Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

GENTLEMAN I VILLMARKA (19.02.13 )

Thule forlag presenterer ei ny klassikarsatsing

Av: Knut Robert Knutsen

Thule Forlag har i løpet av dei siste ca 20 åra utgitt over 70 bind av den klassiske og kritikarrosa Sundagsside-serien Prins Valiant av Hal Foster (med fleire etterkvart). No følgjer dei opp med ein mindre kjent klassiker: Lance av Warren Tufts.

Lance har mykje til felles med Prins Valiant. Bruken av boksar med skildrande tekst i staden for dialog i snakkebobler er ein ting. Kvaliteten av teikninga, med kvar side eit kapittel, og hastigheita ein går igjennom plottet med.

Lance handlar om ein ung løytnant ved namn Lance St. Lorne som kjem til grenseutposten Fort Leavenworth (i det som seinare vert Kansas) i 1834 og hamnar i dramatiske situasjonar med arge indianarar, pelsjegarar og dandyar. I tillegg er der eit godt utval av pene damer som vert gjenstand for korte romantiske sekvensar.

Serien er lettbeint og variert underhaldning av den typen ein kunne forvente av 1950-tals Western, (Før Spaghetti-Westerns og anna gjorde genren meir nyansert men òg meir seriøs og tung), men nydeleg teikna og med intens dramatisk driv. Warren Tufts sine teikningar er dynamiske og han skyr ikkje det overdrivent melodramatiske. Skjønt han går ikkje så langt inn på det komiske og over i slapstick som Hal Foster gjer i Valiant-serien. Denne serien er meir seriøs i tonen.

I tillegg så er det her satsa på å vere historisk autentisk og mellom anna vert ikkje indianarane portrettert som unyanserte villmenn, det vert gjort eit poeng av at dei er ute etter å få attende sin eigen eigedom og at dei ofte har sterkare moralsk ryggrad enn dei kvite dei kjem i konflikt med.

Eit gjestespel frå Kit Carson (den historiske personen, ikkje den versjonen som ein finn i Tex Willer) får vi òg, i ein sekvens som gir litt meir djupn til Lance som karakter.

Eg er sjølv ein fan av Warren Tufts, basert på serien han gjorde før denne: Casey Ruggles, som foregikk i California under Gullrushet. Det var er ein serie med snakkebobler og dagsstriper og Tufts nytta der høvet til å ha lengre karakterbaserte dramatiske og komiske sekvensar som er det einaste saknet eg eigentleg har med denne serien.

Begge desse elementa (snakkebobler og dagsstriper) dukka opp seinare i serien og vil trykkjast i seinare album (snakkebobler frå og med 2. album, dagsstripene vil såvidt eg skjøner plukkast ut og samlast i eit 4. bind for seg sjølve).

I marknadsføringa av serien har Thule omtala den som ein av historiens finaste teikneseriar. Eg veit at enkelte då har spurt seg ”viss det stemmer, kvifor har ikkje vi høyrd om den?”. Eg trur difor det kan vere lurt å sjå på kva dette baserer seg på, så kan folk gjere seg opp si eiga meining.

Det er her tale om amerikanske avisseriar, og det er eit trist faktum at mange gode avisseriar ufortent har vore gløymd og oversett av mange kritikarar, mellom anna fordi dei ikkje har vore opptrykt i bøker, i aviser var det berre tilgjengelege i enkelte marknader, og kanskje til og med berre i mindre regionale aviser. Denne mangelen på oversikt rammar spesielt seriar som Lance, som berre varte i 5 år og som dessutan gjekk over i Public Domain då opphavsretten laup ut frå 1983 til 1988 (etter at Tufts sjølv døydde i 1982).

Ein av dei store eldsjelene bak å samle, arkivere og katalogisere alle eksisterande avisseriar, samt eksemplar av kvar einaste stripe frå avisene, var teikneseriehistorikaren Bill Blackbeard. På grunn av denne samlinga (som no er husa i eit universitetsbibliotek) så var Blackbeard òg ein av dei få serievitarane som med noko autoritet kunne seie kva som fanst av gamle seriar og korleis dei kunne rangerast innbyrdes.

