Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

IMPORTVARE: SHARAZ DE (18.02.13 )

Tusen og ei natt av Sergio Toppi

Av: Knut Robert Knutsen

Under grupperinga «importvare» ser eg på diverse titlar som ikkje enno er gitt ut på norsk, det einaste kriteriet er at det er ting som eg ville lese sjølv.

Den italienske serieteiknaren Sergio Toppi gjekk bort i fjor, i ein alder av 80 år, og eit av hans mest kjende meisterverk, «Sharaz De» er no kome ut på engelsk, med ein innsiktsfull introduksjon av Walter Simonson, ein av mange teiknarar som er påverka av hans design-sans.

Historia er «Tusen og ei natt», der ein sjalu Konge vert så forstyrra etter at broren vart bedratt at han sver at han skal gifte seg på nytt kvar kveld og avrette kona kvar morgon for å unngå å verte gjort til hanrei.

Heilt til han giftar seg med Sheherazade (Sharaz De i denne versjonen).

Toppi har gjort ein del påtakelege endringar i forteljar-måten her, for å tilpasse historiene til periodisk utgiving. Byrjinga er lettare omskriven og forenkla, alle små avstikkarar og den intrikate veven av historier inni historier er vekke. Der det er ein nerve i den opphavlege historia at Sheherazade med vilje er halvveges i ein historie innan sola står opp, slik at Kongen (eller Kalifen) må vente til neste kveld for å høyre slutten, avsluttar Sharaz De her kvar enkelt historie ved solnedgang. Slik at kvar historie er eit eige kapittel i ei serialisert bok.

Toppi fokuserer på enkle moral-historier, og vel difor vekk dei erotiske og homoerotiske historiane, dei korte fablane, historia om to menn ved namn Sinbad, Haroun Al-Rashids eventyr etc. Det same med mord-mysteria, dei groteske komediane, dei bestialske romansane, dei politiske intrigane og dei kannibalske slaktarane.

Istaden får ein historier som den om ein arrogant prins som er altfor opphengt i jakt og hans trufaste falk. Historia om ein sjuk prins som løner sin redningsmann med utakk. Moralske fablar om å vise nåde, om å vere audmjuk, om å bruke hovudet.

Slik sett så er grunnlaget for boka ein sterkt forenkla versjon av originalen.

Det er det Toppi så gjer med desse enkle, biletrike moral-historiene som er interessant. Toppis stil er bygd opp av intrikate skraveringar og mønstre, bilete og ruter som flyter ihop og inn eller ut av kvarandre og ein dramatisk bruk av negativt rom (store kvite flater).

Det er mange andre teiknarar som har jobba på denne måten, med store figurer som bryt ut av rutene, ruter inni ruter etc. Dette gjelder spesielt dei spanske teiknarane som braut igjennom i Warrens skrekk og mysterie-titlar på 60-talet, og ein del av dei filippinske teiknarane som jobba for diverse skrekk, mysterie-og magasintitlar for DC og Marvel på 1970-talet og utetter. Men ofte så skar det seg fordi dei ikkje visste å gjere dette på ein måte som tente historieforteljinga.

Det som hevar Toppi over resten er at kvar side, med sitt slåande design, fører oss effektivt frå utsnitt til utsnitt, og fortel historia ganske så klart, samstundes som den totale designen skapar eit slags draume-liknande uttrykk, der lesaren, istadenfor å kontrollere tempoet i si eiga lesing slik ein oftast gjer med teikneseriar, vert dregen med straumen i ei frådande elv av inntrykk.

Toppi blandar saman visuelle element frå prekolumbisk indianarkultur, kinesiske, japanske, indonesiske og afrikanske tradisjonar og europeisk kultur i eit flettverk som framstår som ein presentasjon av grunnleggjande symbolske arketypar. Som er ein litt pretensiøs måte å seie at han steler inntrykk frå alle mogelege kjelder og får dei til å fungere saman som gjenkjennelege symbol.

Nokre av historiene er fortald i svart-kvitt, nokon i fargar. Kompleksiteten i svart-kvitt skraveringane, med sine mange merkelege teksturar, gir stundom eit inntrykk av å vere «fargerike» i seg sjølv, og dei ofte monokrome fargesidene viser kor mykje variasjon ein kan få sjølv om ein berre brukar ein farge.

Det paradoksale her er at den kompleksiteten og spennvidda som Toppi strippar vekk frå plottet og teksten til historiene, vert kompensert for med ein merkeleg stimulerande kompleksitet i det visuelle uttrykket.

Sharaz De er eit monumentalt illustrasjons-verk som ein må ta seg god tid for å lese og nyte. Ein må ikkje la seg freiste til å bla for fort. Det er ofte lite tekst på kvar side, så det er lett for at ein gløymer seg, men ein må stoppe opp det ekstra sekundet og la auga kvile på sida, la seg henrive og flyte med designet, la seg lede frå punkt til punkt i teikninga og få med seg alt. For Toppi fører oss dit vi skal så lenge vi er viljuge til å stole på han.

Ahem. Så eg likar den. Det håpar eg at andre gjer òg.

Sharaz De
Av Sergio Toppi
ISBN : 978-1-936393-48-0
224 sider
29.95 US Dollar
Archaia Entertainment
USA/ Engelsk

(Innkjøpt via www.bookdepository.co.uk)

divider
  1. Helt enig med deg. Historien er en skuffende flat og forenklet gjenfortelling av ’1001 Natt’, men tegningene er fantastiske, i en stil som minner litt om Thore Hansen (eller kanskje det heller er omvendt).

    Jeg skulle gjerne sett mer Toppi på engelsk eller norsk, men kanskje er det like greit å bare se på bildene uten å kunne lese teksten.


    GH    19. February 2013, 21:27    #
  2. Eg vil seie at der er ein fordel å kunne lese teksten. Eg har Sharaz De på fransk frå før og det er skjønt å kunne følgje historien skikkeleg i den engelske versjonen. Eg har Le Collectioneur-samlinga på fransk ståande og blar meg igjennom den innimellom, men fransken min er mykje for ustø til å få fullt utbytte av den.


    Knut Robert Knutsen    19. February 2013, 22:37    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)