Rom for vekst

IMG 1144

Årets 24-hour comic challenge pågår denne helga på Blekk i Bergen,

Konseptet, heretter omtala som 24t, blei oppfunne av teikneserieskapar Scott McCloud i 1990, og handlar om at teikneserieskaparar skal utfordre seg sjølv ved å prøve å lage ein 24 siders teikneserie på 24 timar.

Ideen blir årleg gjennomført fleire stader i verda, mellom anna like før OCX i Oslo eller Lillestrøm, og i oktober på galleriet/kunst-og trykkbutikken Blekk i Bergen. Redaktør og teikneserieskapar Are Edvardsen (ståande i midten på forsidebildet) leier begge. I Bergen starta hendinga på Blekk klokka åtte i dag morges, og varer til klokka åtte søndag morgon. Ti teiknarar jobbar med kvart sitt prosjekt på huset, pluss to som er med via Discord frå Haugesund og Oslo.

-Vi kunne vore endå fleire, seier Are. -Men det er ikkje plass til så mange fleire på Blekk. Dei har prøvd å få halde 24 t på Bergen hovudbibliotek eller KMD. Men problemet er at deltakarane ikkje kan få vere der om natta.

IMG 1146

KMD er fakultetet for kunst, musikk og design på universitetet i Bergen, og gir ikkje lenger studentane høve til å låse seg inn eller ut om natta med tilgangskortet. Men deltakarane på 24t Bergen kjem uansett frå KMD, for det meste. Og kvart år det nykommarar. I år er halvparten av dei med for første gongen.

Ein av dei er Aina (bilde ovanfor), som er inne i sitt tredje år på KMD. Ho lagar ein ein teikneserie om ei rotte som bil bli riddar. Framgangsmåten hennar er å skisse serien i ei teikneblokk og deretter teikne den på pad.

Sesjonen i oktober resulterer alltid i ei antologibok som blir gitt ut av ÜberPress i november, og som samlar alle bidraga. Den blir lansert, igjen på Blekk, onsdag 11.11. klokka 17.00

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *