IMPORTVARE 07: HJARTE AV IS ( 5.05.13 )
Kven der? Ingen. Kven Ingen? Dottera.

Under grupperinga «importvare» ser eg på diverse titlar som ikkje enno er gitt ut på norsk, det einaste kriteriet er at det er ting som eg ville lese sjølv.
I pulp-fiction fandom er konseptet «The Wold Newton Universe» velkjend, basert på ein del fabuleringar frå Sci-fi-forfattaren Philip Jose Farmer, som elska å skrive crossoverhistorier med forgangne tiders pulpheltar. Det handlar om at alle slike heltar har eksistert i kvarandres fiksjonelle univers, ganske mange av dei faktisk i slekt med kvarandre. Superheltuniversa til DC og Marvel fungerer på nokonlunde liknande måte.
Forfattaren Alan Moore og teiknaren Kevin O’Neill har i årrekke hatt det moro med dette konseptet ved å føre kjende pulp-litterære karakterar (dei fleste i Public Domain) saman som ein slags superheltgruppe i «League of Extraordinary Gentlemen». Denne delen av historia synast å ha nådd ein slags slutt med den tre delars bokserien «Century».
I den første boka i «Century» serien, sentrert rundt tolvskillingsoperaen og Londons underverd, møtte vi for første gang dottera til Kaptein Nemo, den gongen ein iskald og nådelaus tenåring.
I spin-offen «Nemo: Heart of Ice» er det ho som er Nemo og hovudperson.
I denne boka møter vi ho att 15-16 år etter at vi såg ho i Century 1, ho er vaksen, kaptein på Nautilus og ho leitar etter faren som forsvann mange år før. Etter ein konflikt med Charles Foster Kane (frå filmen Citizen Kane) og Ayesha (ei udøyeleg kvit gudinne i Afrika frå H. Rider Haggard sin roman «She») set ho kursen mot Antarktis for å finne Nemo.
«Finding Nemo» altså. (Hei, ikkje skuld på meg, det er ikkje eg som skreiv boka).
Hovudsakeleg er dette enno ei «hero’s journey» historie, her er målet meir eller mindre ein MacGuffin, det er utfordringane på vegen som er viktige. Kanskje i denne samanhengen litt for viktige.
Moores styrke har ikkje vore plot og originale karakterar, men det å setje saman vilt forskjellige idear på heilt nye måtar for så å selje historia med spenstig og referanserik dialog. Og det å droppe masse litterære referansar inn i hytt og pine både verbalt og visuelt (gjennom Kevin O’Neil’s bisarre men meisterlege teikningar som det er så vanskeleg å ta blikket vekk frå) har lenge vore eit varemerke for Moore og noko som fansen synast å setje pris på. Inkludert meg.
Men akkurat her så kjenner eg at eg har nådd mitt metningspunkt.
Boka byrjer sterkt, men etter kvart som historia skrir fram så saknar eg både ei underliggjande meining, eit meir krevande plot og litt karakter-utvikling. Jada, der er action-scener med mange litterære heltar presentert på vranga, der er bifigurar som har rike karakterhistorier i andre bøker og referanserammene går frå Jules Verne til Lovecraft. Men akkurat her verkar det berre tomt.
Ei heller synast vi eigentleg å kome særleg lenger under huda på Frøken Nemo.
LOEG starta som ein slags superhelt-historie og denne boka synast å li av noko av dei same problemene som ein del moderne teikneserier: Overflatiske action-plot og karakterar som berre dukkar opp med merkelege namn og kostymer utan at dei eigentleg gjer noko fornuftig av seg, bisarre scener og hendingar som vert forklart i ei eller anna bok som vi ikkje har lese, sjølv ser vi berre omrisset av sjølve «fenomenet».
Det vert for trist at ein set seg ned med ei teikneseriebok og ein vert distrahert av å notere seg litterære referansar fordi historia elles sviktar og det som skulle vere eit krydder har vorte heile smaken.
Serien er framleis nydeleg teikna, og O’Neill reddar opplevinga for min del, men eg kan ikkje fri meg frå tanken om at tittelen til boka er meir apropos enn var tenkt. Det er ikkje noko liv i hjartet på denne boka.
Det betyr ikkje at boka er dårleg, Alan Moore på sparebluss er betre enn så mangt og Kevin O’Neill er i storform. Men den store leseopplevinga er den dessverre ikkje og den fungerer dårleg viss ein ikkje har fått med seg resten av LOEG og spesielt Century del 1.
Nemo: Heart of Ice
Manus: Alan Moore – teikningar: Kevin O’Neil
ISBN : 978-0-86166-183-1
56 sider
19. 95 US Dollar /Top Shelf
9.95 Pund / Knockabout
USA/ UK (Britisk/Amerikansk samproduksjon) Engelsk
(Innkjøpt via www.bookdepository.co.uk)

RAPTUSGJEST : YISHAN LI <- Eldre | Nyere -> POP ELLER UPOP




