Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

ÅPENT BREV TIL MORTEN HARPER ( 2.11.08 )

Av: Olaf Moriarty Solstrand

I Verdens Gang 2. november etterlyser Morten Harper arenaar der nye teikneserierøyster kan utfolde seg. «Vi mangler en plattform for nyrekruttering», seier Harper til VG. Løysinga på problemet meiner han er å arrangere teikneseriekurs på Serieteket. Eg stiller meg spørjande til denne logikken. For sjølv om det kan argumenterast for at dei arenaane som finst for nyrekruttering i dag ikkje er gode nok, har vi mange som er betre enn kva eitt enkelt teikneseriekurs kan oppnå.

Nettserier.no, mitt hjartebarn og det norske teikneseriemiljøets svar på Urørt, blei oppretta i 2006. Til tross for minimalt med marknadsføring har sidene i dag 1300 registrerte brukarar, nesten 600 teikneseriar har blitt lagt ut, og kvar dag oppdaterast rundt tjue av desse – til glede for dei rundt tusen unike besøkande portalen har kvar einaste dag. På Nettserier.no skal det berre nokre museklikk til for å få lagt sine eigne seriar ut blant hundrevis av andre på ein slik måte at ein umiddelbart får tusenvis av lesarar.

Men Nettserier.no handlar ikkje berre om å finne eit publikum, det handlar òg om å få hjelp til å utvikle seg vidare. For sjølv om dei fleste av brukarane er amatørar, er det òg mange brukarar som har lang erfaring med å få ting publisert og som difor kan gi dei andre brukarane gode råd om korleis ein kan klare å utvikle seg vidare. Det er nemlig mange brukarar som sit på mykje kunnskap om korleis ein lager gode teikneseriar – frå stripeteiknarar som har hatt ting på trykk i Arbeideravisa, Moss Dagblad og Aftenposten til den norske albumdronninga Inkalill. Og portalen gir òg moglegheiter til å bli oppdaga – døme på seriar som har kome på trykk fordi forlagsredaktørar har kontakta dei via Nettserier.no er «Dante», som går i Kollektivet, og «Nilsen og Viktor», som går i M.

Er Nettserier.no godt nok til at ein kan kalle det ein god nok plattform for nyrekruttering til teikneserienoreg? Kanskje ikkje – ideelt sett bør vi drømme om noko større, noko betre, eit tiltak som skapar ei jamn tilstrøyming av geniale norske teikneserietilskot, eit system som sørgjar for at ingen ny Lauvik eller Jason nokon gong skal få ein sjanse til å rotna bort i ei skrivebordsskuff. Nettserier.no er framleis ikkje så stort at det kan skryte av å få til noko sånt. Det er heller ikkje den kjempejobben småforlaga gjer: Forlag som Laksevåg forlag, Wildside Comix og Kelpie Media legg ned eit utruleg fantastisk arbeid for å rekruttere nye serieskaparar til det norske teikneseriemiljøet.

Men dersom det er det ein legger i «plattform for nyrekruttering», kvifor skal ein då tru at ein kan løysa dette problemet med å innføre teikneseriekurs på Serieteket?

Ikkje misforstå meg. Eg er positiv til teikneseriekurs for vaksne på Serieteket. Eg synest det høyrast ut som eit genialt tiltak. På same måte som eg synest at Oslo Comics Expo – og alle andre prosjekter NTF har jobba med dei siste åra – er geniale tiltak. Det eg ikkje skjønner er den haldninga som får Harper til å meine at dette vil vera så stort og bra at det vil løyse alle dei problema verken Nettserier.no eller dei store forlaga klarer å løyse aleine. Teikneseriekurs er vel og bra, men når ein argumenterer for at det ikkje eksisterer ein plattform til nyrekruttering i det norske teikneseriemiljøet, argumenterer ein samtidig for at dei tiltaka som allereie finst, ikkje er gode nok. Kva vil då gjera at dette tiltaket vil bli så mykje betre?

Det enkle svaret på dette spørsmålet kunne vera at Harper ikkje kjenner til dei plattformene som allereie eksisterer, men så enkelt er det ikkje. Harper er president i Norsk Tegneserieforum og har difor god kjennskap til dei ulike aktørane i teikneserienoreg. At han kjenner til Nettserier.no viste han òg i Dagens Næringsliv 7. juli 2008, då han omtalte portalen i samband med ein omtale av Christopher Nielsens og Roy Søbstads nyaste bøker (her viser han rettnok etter mi meining at han overhovudet ikkje har satt seg inn i kva sida inneheld, når han hevder at «de fleste synes å være meir opptatt av å bli den neste Frode Øverli enn av å formidle et personlig inntrykk», men det er ein annan diskusjon).

Dersom det verkeleg er tilfelle at Nettserier.no, dei norske småforlaga, Tegneseriens Dag, framvekst av lokale serieteiknarmiljø som Steinkjer Serieliga og Tegneloftet i Bergen, og alle andre tiltak som til ei kvar tid føregår for å auke nyrekrutteringa til det norske teikneseriesamfunnet ikkje er gode nok, oppfordrar eg Harper til å fortelja oss kvifor – kva er det som gjer at tiltak som Nettserier.no er ein dårlegare arena for nyrekruttering enn eit enkelt teikneseriekurs på Serieteket? Eller, for å sjå litt utanfor denne eine kommentaren til VG: Kva er grunnen til at så få av desse tiltaka er nemnte i den oppsummeringa av det norske teikneseriemiljøet anno 2008 som Norsk Tegneserieforum m.fl. sendte til kulturminister Trond Giske i mars? Eg er nøydt til å spørja – er problemet at desse tiltaka ikkje har sitt opphav på Grünerløkka?