Så når Blackbeard seier at Lance er den finaste fullsiders sundagsstripa av dei først utgitt etter 1930-talet så er det sagt med ei viss tyngde, men det var òg vanskeleg å seie det imot fordi det var få eller ingen som hadde same oversikta.

Det som kan seiast er at Sundagssidene under og etter andre verdskrig, på grunn av papirrasjonering, vart krympa ned frå fullsides-format. Til og med marknadsleiarar som Steve Canyon måtte ned på ei halvside. For ein ny serie så måtte kvaliteten på teikningane og underhaldningsverdien vere ganske høg for å sleppe til på ei heil side. Der var heller ikkje så mange slike nye etter 1930-talet. Den einaste eg har høyrd referert til som nemneverdig av desse utanom Lance er ”Johnny Reb and Billy Yank ” av Frank Giacoia, skjønt der skal ha vore fleire.

Når Blackbeard så snakkar om slike seriar etter 1930-talet så utelukkar han òg Lance frå ”Det Gode Selskap” med slike klassiske Sundagssider som Little Nemo, Krazy Kat, Prins Valiant, Tarzan, Terry and the Pirates og mange andre.

Samanlikninga gjelder heller ikkje for amerikanske hefteserier eller serier frå utanfor USA.

Er Lance då så god som Thule vil ha det til? Eg vil seie at det er ein nydeleg serie med spektakulær fargebruk som vil vere spesielt attraktiv for fans av Prins Valiant og fans av western, som ikkje let mangelen på snakkebobler avskrekke. Eg vil seie at dette er god klassisk underhaldning med ei veldig autentisk kjensle og eit syn på menneska på alle sider i denne konfliktfylte perioden som er meir nyansert og humanistisk enn mange kanskje ville forvente frå denne perioden. Passelege mengder med humor, sentimentalitet og melodrama innimellom.

Er dette ein av historiens beste serier? Det vil eg ikkje påstå, der er konkurransen for hard . Best i sin klasse, slik Blackbeard definerer den? Det kan eg gå med på. Definitivt ei bok eg sette stor pris på og som eg vil anbefale for alle som likar god gamaldags western.

Lance (bok 1)
Av Warren Tufts
88 sider
300 kroner
ISBN: 82-91957-97-5
Thule Forlag

divider
  1. Grei gjennomgang, men …
    Referansen til Steve Canyon og “helsider” holder ikke helt mål. Lance ble heller ikke laget i “full page” slik som Prince Valiant.
    Helsidene det er snakk om er “tabloid” og disse dekker ca. Samme mengde papir som en “halvside”. Canyon bel opprinnelig laget som halvside, med en og annen tobloid innimellom. Det reduserte formatet hos Canyon er “third” eller enda mindre.


    IpComics    19. February 2013, 15:54    #
  2. Kanskje eg var uklar. Ifølge dei kjeldene eg fann så vart Steve Canyon køyrd i halvside-format. “Ned på” kan kanskje antyde at den var større (fullsides) før, det var ikkje meininga. Eg berre nytta Steve Canyon som eit eksempel på at ikkje eingong ein serie som det kunne rekne med å få ei heilside.

    Alle referansane eg fann til Lance seier at det var ei “Page high” /“full size” sundagsside av same type som Prins Valiant, og Bill Blackbeard-sitatet referer spesifikt til Lance som “Page-high”. Det vil seie at det ikkje hadde ein “topper” som til dømes Flash Gordon etc.

    Viss det er feil, så kan eg ikkje seie anna enn at eg støtta meg på det eg hadde tilgjengeleg.

    Har du ei god kjelde til meg der eg kan finne den eksakste informasjonen? Goulart har ikkje informasjon på sidestorleiken, og eg har ikkje direkte tilgang på Van Horn. Alt eg fann på nettet førte meg berre til “Page high” med referanse til Blackbeard og Van Horn.


    Knut Robert Knutsen    19. February 2013, 16:36    #
  3. Beklager, jeg var nok litt rask der. Det jeg sier om Steve Canyon er greit, men Lance var nok i “full page” En av de siste faktisk.
    Poenget var allikevel at man ikke må forveksle “full page” med “tabloid”, og SC-sider har ikke blitt redusert til “half page”!
    Skulle gjerne hatt en av de store Lanse! ;)


    Ipcomics    19. February 2013, 17:28    #
  4. Tufts er stor, hans Casey Ruggles minnes med glede fra gamlke COLT (savner det bladet, ja). Denne gleder jeg meg til å se.

