Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2014: BARN OG FAMILIE ( 3.12.14 )

Noko for dei aller minste, noko for dei litt større og noko som kanskje er for alle.

Av Knut Robert Knutsen og Trond Sätre

Jul for alle pengane

Henrik Rehr står for mange julehefter i år (og hans kritikarroste teikneseriebiografi om Gavrilo Princip bør vere hard pakke under ein del juletre i år). Knerten har han teikna etter manus av Dag Kolstad nokre år no. Mens det i enkelte år har vore ein del sommarhistoriar så er det berre julehistoriar i år, og Knerten finner på mykje spanande. I ei samling med sjarmerande og koselege korthistoriar går Knerten og Lillebror på skøyter, helsar på naboane og vert vitja av nokre utkropne julebukkar.

Dette er ein serie mest for barn, ikkje «alle aldre» slik som Barks, Rosa og diverse andre. Dag Kolstad er jo ein usungen mester på det i norske teikneseriar – Eg hadde aldri trudd eg skulle kunne lese eit Elias-hefte og faktisk like det. Denne vert plassert øvst i bunken for barn som framleis likar å lesast til.

Knerten Jul
Skrive av Dag E. Kolstad og teikna av Henrik Rehr
36 sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media Nordic



Huset fullt

Hans Jørgen Sandnes kom i fjor med sitt første «Mormor» julehefte, med tekstane sjølvsagt henta frå Anne-Cath Vestlys eigne sjarmerande historier (eg hugsar framleis vi sat klistra foran radioen når ho las). Fjorårets hefte var definitivt blant årets beste. Sjølv om det er bra i år òg, så er det kanskje ikkje teikningane fullt så inspirerte. Historiene er framleis gode, og for målgruppa så vil mine eigne ankepunkt vere irrelevante.

Anne-Cath. Vestlys Jul – Mormor og de Åtte Ungene
Av Anne-Cath. Vestly, tilrettelagt av av Hanne Innsedt og teikna av Sandnes Media
36 sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media



For små venner

Dette juleheftet er ikkje heilt ein vanleg teikneserie, då det er produsert av Creacon Entertainment med stillbilete av deira data-animerte karakterar, basert på ei historie av Carl Christian Hamre. Det vert litt «foto-serie» av slikt, men vi skal ikkje vere for mykje puristar når det gjelder seriar for born. Teknisk sett kan det kallast ein slags teikneserie.

Dette er òg ein av desse seriane som det nok er meininga at ein skal lese for dei minste, med ei enkel men fargerik jakt etter eit mystisk snømonster. Bra for dei minste, ikkje så veldig spanande for oss andre.

Jul i Vennebyen – Jakten på Snømonstret
tilrettelagt av Hulda Westberg Sparbo basert på ein originalhistorie av Carl Christian Hamre
36 sider
Kroner 59,00
Cappelen Damm



Hemningslaus slapstick

Donald hadde Barks og Rosa, Hakke Hakkespett hadde Freddy Milton. Teikneseriane om Tom og Jerry har lenge vore i spanjolen Oscar Martin sine trygge, stødige hender. Han har ein dynamisk og kreativ strek, og solid oppbygde historier med eit oppkomme av gags.

Årets julehefte startar med ein julemiddag som utartar seg til ei farse av Tex Avery-dimensjonar; her er det raske gags som vert piska til daude, sjokka i live og piska i hel att. Absolutt ein fryd å lese, og å sjå på. I tillegg ein historie om kva som skjer når Jerry med eitt må forholde seg til ein katt som er meir utkropen og infam enn Tom.

Greitt for dei av oss som diggar dei gode, gamle Tom og Jerry-teiknefilmane, for det er den typen humor ein får servert her.

Tom og Jerry Julehefte 2014
Av Oscar Martin
36 sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media Nordic



Tuppen og Lillemor på gallisk

I år har også Viggo forsvunne, så me står att med berre ein fransk-belgisk julehefteserie. I alle år har Asterix julehefte veksla mellom to ulike samlingar med korthistoriar og bildeboka «Hvordan Obelix falt oppi trollmannens gryte da han var liten». Det er blitt veldig einsformig, så Egmont skal ha heider for å prøve kva som helst, berre det er noko nytt.

Årets hefte er eigentleg ei nødløysing; det er simpelthen ei analyse av vennskapet mellom Asterix og Obelix, illustrert med rikeleg av smakebitar frå albuma. Asterix og Obelix er teikneserianes Tuppen og Lillemor: Ingen er verre uvenner når dei kranglar, og ingen betre venner når dei blir forsona.