Eg ønskjer Norsk Tegneserieforum lykke til med gjennomføringa av teikneseriekurs på Serieteket – at det blir ein suksess, er eg ikkje i tvil om. Men når dette kurset presenterast som løysinga på problemet med manglande nyrekruttering til det norske teikneseriemiljøet, føler eg at NTF ignorerer alle dei av oss som allereie har jobba for ei slik rekruttering i årevis og som trudde at vi gjorde ein halvvegs bra jobb.

divider
  1. Sommarkursa i Bergen har jo hatt ein del positiv avkastning i form av Talent-utvikling dei siste 10 åra, så eit liknande seriekurs for vaksne i Oslo, meir sentralt og lett å nå enn Bergen for ganske mange, vil sikkert ha mykje å seie.
    Eg trur ein forlagsbasert “boot-camp” for talent som er nesten bra nok, men ikkje heilt (på linje med diverse forlag sine arbeidskurs for kommande Prosa-debutantar) hadde vore ein tanke. Det vil seie at ein fekk til eit opplegg der forlaga og vordande serieskaparar som har demonstrert eit talent, men ikkje nok til å hankast inn i forlagsvarmen enno, saman kan jobbe i forhold til å møte forventningane i bransjen og, med hjelp av gode instruktørar/ redaktørar/ vegleiarar produsere interessant og salbart stoff innanfor rammane av eit personleg uttrykk.
    Men det er vel ein litt naiv og håplaus tanke.
    Det verkar på meg som at der er mange som jobbar mot dei same måla men ein står alle i forkjellige endar og siktar forbi kvarandre. Det er som ein skal grave Togtunnel under den Engelske Kanalen, men så siktar ein forbi kvarandre og gjer vegen dobbelt så lang.


    knut robert knutsen    2. November 2008, 21:36    #
  2. Hun journalisten fra VG var ganske tilfeldig i sin sitering, og utsagnet er nok tatt litt ut av sammenheng. Hun var tilstede på OCX-møtet, og der ble det ymtet frampå om et sånt kurs, ingenting ble vedtatt. Syns Moriarty godt kan roe seg tre hakk her… det er da ingen som har sagt at nettserier IKKE er en plattform for nyrekrutering…


    Flu    3. November 2008, 11:12    #
  3. Flu: Eitkvart innlegg er sjølvsagt avhengig av at kjeldematerialet stemmer. Dersom Harpers replikk er tatt ut av samanheng eller regelrett feilsitert, vil sjølvsagt argumentasjonen i mitt innlegg vera ubrukeleg—slik er det med alle debattinnlegg. Og eg må sjølvsagt òg innrømme at eg nok set ting veldig på spissen her.

    Men i grunn ligger ein spørjande tanke til korleis NTF eigentleg ser på teikneserienoreg.

    Då NTF m.fl. for åtte månader sidan oppsummerte teikneserienoregs tilstand som vedlegg til sitt brev til kulturministeren, var verken Nettserier.no, Laksevåg forlag (som med FLEIP er eitt av landets største undergrunnsforlag) eller Wildside Comix (landets sannsynlegvis MINST mainstream forlag, som VERKELEG tør å gå sine eigne vegar) nevnt—det var derimot både Pokus forlag (som ikkje har utgitt noko som helst dei siste fire åra) og Donaldisten (omtalt som eit aktivt fanzine, til tross for at dei har kome ut med tre nummer dei siste tjue åra, det siste i 2004). Tegneseriens dag er nevnt, men berre som eit utgangspunkt for OCX, og teksten gir inntrykk av at Tegneseriens dag ikkje lenger blir arrangert (noko som sjølvsagt ikkje er tilfelle).

    Sitatet i gårsdagens VG er nok ikkje det beste dømet, men det opnar for å finne fram igjen spørsmålet om kva slags briller det er NTF ser på teikneserienoreg med. Som interesseorganisasjon er NTF ein av dei aller viktigaste aktørane i teikneserienoreg, og då har eg lyst til å i det minste prøve å forstå korleis dei tenker.


    Olaf Moriarty Solstrand    3. November 2008, 16:49    #
  4. Når det gjelder Øverli-biten har Harper et poeng, men det viser bare hvilken innflytelse Øverli har på nye serieskapere. Mange trenger akkurat den fasen for å komme i gang, akkurat som mange musikere starter med å spille coverlåter før de komponerer egen musikk. De som starter på egne greier med en gang vil alltid stå ut, men de vil også alltid være i mindretall.

    Den biten med at vi fortsatt er nr. 2 etter Japan i tegneserielesning skulle jeg gjerne sett noe dokumentasjon på, det tror jeg er en dårlig illusjon i disse dager…


    JK    3. November 2008, 17:15    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)