Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SJØLVGJORT (27.01.08 )

Dei unge serieskaparane i Juleblekka skal ha ros for tiltaket, men heftet som så er ein variabel affære.

Av: Kristian Hellesund

“Dersom redaktørane ikkje vil gi oss ut, gjer vi det sjølv”, skriv Donald-forfattar Olaf Moriarty Solstrand om filosofien til dei unge serieskaparane bak Juleblekka i forordet. Og filosofien er god. Her og i forgjengaren Serieblekka får vi sjå fleire teiknarar på trykk for fyrste gong, og utgjevinga er ein god dokumentasjon på kva desse serieskaparane kan levere akkurat no. Kanskje det er akkurat her framtidas Frode Øverli har sin debut?

I Juleblekka er det åtte serieskaparar som syner fram strekane sine. Jul er naturleg nok eit gjennomgåande tema, og julenissen fungerar som ein stadig prügelknabe. Teikne- og fortellardugleiken er varierande. Fleire av teiknarane treng å arbeide meir med perspektiv, anatomi og teksting. Samtidig må det óg skytast inn at nokre av manusideane er gode, men dei hadde hatt godt av meir bearbeiding.

12 år gamle Kristoffer H. Stokkerud er utan tvil eit teiknartalent, og det er mykje godt forteljararbeid i teikneserienovella “Julekveld i skogen”. Stokkerud får fram ei dyster stemning som passer til historia med mellom anna spanande gråtonar. Marius Ø. Hunskår skal ha ros for serien “Jürgen rev”, der ein ekstra valdeleg teikneserieslektning av Den store stygge ulven får syne seg fram. Hunskår er dyktig i å byggje opp dei einskilde sidane, og fleire artige, humoristiske innslag gjer at serien hans er høgdepunktet i Juleblekka. Det er spesielt andletsuttrykka som er særs gode i denne serien.

Det vert spanande å sjå kva som skjer framover med desse serieskaparane, og rykta fortel at Serieblekka 2 snart kjem. Kva med å nytte same format der som i den fyrste Serieblekka? Juleblekka og A5-format er OK, men det hadde vore betre å få sjå desse seriane i hefteformat.

Juleblekka
28 sider
40 kroner
Eget forlag

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)