt å ha fått ca 100 tusen ekstra inn på kontoen det siste året, rett frå kulturrådet? Javisst.

    Men viss eg ikkje har noko problem med at eg ikkje får dei pengane, kvifor vert DU så arg, Olaf?

    Er det berre fordi du meiner språkbruken burde vere meir presis?

    Om eg seier at alt kjem ut av mi eiga lomme, men det ved nærare ettertanke er 95% gratisarbeid og ikkje 100% så ville eg tru at det er innanfor rammene av kva ein kan seie i uformelle samanhengar som her?


    Knut Robert Knutsen    6. May 2013, 09:16    #
  14. For det første: Om dei pengane går til å sende reportarar til bestemte arrangement og slikt, ikkje skriv “Berre spør Olaf om det er så billeg å drifte ein nettstad”. Det er nemlig så billig å drifte ein nettstad på den måten eg drifter nettstadar på.

    For det andre: Eg leser Arnes innlegg på ein heilt annan måte enn deg. Du hengte deg veldig opp i at han nevnte dei 40 000, når det eigentleg berre var ei bisetning. Hovudpoenget hans var, såvidt eg skjønte, at Serienett marknadsfører seg som Noregs einaste teikneserietidsskrift, og at nettstaden både utad mot brukarane og ovanfor kulturrådet hevder å vera eit ganske stort teikneserietidsskrift. Og så lenge ein bruker den merkelappen, må det vera lov til å kome med forventningar.

    Frå sidebaren: “Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserieutgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter.”

    Frå “Om Serienett”: “Serienett er Norges eneste tidsskrift om tegneserier. Serienett drives av Laksevåg forlag og gir deg siste nytt om norske tegneserieutgivelser. Her vil du også finne anmeldelser, stoff om tegneserier som filmes og bakgrunnsstoff om det norske tegneseriemiljøet.”

    Sjølvsagt forventer vi ikkje at det er mogleg å lage noko sånt for 40 000. Det vi (eller, eg) forventer er at når ein går ut og hevder at ein er Noregs einaste tidsskrift om teikneseriar, og at ein skal gi lesarane “siste nytt om norske tegneserieutgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter”, og ein i tillegg søker om offentleg støtte på dette grunnlaget – heilt uavhengig av kor mykje ein søker om og kor mykje ein får tildelt – bør ein i det minste forsøke å oppfylle den skildringa.

    DET er vel det diskusjonen eigentleg handla om her, til du greip fatt i ei bisetning i Arnes kommentar og byrja å leggja ut om at ein ikkje får gjort så mykje for 40 000. Arne nevnte ikkje dei pengane igjen med eit ord, og eg tok det kun opp fordi a) du stilte meg eit direkte spørsmål lenge før eg engasjerte meg i denne diskusjonen og b) fordi det ikkje var overenskomst mellom ditt utsagn om at ingen som skriver på Serienett blir honorert og Kristians søknadstekst om at ein ønskjer å halde fram med å honorere skribentane. Då leser eg nemlig det og tenkjer “her er det noko som ikkje stemmer”. Det har ingenting å gjera med at eg går og innbiller meg at førti tusen på deling mellom seks personar klarer å dekke mat, huslån og barnehageplassar og alt anna ein treng for å overleve. Det er kun eit semantisk problem.

    Det eksakte tildelte beløpet er ein uviktig parantes i den diskusjonen.


    Olaf Moriarty Solstrand    6. May 2013, 09:57    #
  15. Men kva får deg til å tru at Serienett ikkje prøvar å oppfylle den skildringa?

    Og den “bisetning” teorien din held ikkje vatn.

    Først så seier han at Serienett farer med løgn når dei seier at dei er det einaste serietidsskriftet, så seier han at det er pengane som er grunnen til at han reagerer.

    Korleis er det ei “bisetning” eller på nokon måte mindre relevant?

    Når eg henviste Arne til deg i forhold til driftskostnader etc. så var det fordi 1) de driver ein serieblogg saman og 2) eg forstod det slik at du hadde litt peiling på kva som faktisk ville gå inn i å drive ein nettstad som Serienett.

    Om eg har overvurdert din kunnskap på dette feltet og tillagt deg innsikt du ikkje har så kan eg berre beklage. Det var ikkje meininga.