Som du forstår er det berre snakk om reprisar, nær sagt ein slags medley, der alle episodane er teke ut av samanhengen. Men i det minste er det noko nytt i juleheftesamanheng. Mest for folk i to ulike ender av skalaen: I den eine enden dei som ikkje kjenner Asterix så godt frå før, og i den andre enden komplettistar som samlar på alt av Asterix.

Asterix og Obelix – Bestevenner
Skrive av René Goscinny, teikna og skrive av Albert Uderzo
52 sider
Kr. 59,90
Egmont Kids media



Ein attgløymt skatt

Ruffens juleteikneserie kom ut i 2012, men som tilsynelatande mange andre så gjekk desse anmeldarane glipp av den då. Kanskje fordi den var i hardcover og utgjeve av Gyldendal, og derfor blei behandla som ei bokhandlarvare.

I år har me ikkje denne orsakinga. Heftet finst i kiosken (sjølv om det rett nok ikkje er like utbreidd som mange av dei andre julehefta) til typisk juleheftepris, så løp og kjøp.

Dette er Thore Hansen, den kjende fantasy-teiknaren (med nokre få men gode teikneseriar på samvitet) som har tatt sjøormen Ruffen over i teikneserianes verd i ei vidunderleg illustrert og oppløftande historie om Ruffen og noko spanande som skjer med han i jula. Flott illustrert med mange sjarmerande bifigurar, dette er unekteleg julas vakraste julehefte for barn mellom 5 og 100.

Meir slikt.

Ruffens Jul
Av Thore Hansen
44 sider
Kr. 59,90
Bestselgerforlaget

divider
  1. Ser generelt ut som greie hefter, om ikke helt i min målgruppe. Ruffen ser flott ut, og selv om det er “opptrykk” som jeg spøkte med tidligere er det jo bare flott om en renspikket Ruffen-tegneserie av Thore Hansen får flere lesere. Tom og Jerry-historiene i år er også gøyale så vidt jeg husker dem fra barndommen/ungdommen, men det kunne kanskje vært fint å fått inn noe nytt stoff i dette heftet igjen istedenfor rene repriser. På den andre siden av spekteret: Asterix-juleheftet i år skulle ikke vært utgitt i det hele tatt. Sånn er det med den saken.


    Marius Hestness    3. December 2014, 21:55    #
  2. Etter det jeg forstår er også Thierry Capezzone involvert som tegner på juleheftet til Knerten.


    Kristian Hellesund    4. December 2014, 00:34    #
  3. Det stemmer, Kristian, Thierry Capezzone assisterte Henrik Rehr med tusjingen. At han ikke kom med i kolofonen er en ren glipp fra min side. Som jeg beklager!!


    Haakon W. Isachsen    4. December 2014, 10:49    #
  4. Ruffen Ruler!


    *arild*    4. December 2014, 17:08    #
  5. Mormor og de åtte ungene er vel Innsedts historier, ikke Vestlys egne?


    Erle Marie Sørheim    4. December 2014, 17:24    #
  6. Nei, det står i heftet at desse historiane er Vestlys eigne.


    Trond    5. December 2014, 00:23    #
  7. Mormor og de åtte ungene: Tegneseriemanus er skrevet av Hanne Innsedt, men historiene er hentet fra Anne-Cath. Vestlys bøker.


    Haakon W. Isachsen    5. December 2014, 10:39    #
  8. Eg er sopass gamal at når eg var barn så hadde dei framleis Anne Cath Vestlys bokopplesingar på radioen, samt at Fjernsynet sendte “Mormor” TV-serien som Anne Cath spelte i sjølv, så det slo meg ikkje at nokon ville tru at dette ikkje var hennar historier.

    Noko av appellen for meg er at eg kjenner att historiane.

    Så reknar eg med at appellen for unge lesarar er at dette er drivande gode historiar.


    Knut Robert Knutsen    6. December 2014, 23:02    #
  9. Ja, jeg så det sto i heftet etter at jeg spurte her. Jeg kjenner lite til Mormor-historiene så for meg kom det som en overraskelse at hun bodde på gamlehjem, det trodde jeg først var en modernisering, men den gang ei.


    Erle Marie Sørheim    7. December 2014, 19:11    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)