Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

RAPTUS 2012 - EIT PERSONLEG TILBAKEBLIKK (12.09.12 )

Ein av våre seriekritikarar kjem ut av skapet som serie-nerd og Raptus-fan. Ingen er overraska.

Av: Knut Robert Knutsen

No i etterkant av Raptus tenkte eg at eg skulle dele med dykk nokre av mine inntrykk av festivalen. Dette basert sjølvsagt kun på det eg fekk med meg, der var mykje eg gjekk glipp av, planane krasjar ofte litt med så mange programpostar.

TORSDAG
Raptus starta offisielt laurdag 8. september, men for dei som absolutt måtte ha med seg alt starta det med seminar på Bergen Offentlege Bibliotek allereie torsdag føremiddag. Dette var mest for bibliotekarar og lærarar.

Litt frisk informasjon der om teikneseriar på bibliotek, utfordringane som låg i teikneserianes plass i læreplanane og kva som praktisk må til for å få god undervisning om teikneseriar i dei relevante faga. Teikneseriar retta mot barn, teikneseriekurs samt innkjøpsordninga for teikneseriar. Det er mange ting å ta fatt i innanfor korleis teikneseriar relaterer til samfunnet elles.

Vel avslutta med Serietreff 17 på kvelden, der vi tørrpreika om digitale teikneseriar. Mest interessant var ein bit på slutten der den britiske grøssar-teikneserie forfattaren Neil Gibson snakka litt om sitt arbeid.

FREDAG
I motsetnad til tidlegare år så var der ikkje noko Raptusprogram på fredagen. Istaden var det fagdag, det vil seie teikneseriekurs, med serieskaparane Tore Strand Olsen, Michael Golden og Joe Jusko og forfattar/redaktør Renee Witterstaetter.

Blant deltakarane var ein del serieskaparar, ein del designarar og halvprofesjonelle og ei klasse eller så frå teikneserielinja på Bjerkely Folkehøgskule. Ganske fullt.

Tore Strand Olsen byrja med ei god innføring i utfordringane til ein frilanser, kva arbeidssituasjonar som finnast der ute og diverse jobbar han har gjort. Joe Jusko var forseinka (flyet hans vart kansellert og han var stranda på ein flyplass i oppimot 10 timar) så der vart ein del omrokkeringar i kursplanen. I tillegg var der ein del tekniske problem.

Michael Golden fortalde om viktige ting han hadde lært seg i si karriere, spesielt observasjonar han hadde gjort seg som redaktør og art director, og litt om kor viktig det var med klar «storytelling» og eit klart profesjonelt forhold til arbeidet. Han gjekk gjennom og gav kritikk på ein del teikneseriesider som deltakarane hadde laga på førehand, gav klare peikepinnar på korleis ting kunne forbetrast og generelle observasjonar rundt tankeprosessane involvert i visuell «storytelling».

Nivået hos enkelte av ungdommane frå Bjerkely var imponerande, noko Golden òg kommenterte.

Jusko kom endeleg seint på ettermiddagen, og gjekk igjennom ein del om komposisjon og arbeidsprosessar. Mykje interessant der.

Delar av kurset vart litt amputert på grunn av Juskos flyproblem og dei tekniske problema, men det som var av kurset var lærerikt og inspirerande.

LAURDAG
Las BT over frukosten. Journalistisk scoop: Medlem av OCX-komiteen synast OCX er meir relevant og interessant enn Raptus.

BA hadde eit fint lite intervju med Giorgio Cavazzano (Fanboy mode, har vore blodfan av denne mannen i 30 år. Ein av Europas mest geniale og dynamiske serieteiknarar og vi er heldige som har seriar frå han i Donald Pocket kvar månad).

Siste delen av «fagdagen» til Raptus var på laurdag føremiddag, så eg gjekk glipp av Sigbjørn Stabursviks åpningstale. Las den på nettet seinare, sterke saker. Stabursvik hadde seinare sett av tid til «Portfolio Reviews», lurer på om der var nokon som vart «oppdaga»?

Cavazzano er ein av mine store heltar, diverre var det eit problem når han skulle intervjuast at han ikkje snakkar så godt engelsk så intervjuet vart oversett frå fransk til dansk og engelsk av Capezzone. Men hans kjappe, presise Donald-teikningar imponerte. Litt mykje kluss når han skulle demonstrere korleis han bygde opp ei side, men likevel litt kjekt. Slike postar der tolk er påkravd er alltid ei utfordring.

Deretter signeringskø for Cavazzano (på 17 festivalar er han den einaste eg har stått i kø for.)

Med tid til neste programpost så vart det vandring for å plukke opp serier. Kjøpte «ÜberMaritimt» hos Jorunn Hanto Haugse på ÜberPRESS standen, fekk tak i Lucy Knisley-bladet frå ein kar eg ikkje veit kven er og kjøpte Kim Holms «Pickman’s Model» frå Fredrik Rysjedal og Eirik Andreas Vik. Det var litt surrealistisk. Dei påstod at dei sat barnevakt for «Den Enda Yngre Herr Holm», men eg mistenker at det var omvendt.

