Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2014: NYTT GAMALT NORSK ( 7.12.14 )

Serienett ser på kjente og kjære norske figurar som opptrer i nye juleheftehistorier.

Av Knut Robert Knutsen

Stomperud i fortid…

Terje Nordberg og Magne Taraldsen held fram med forsøket med ein sprek Stomperud i lengre historier. Denne gongen fortel Stomperud om korleis forfaren, Augustus, sigra over svenskekongen, Karl den tolvte i 1717.

Der Håkon Aasnes revitaliserte 91 Stomperud frå ei leserskare av dusinvis med 70-åringar til det gamle publikummet av 40-åringar som var nostalgiske etter vernepliktstida, synast denne serien å satse på eit enno yngre og større publikum.
Karakterane i serien er tilpassa einsidarar; dei er enkle, dei gjer same feila opp att og dei fungerer utmerka i små doser. Er dei vellukka i dette formatet? Både ja og nei. Historia fungerer greitt, den har ein del fortreffelege scener basert på historiske hendingar, men Stomperud og 87 sine 1700-tals versjonar vert ofte sett på sidelinja.

Akkurat som Barks på radikalt vis endra Donald frå den enkle stripekarakteren til ein karakter som kunne bere ei lengre historie utan å miste det essensielle med karakteren, så står Nordberg og Taraldsen overfor ei stor utfordring i å gjere den gagorienterte 91 Stomperud om til ein karakter komplisert nok til å takle eit heilt album utan å ofre det som gjer karakteren spesiell.

Der synast eg ikkje at dei har lukkast enno, og Stomperud og 87 er den svake lekkja i kjeda i dette albumet. Eg håpar dei får høve til å utvikle serien vidare til alt er på plass. Totalt sett verdt å lese, men viss du berre leser eitt Stomperud i år, les 91 Stomperud.

Stomperud på Eventyr – julen 2014
Av Terje Nordberg og Magne Taraldsen
36 sider
Kroner 55,90
Egmont Kids Media



…og nåtid

Håkon Aasnes held fram med å utvide sitt repertoar på Stomperud, mellom anna kjem mor til August på vitjing for å vere med på militærøving i felt. I tillegg dukkar kjendiskokken Hellstrøm opp for å setje Majoren på slankekur, med ein del uforutsette konsekvensar. Petra på si side ymtar frampå om at ho er interessert i noko meir permanent. Er Aasnes ute etter å gjere ende på Stomperud sitt ungkarsliv? Neppe, men det er godt materiale for ein humorserie.

Alle karakterar ved sitt vande, men stadig nye grep på gamle situasjonar, Aasnes veit korleis han skal puste nytt liv inn i gamle karakterar, det skal han ha.
Som vanleg kan ein ikkje gå feil ved å leggje Aasnes sine julehefter i bunken.

Nr. 91 Stomperud – Julen 2014
Av Håkon Aasnes
36 sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media Nordic



Solan og paven

Flåklypa har dessverre hatt eit kraftig mannefall av teiknarar dei siste åra, og ingen hadde vel trudd at ein no skulle kunne finne ein teiknar som kunne trå i fotspora til Svein Samuelsen og Olav Asland. Men Henrik Rehr trår til med ein strek som viser tilbørleg respekt for både Aukrust og Samuelsen samstundes som han gjer det på sin eigen måte med ein litt strammare strek, meir formelle komposisjonar og mindre karikerte birollar.

Isachsen følgjer opp med eit manus som er tettare oppbygd rundt det sentrale plottet med færre av dei aukrustske avsporingane. At årets julehefte nyttar Pave Frans i ei sentral gjesterolle var ganske uventa men det fungerer absolutt. Solan Gundersen sleper oss med inn i ei merkeleg soge der Reodor Felgen og alle andre kjende figurar kjem veldig i bakgrunnen og fyller sine roller i plottet, men ikkje får utfalde seg slik at det senkar tempoet.

Usedvanleg stram i regien, men absolutt eit fabelaktig Flåklypa-julehefte.

Flåklypa Julen 2014
Av Haakon W. Isachsen og Henrik Rehr
36 sider
Kr. 55,90
Egmont

divider
  1. Et litt merkelig spørsmål:

    Hvordan vet du hvem som har skrevet og tegnet årets Flåklypa-hefte (som jeg virkelig gleder meg til å lese)?


    Jostein Hansen    12. December 2014, 01:11    #
  2. Hei.
    Det står i “kolofonen”, som er den korte teksten med info om opphavsrett og utgiver nederst på innsida av omslaget.

    Eg meiner det generelt er opplyst for lite om slikt i juleheftene, eller på ein litt vanskeleg måte. Eg har bomma grovt sjølv nokre gongar.

    (Dessutan så har Henrik Rehr delt ein del bilete frå sitt arbeid med serien på si facebook side – der han òg sel originalteikningar).


    Knut Robert Knutsen    12. December 2014, 08:40    #
  3. Kolofon-loven er kjent og aktet, og bør følges konsekvent, men i mitt eksemplar mangler disse opplysningene helt.

    Men godt å vite at de er på plass i andre utgaver.

    Flere?


    Jostein Hansen    12. December 2014, 19:09    #
  4. Hvilken utgave av Flåklypa har du lest, Knut Robert…?


    Jostein Hansen    12. December 2014, 22:27    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)