    Ellers holder jeg en knapp eller to på at Frank Godwins RUSTY RILEY er en bedre serie, men det er kanskje en annen kategori? God er den ihvertfall, har kjøpt noen fargehefter på Ebay fra 50-60-tallet.


    Arild    19. February 2013, 19:29    #
  5. Det eg finner på Rusty Riley er tabs, half-tabs og 1/3 side. Det vil seie eit anna format.

    Rusty Riley er jo ein nydeleg serie den òg, men det verkar som det er utanfor kategorien Blackbeard nytta.

    Det er noko av dette som gjer slike utsagn problematiske. Blackbeards utsagn er presist, men klart snevert klassifisert. Det same er utsagn om at Tufts striper er blant dei beste Western-stripene (Goulart) (som og er eit snevert felt, men med større konkurranse) og at Lance er ei av dei beste historiske stripene (som vart nemnd ein stad, eg har ikkje linken no) (som er eit snevert felt, og eit der autentisitet er eit viktig kriterium).

    Ei god, nydeleg teikna og historisk autentisk Western stripe frå grenseutpostar i midtvesten på 1830-talet ville ha vore nok anbefaling for meg.

    Ting trenger ikkje alltid å marknadsførast som “best”. Spesielt ikkje når det kan telje imot produktet.


    Knut Robert Knutsen    19. February 2013, 20:14    #
  6. Mot all sedvane har jeg støttet meg til oppgulp fra et “Wiki” nettsted når det gjelder “full page”. Jeg kommer tilbake med nærmere om jeg finner noen som har, eller har sett, en Lance “full page”!


    Ipcomics    19. February 2013, 20:25    #
  7. Hei, eg skjøner kva du meinar. Eg ser no at eg har krysskobla og fått Van Horn istadenfor Horn (heldigvis ikkje forveksla William og Maurice i same slengen). Eg trur hukommelsen har tatt seg vinterferie saman med resten av meg.


    Knut Robert Knutsen    19. February 2013, 20:55    #
  8. Har akkurat fått beskjed fra redaktør og utgiver av Comics Revue at han eier den første siden av Lance, og den er “full page”, så da er den saken bekreftet.
    De som har slike sider skåret ut fra aviser på 40 og 50 tallet vet at de er fullverdige kunstverk. Særlig Prince Valiant, men det finnes andre. Og som Knut sier, noen disponerte “full page” fordelt på to serier. Raymond og Young, bl.a. Dengang hadde avisene “tegneserier”! ;)


    Ipcomics    19. February 2013, 23:50    #
  9. Fremragende gjennomgang av KRH som belyser flere interessante sider ved LANCE.

    Vil påpeke at det kun var de 84 (eller der omkring) første søndagssidene av LANCE som hadde tekst inne i billedrutene.

    Etterhvert overtok snakkeboblene, og da serien ble samkjørt med dagsstripene lignet den mer og mer en vaskekte westernklassiker med originale pratebobler.

    Har ikke fått lest LANCE i større utstrekning, men har en klar mistanke om at seriens siste halvdel var atskillig mer epokegjørende enn den første.
    Og spesielt med dagsstripene til å utdype søndagsserien ga det et stort løft for å utdype intrigene.

    Med unntak av Prins Valiant er det svært få søndagsserier som er virkelig gode uten å støtte seg til dagsstriper, slik jeg ser det. (Mandrake av Falk/Davis og Tarzan (av Russ Manning) er meget hederlige unntak.)

    Derfor er det ekstra leit at Thule planlegger å skille søndagssidene fra dagsstripene.

    En samling av Rusty Riley er nylig utgitt av Classic Comic Press.


    Jostein Hansen    20. February 2013, 00:53    #
  10. Lance kom til Norge gjennom tegneseriebladet Skippern, hvor søndagssidene gikk fra første plansje.

    Serien gikk jevnt og trutt i bladet til Skippern gikk inn i 1959.

