Norsk Tegneserieforum (NTF) har kome fram til ei ny ordning for framtidig publisering av medlemsbladet «Bobla».
NTFs heimesider kunngjer den nye ordninga. I første og andre runde innebærer dette at Bobla # 171 blir eit Felina julealbum av InkaLill. # 172 blir boka «På tur i en tegnet verden» av Tor Ødemark,
Ødemark er ein dedikert Donald-samlar og teikneseriekjennar. Han skreiv m.a. for Norges mest ambisøse fysiske tidskrift om teikneseriar gjennom tidene, TEGN (1986-2005). Boka samlar ei mengd med med artiklar og intervju han har gjort, og involverer mellom anna Carl Barks, Floyd Gottfredson, Don Rosa, Mort Walker, Will Eisner, Morris, Bill Gaines, Sergio Aragones, Tove Jansson og Freddy Milton. Og dessutan eit intervju med Helene C. Klovstad, den første omsetjaren av norske Donald Duck & Co.


Førsteopplaget av boka, gitt ut på Classica Forlag tidlegare i år, blei på kort tid utseld.
Årsavgifta for medlemskap i NTF er auka til 500 kr frå og med 2027. Til gjengjeld får ein då Tor Ødemarks bok, som hadde ein tilsvarande utsalspris på Tronsmo. Det blir ikkje lenger muleg å velge medlemskap til redusert pris og utan bok/blad.
NTF legger til at det er fleire som kan tenke seg å lage nye Bobla-utgåver på denne måten, og at publikasjonar frå teikneserieforumet dermed vil halde fram.
Vi sender deg noen godbiter omtrent annenhver uke, og bruker 