    Knut Robert Knutsen    6. May 2013, 10:29    #
  16. Du har openbart overvurdert min kunnskap på dette feltet og tillagt meg innsikt eg ikkje har, for eg har ikkje peiling på kva i alle dagar det er som går inn i å drive ein nettstad som Serienett. Eg har aldri drive eit tidsskrift sjølv, så eg kan berre gå ut frå at når eg leser budsjettet for eit tidsskrift og over 70 % av budsjettet er honorering av skribentar, er dette uavhengig av nøyaktig kor mykje støtte ein får ein så prioritert post at skribentane faktisk blir honorert i ein viss grad.

    Beklaging akseptert.

    Og det gjekk opp for meg først no at eg trur at du og eg kanskje tolker Arne ulikt. Du leser ‘Det hadde nok ikke plaget meg så mye om det ikke var for at Serienett markedsfører seg som “Norges eneste tegneserietidskrift” og får 40 000 støtte fra Kulturrådet for å fylle denne rollen’ og tolkar det slik at det som plager Arne er at de får 40 000 frå Kulturrådet. Eg tolka det slik at problemet var måten Serienett marknadsfører seg på, og som ei bisetning at Serienett til og med får offentleg støtte, beløpet er ikkje relevant, basert på denne profileringa. Det kan hende at eg har denne tolkinga fordi eg sat og snakka med Arne då han skreiv innlegget og at eg kanskje hadde vore einig med deg om det ikkje var tilfelle. Men då skjønar eg plutseleg langt betre kvifor du la så mykje vekt på dette med pengane.


    Olaf Moriarty Solstrand    6. May 2013, 15:27    #
  17. … og fordi eg skreiv det førre innlegget utan å ha tala framfor meg skundar eg meg med å korrigere til at det korrekte talet i første avsnitt skulle vera 69,6 % og ikkje “over 70 %”.


    Olaf Moriarty Solstrand    6. May 2013, 16:16    #
  18. Det er det som er med internett at vi ser berre kva folk skriver, ikkje kva dei pratar med kompisane sine om medan dei skriver.

    Veit du, eg trur ikkje vi kjem nokon veg på denne måten. Viss de kjem på Raptus i år så kan vi heller fortsetje denne samtalen der over ei brus og eit pizzastykke. Det er kanskje lettare å kommunisere viss vi er i same rom.


    Knut Robert Knutsen    6. May 2013, 19:16    #
  19. Kvifor OCX ikkje legg ut gjestepresentasjonar på Serienett er vel strengt teke ei sak for dei.

    Styret i Raptus trengde grundige presentasjonar av gjestene våre av ymse årsaker (programbok, mediainfo m.m.), og me ba skribenten Knutsen skrive desse for oss.

    At desse vert lagt ut no på Serienett har me ingen føring på. Men me veit av bitter erfaring at å arrangere ein haustfestival nokolunde kort tid etter ein l-a-n-g sommarferie byr på mange problem, ikkje minst PR og kommunikasjon med verda rundt oss. Derfor prøver me – når me kan – å lage mesteparten av dette stoffet i perioden april-juni, for etter det er det stopp med det meste.

    Det er på ingen måte ofte festivalen har lukkast med dette, me har ei lang og lite ærefull historie av at informasjon kjem ut for seint eller i aller siste liten.

    Det har med frivilligheta å gjere. Knut skriv frivillig og utan betaling, me jobbar i Raptus frivillig og utan betaling. Og då er det ikkje alltid ein rekk over alt det ein burde rekke over.

    I år bestemte me oss for at no skulle me snu på dette og for ein gongs skuld vere ute i god tid.


    Arild W.    7. May 2013, 10:57    #
  20. For ordens skuld: Eg har skrive separate, kortare tekstar som er kun for Raptus. Anmeldingane av bøker etc. i desse lengre presentasjonane kjem i tillegg og er gjort tilgjengelege for bruk av Raptus samstundes med at dei vert offentleggjort her.

    Innhaldet og vurderingane av seriane og serieskaparane i desse lengre presentasjonane er uavhengige av føringar frå Raptus. Berre i tilfelle det spørsmålet kjem opp.

    Men research-arbeidet og innkjøp av materiale overlappar, og dette materialet måtte prioriterast delvis av den grunn (Raptus sin Programbok-Deadline).

    Eg hadde ikkje avklart med Arild om det var OK å diskutere innhaldet i programboka enno, sidan det er ein del av Raptus sin mediastrategi.

    Då vil Arne Bye kanskje synast det er gledeleg at presentasjonane av serieskaparane til Raptus kjem til å verte meir omfattande enn “ei side med linkar”.

    Eg har etter samtale med Trond forskøve ein del av dei lengre Raptus anmeldingane for å få gjort unna mellom anna ei presentasjon av (OCX-gjest) Paul Pope som kjem på Serienett i løpet av dei neste dagane.

    Det betyr igjen at Arild får ein del av materialet til Programboka litt seinare enn var tenkt (Sorry, Arild).


    Knut Robert Knutsen    7. May 2013, 11:32    #
  21. Jeg har en følelse av å kaste bort båndbredde ved å skrive dette men…

    “Kvifor OCX ikkje legg ut gjestepresentasjonar på Serienett er vel strengt teke ei sak for dei.”

    Hæh? Er det festivalens ansvar å skrive nyhetsartikler for “tidskriftet”? Dette får det også til å høres ut som at Serienett ER en forlengelse av Raptus.no.

    Da er jeg veldig glad for Knut Roberts presisering av at disse artiklene ikke er de samme som kommer i programboka til festivalen. For i såfall ville jeg, som forhenværende journalist, presentert redaksjonen for en liten sak kalt tekstreklameplakaten. Takk, nå slipper jeg det.

    Og igjen: dette hadde ikke plaget meg om Serienett ikke kalte seg for et “tidskrift” og “Norges ledende medium for tegneseriekritikk og norske tegneserienyheter”. Denne innpakningen gjør at man setter litt krav til innholdet. Jeg har ingen problemer med å godta at man har begrensninger, men da kan man ikke late som om man er noe helt annet enn det man faktisk er. Sier man at man gir siste nytt om tegneserier, så må man gjøre det også! Dersom det ikke er kapasitet til det, greit det, men da må dere ikke si at dere gjør det!

    …og å linke til artikler andre steder i et eksternt diskusjonsforum (gruppe på facebook) er ikke det samme som å dekke en nyhet.

    Ellers legger jeg merke til at det har vært diskusjon i kulissene på Serienett, og at resultatet er at det kommer noe aktuelt på disse sidene. Meget bra! Jeg mener det.


    ABye    7. May 2013, 21:10    #
  22. Jeg ser at Arne Bye er uenig med meg om hvorvidt Serienett er et tidsskrift eller ei. Jeg ser også at Arne Bye definerer Serienetts gruppe på Facebook som noe annet enn det jeg gjør. Jeg siterer derfor noe jeg skrev på et annet nettsted tidligere i dag:

    “Som det står i venstre marg under «Om Serienett» på nettsiden, så er det en del stoff som kun publiseres på Facebook-gruppen. Dette er i hovedsak notiser om tegneserienorge, linker til tegneseriesaker i norske nettaviser og omtaler av tegneseriestoff på trykk i norske papiraviser. Til sammen dokumenterer de to Serienett-arenaene veldig mye som foregår i tegneserienorge – både arrangementer, utgivelser og det som andre medier skriver om.”

    Ellers er det helt klart en fordel dersom noen ønsker å lage ett eller flere nye tegneserietidsskrift her til lands. Konkurranse på området skader ikke. Som det står i søknaden Bye siterer fra: “Serienett er ett av få norske medier som følger tegneserier. De fleste aviser og tidsskrift har bare en flyktig dekning av tegneseriemediet.”


    Kristian Hellesund    7. May 2013, 22:20    #
  23. Og for ordens skyld viser jeg til denne saken som Serienett publiserte i 2011:

    http://www.serienett.no/article/1222/serienett-pa-facebook


    Kristian Hellesund    7. May 2013, 22:32    #
  24. Arne:

    Arild W ordlegger seg av og til litt klønete når han snakkar rett frå levra, som er grunnen til at eg følte at eg måtte presisere.

    Han meiner ikkje at Raptus står bak presentasjonane, men at Raptus har informert Serienett om gjestar i god tid med det “lugubre motiv” at vi skal ha god tid til å få dekka serieskaparane på deira festival.

    Serienett har jo klare journalistiske motiv for å dekke og presentere ALLE gjestar, spesielt utanlandske gjestar, på norske festivalar. OCX har til dømes mange spanande gjester i år.

    Det eg reknar med at Arild meiner er at det er opp til OCX kva informasjon dei sender ut til pressen og kortid, anten det er Serienett eller andre, og kva kontakt eller dialog dei har med Serienett. Det har ikkje noko med Raptus å gjere.

    Vi presenterer uansett OCX-gjestane etterkvart som vi får ting ferdig, men vi har ikkje hatt noko tilbakemelding frå OCX (eg har i alle høve ikkje høyrd noko) om at dei har noko som helst meining om Serienett si dekning av OCX-gjestar.


    Knut Robert Knutsen    8. May 2013, 06:48    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)