    Skippern hoppet over siden der Lance springer rundt naken, ja, slik drev tegneseriebladet sin selvsensur den gangen.

    I boken er det mot slutten en seksjon hvor plansjene går over fra vanlig fargelagte tegnede sider til en form som minner om akvarelltegning (vannfarger), for så igjen gå over til den ordinære formen med fargelagte tegninger.

    Jeg var spent på om det var de originale sidene eller noen lagte (for boken), hvis originalene ikke var å finne. Jeg lette i Skippern for å få svar, men, dessverre, denne seksjonen var hoppet over i Skippern, så disse merkelige greiene venter på sitt svar.

    Søndagssidene med Rusty gikk i Spøk og Spenning (på baksiden). Også denne serien gikk jevt og trutt til dette bladet også gikk inn i 1954.

    For øvrig er denne engelskspråklige utgaven med Rusty Riley ikke utgitt enda, boken er planlagt lansert i juli 2013.


    Bjoulv    20. February 2013, 11:28    #
  11. De sidene som var akvarellaktive er originaler. Tufts eksperimenterte en periode med annerledes fargelegging.

    Forøvrig må det tillegges at omslagsbildet er Tufts strek + ny fargelegging av Peter Bergting!


    Johnny Kongo    21. February 2013, 00:22    #
  12. Tufts oppviser eminent tegneseriekunst i denne første boken fra Thule. Personlig mener jeg han overgår Hall Foster på Prins Valiant.

    Fargeleggingen er imponerende i seg selv, noe som gjør at enkelte landskapsbilder er en ren nytelse.

    Men jeg stusser på hva Thule skriver i forordet:

    “Av en eller annen grunn har Lance aldri vært utgitt i farger”. (Før Manuel Cardas utgave i 2011.)

    Menes det her i en samleutgave, eller hva siktes det til?


    Jostein Hansen    23. February 2013, 08:59    #
  13. Forlaget lyktes nesten 100% med den første LANCE-boken i hardcover.

    Noen som har sett noe til den bebudede oppfølgeren, der også dagsstripene skal være inkludert?


    Jostein Hansen    13. November 2013, 10:43    #
  14. Nei! Ikke har vi hørt noe som tyder på at stripene blir inkludert. I eget bind, ble det sagt!


    IpComics    13. November 2013, 10:47    #
  15. Bind 2 er ute med dagstripene inkludert. Flott bok!
    Jeg har hatt den siden 4. oktober! Den ble presentert på tegneserietreffet i Sandnes den kvelden/dagen!


    Bjoulv    13. November 2013, 17:42    #
  16. Det må kalles smalt nedslag!!


    IpComics    13. November 2013, 22:46    #
  17. Eg trudde eg hadde bestilt denne, er den sendt ut til abonnentar òg eller var det ei førehandsutgåve som vart seld i Sandnes?


    Knut Robert Knutsen    14. November 2013, 09:09    #
  18. Geir Jahnsrud møtte personlig og promoterte Lance bind 2 på denne to dagers meget reperesentative tegneserieforsamligen i begynnelsen av oktober, med deltakere fra det ganske land.

    Geir fortalte meg senere at han var meget fornøyd med dette Stavanger/Sandnes besøket.

    For dem som ønsker å kjøpe boken, eller venter på sitt eksemplar i abonnent vil jeg anbefale en direkte henvendelse til Thule forlag. Geir er alltid en hyggelig kar som vet å yte service.


    Bjoulv    14. November 2013, 15:32    #
  19. Bind 2 av LANCE får hyggelig omtale i dagens utgave av Dagbladet, ved siden av en lengre sak om Lars Fiske.


    Jostein Hansen    26. February 2014, 21:35    #
  20. Senere er også bind 3 av serien utgitt, LANCE 1957-1958 i 2014 (noen som har eksakt dato?), uten tvil det beste i serien så langt.

    Koblingen dagsstriper/søndagssider gir dybde og intensitet til en fabelaktig fortelling med mennesker i kamp med seg selv og naturkreftene.

    Nå venter vi bare på fjerde og siste bind…?


    Jostein Hansen    31. January 2016, 16:09    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)