Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2013: KNUT BERG OG VANGSGUTANE ( 5.11.13 )

Fonna forlag er som vanleg først ute blant julehefta, med både gamalt og nytt.

Av: Knut Robert Knutsen

INGENIØR KNUT BERG :

I årets julehefte om Ingeniør Knut Berg går vi heilt attende til 1943, og får det første møtet med både Prinsesse Aima av Kalimanko og den brysame Dr Panga.

Knut Berg er gjest hos ein maharajah i Bonghama, India, som vert fråstolen ein stor blå diamant. Berg set ut etter den på ei jakt som fører han tvers igjennom Asia og Himalaya, til det skjulte, høgteknologiske og kvinnestyrte landet Kalimanko og vidare på ei farefull ferd med skumle munkar og vesen frå fortida som hos oss for lengst er utdøydde. Historia kjem ikkje heilt fram til ein slutt, og dei to siste sidene i det opphavelege juleheftet er kutta av plassomsyn (utgjevast neste år).

Heftet har ein del særs spanande anslag, men det vert mest brukt overflatisk, handlinga går for fort frå ein stad til ein annan til at ein kan fullt ut setje pris på og «utforske» miljøa Berg hamnar i.

Som alltid pent teikna, og greitt fortalt, men etter våre standardar kanskje litt for plott-prega og litt vel eurosentrisk (framstillinga av Dalai Lama som skummel røvarmunk vil vel dei fleste undre seg over). Ingeniør Knut Berg er ein mann som gjer mykje rart men som vi aldri vert særleg kjend med. Slik sett sliter kanskje serien med å engasjere like mykje som andre seriar i genren, som Lyn Gordon der ein vert mykje nærare kjend med hovudpersonen.

Likevel verdt eit gjensyn som ein norsk sci-fi-klassiker, og denne sekvensen er ein av dei beste og mest spanande av Knut Berg eventyra eg har lese.

VANGSGUTANE:

Sverre Årnes og Ivan Andreassen byrja i fjor med nye historier frå Vangen, sett under andre verdskrig, med ei moderne tilnærming. Det held dei fram med her, med førebuingar til jula 1941 og diverse leikar og forviklingar. Larris er no ikkje berre problematisk, men her både juksemakar og tjuveradd, medan Steinar og Kåre er dei same snille gutane som alltid.

Gutane får seg damesykkel til jul, som Larris steler. Kusina deira, ho Rannveig, kjem frå Trondheim for å bu hjå dei (og er såpass velvaksen at det skapar hormonell forvirring hos Steinar, Kåre og andre gutar i bygda). Der er skeiselaup og mykje anna smått som skjer.

Ei grei historie, nokon gonger synast eg ein del av dei «moderne» grepa skurrar litt, men det er i alle høve meir fart og meir fokus på karakterane enn i eldre historiar.

Eit klagemål må eg likevel kome med. Eg skal ikkje seie eit vondt ord om Ivan Andreassen sine teikningar, men ein stad i prosessen har ein prestert å levere dårlege filar til trykkeriet. Teikningane har openbert gått til trykk med for låg oppløysing, slik at ein ser tydeleg rastrering av strekar (dvs firkanta bit-blokker) samstundes som der er uklare og klumpete fargeovergangar. Dette bør ikkje skje, spesielt ikkje på nye seriar. Det er særs skjemmande.

Dei eldre historiane av Leif Halse og Jens R. Nilssen er frå 1949/50. «Brannstut» er ei fornøyeleg historie om ein mannevond okse som skapar trøbbel, og «Post-tjuven» er ei mystisk historie (diverre ikkje sluttført i dette heftet) om ein skummel tjuv med brei hatt som herjar igjennom bygda.

Eit ganske godt hefte med Vangsgutane, og det ville ha fått mi uforbehaldne anbefaling viss ikkje det var for problema med trykk-kvaliteten i den nye historia, og den manglande slutten på historia om post-tjuven.

Ingeniør Knut Berg (1943)
Av Vigleik Vikli og Ronald Stone
Vangsutane
Ny historie av Sverre Årnes og Ivan Andreassen
Eldre historier av Leif Halse og Jens R. Nilssen
32 sider kvar
45 kroner kvar
Fonna Forlag

divider
  1. Hvem har laget den fartsfylte og fargesterke forsiden til årets hefte?

    En hardcover bokutgave med Vangsgutane ble utgitt tidligere i høst, av samme forlag.


    Jostein Hansen    6. November 2013, 23:10    #
  2. Forsida til Vangsgutane er av Knut Westad.


    Knut Robert Knutsen    6. November 2013, 23:24    #
  3. Manglande avslutningar på desse originalhistoriane er eit klart minus. Dårleg oppløysing i bildefilene skal IKKJE skje i dag!


    arild    7. November 2013, 16:30    #
  4. Arild, det er nesten morsomt det du sier! For 50 år siden kunne ikke slik “dårlig oppløisning” ha skjedd! ;)
    Da vet ikke jeg når!??


    IpComics    7. November 2013, 17:46    #
  5. Svært betenkelig dette, at teknologien har kommet så langt at vi enten har mistet kontrollen på den eller at vi rett og slett stoler for mye på den, og glemmer å kontrollere hvordan jobben blir utført.

    Ivan har helt rett; det skjer misser i setting og trykkeprosesser i dag som aldri ville vært mulig for 50 år siden. Rett og slett fordi det er så altfor lettvint å benytte maler og filer fra tidligere. Og når da den endelige kvalitetssikringen ikke foreligger er fadesen et faktum.


    Jostein Hansen    7. November 2013, 21:12    #
  6. Har såvidt kikka på heftene hjå bladseljaren: Knut Berg er som før, og det er ikkje så mange år sidan denne soga var på trykk. Nok no, eller?

    Vangsgutane: tykte dei nye sidene såg bra ut, både med teikningar og ellers teknisk. Men så er synet mitt ikkje det det var. Uansett ser heftet betre ut enn i fjor, teikneseriemessig.

    At ein av dei beste guta-klassikarane ikkje vart avslutta i heftet er uforståeleg. Men så var denne soga også på trykk for berre nokre år sidan. Eller tek eg feil?


    arild    8. November 2013, 18:03    #
  7. En fryktelig tanke slo ned i meg: kommer det ikke noe julehefte med “Pels og Poter”, “Knut Gribb” , “Mikke og Langbein”, eller “Eon”? Det ser mørkt ut for fire av mine favoritter. Det er alltid de beste som går først. (OK, jeg har et par favoritter til, men innkjøpsbunken blir drastisk redusert).


    Øyvdind B    19. November 2013, 22:10    #
  8. Ingen av desse står på listene. Det er 1 side Gottfredson i Walt Disney’s Julehefte og ein Eon 2-sider frå 2011 i Rutetid.

    Likevel: ein del bra i år, og med færre hefter totalt så er det lettare å finne dei beste.


    Knut Robert Knutsen    19. November 2013, 23:25    #
  9. Sitter du med komplette lister over årets julehefter, Knut Robert? I likhet med Øyvind er det flere jeg foreløpig savner i hyllene. (Ganske mange, faktisk.) Har tidligere erfart at det kommer etterslengere. Mener du at vi bare kan vi gi opp det håpet i år?


    Bodil Revhaug    22. November 2013, 02:11    #
  10. Bodil: Liste over Egmonts julehefter

    Schibsted sine julehefter


    Chris R    22. November 2013, 03:19    #
  11. Tusen takk, Chris:-) Der stod i det minste Zits, ett av minst seks hefter jeg savnet i bladhylla. Resten må jeg vel bare se langt etter. Ligger dermed an til rekordtynt julehefteår for mitt vedkommende.


    Bodil Revhaug    22. November 2013, 17:46    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)