Gamalt kan bli som nytt. TNTs kraftinnsats for å gjere Fiinbeck & Fia meir interessant har i alle fall gitt resultat, skal vi tru juleheftepanelet.
Dei parallelle seriane Knoll og Tott og Kapteinen og ungene interesserer berre panelet vårt mildt, og sistnemnte series bifigur Phlopp hjelper ikkje.
Dei Billy-relaterte hefta – Billy, Jul hos Billy og vennene og Juleklassikere – er også ganske meh, men har nokre lyspunkt. Tom Sims’ Skippern (frå Juleklassikere) er ei klar forbetring frå det ofte brukte materialet til Bud Sagendorf og Hy Eisman.
Men aller best er Fiinbeck og Fia, som TNT overtok i fjor, og med det brøyt mønsteret ved å bruke dagsstriper i staden for søndagssider. Meir spesifikt striper frå 1942, som viser korleis middelaldrande, sivile amerikanarar handterte krigsrasjonering
Også omtala er Tom & Jerry og – i kortheit – Blondie