Lars Nygård og Pål Danielsen selde meg sin krimteikneserie «looking out for Pinky» og «Wakan Unwanted» som Lars gjorde saman med Seth Piper. Det andre som var frå mellom anna Minuskel, Bård Lilleøien og Arne Bye hadde eg allereie.

I tillegg eit par kilo med skissebøker og portfolioer av Michael Golden, Joe Jusko og Nick Cardy.

Neil Gibson fortalde om sine teikneserier «Twisted Dark», antologiar der han har skrive manus til fleire forskjellige teiknarar. Han hadde mykje interessant å fortelje om si veldig metodiske tilnærming til det praktiske ved seriar, i dei delane av føredraget eg fekk med meg.

Thierry Capezzone hadde eit veldig interessant føredrag om tusjing, der han kom inn på ein del enkle men interessante prinsipp ved tusjarbeid og korleis han byrja si karriere som assistent for Peyo (han som skapte Smurfane).

Eg fekk med meg programposten der Mike Collins og Konstantin Komardin snakka om sine sci-fi seriar og viste eksempel før dei sette seg ned for å teikne ein jam. Mike Collins, konkurransemenneske som vanleg (og sterkt motivert av å «upstage» Komardins kraftfulle sci-fi illustrasjonar) , overgikk seg sjølv med ein nydeleg designa hushaldningsrobot som Komardin seinare teikna inn i ein kontekst. Flotte greier frå båe to.

Komardin er ikkje berre ein imponerande teiknar men og utdanna animatør og neste programpost (som eg gjekk glipp av) viste 3 av hans animasjonsfilmar som fekk mykje skryt av dei som såg dei. Meir om han seinare.

Michael Golden vart så intervjua om si karriere. Eit vanskeleg intervjuobjekt då han er av den typen teiknarar (som John Buscema) som reint ut seier at dette er ein jobb, han gjer den for å få betalt, og sjølv med seriar som mange fans setter pris på så var det ikkje historiane men kvaliteten på arbeidssituasjonane som han hugsa best.

Laurdagens festivalbankett kan vel best oppsummerast med den sikkert no infamøse Youtube-videoen av Kim Holm, Fredrik Rysjedal, Eirik Andreas Vik og Are Edvardsen (representert ved Joachim Furholm) som demonstrerer korleis trim påverkar teikneferdigheiter.

Galne folk. Galne, galne folk.

Elles imponerte Nils Axle Kanten resten av bordet med sine evner som portrett-teiknar/karikaturteiknar. Den mannen har uante talenter. (Vel kanskje ikkje heilt «uante»).

SUNDAG
BA hadde eit lite stykke om Cosplay. Seinare på dagen hadde både TV2 og Bergen Student-TV innslag om Cosplay på Raptus.

Sundagen er oftast ein roleg dag, men mykje interessant allikevel. Kim Holm, Arild Wærness, Tore Strand Olsen, Espen Terjesen og Thierry Capezzone fortalde om og diskuterte sine forskjellige undervisningmetodar og erfaringar kring teikneseriekurs.

Thierry fekk avrunde med å fortelje om den nye boka «Tegn og Fortæl» som han og Peter Madsen har laga og som gir eit fyldig innblikk i korleis ein jobbar med teikneseriar. Det er på ingen måte ei overflatisk bok, den går mykje i djupna på dynamiske komposisjonar og designval, samt at den kjem inn på slike ting som kontakt med forlag, kontraktar og marknadsføring. Den er rykande fersk og først retta mot bibliotek men kjem etterkvart i vanleg handel. Anbefalast sterkt for folk som lagar seriar og for lærarar som er ute etter solide ressursar til undervisning om seriar.

Som så ofte skjer på Raptus så vart det eit uventa «Sofies Val» der eg måtte velje mellom ein programpost med Cavazzano og ein med den russiske serieskaparen Konstantin Komardin. Eg valde å få med meg meir av Komardin, noko eg ikkje angra på. Han hadde mykje interessant å seie om forholda for teikneserieskaparar i Russland, og om korleis dei forholder seg til mangelen på distribusjon og finansiering samt det aukande sensurtrykket.

I serien av illustrasjonsprega programpostar kom fleire serieskaparar inn og gav oss sine versjonar av Edvard Munchs «Skrik» og «Madonna». Mest imponerande var vel Jill Thompsons Akvarellportrett av Scary Godmother som «Madonna» og Joe Juskos Vampirella- «skrik».

Deretter fulgte to gode programpostar der Joe Jusko og Jill Thompson fortalde om sitt arbeid og sine teknikkar, før eg måtte gå for å nå flyet.

Så det var mi Raptus-oppleving. Eg får sjå kor fort eg får ferdig anmeldingar av delar av det eg plukka med meg.

divider
  1. Takk for interessant rapport! Skulle gjerne vært tilstede selv. Når det ble vanskelig å få til, setter jeg desto større pris på å at noen tar seg bry med å referere:-)


    Bodil Revhaug    12. September 2012, 15:23    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)