Snakke julehefte – Bokasiner

Bokasiner

Julehefta blir prega av stadig meir volum, også dei med teikneseriar. Men er det ekstra lesestoffet verdt prisen?

Høyr sendinga her

Panelet startar med ei drøfting om årets Hercule Poirot julehefte, som inneheld eit nytt mysterium – «Den mystiske plumpudding» – men også teikneserieversjonen av «Mord på Orientekspressen», som er gitt ut to gonger tidlegare, og ikkje for så lenge sidan.

Stripene i samleboka Tommy & Tigern – Noe under senga sikler består også av kjent materiale, men her har forlaget vore retro nok til å gjengi stripene i svart-kvitt, slik dei opphaveleg blei presentert.

Lucky Luke er tilbake som julehefte, og følger nå same mønsteret som Asterix: Samle to album frå ulike årgangar der René Goscinny var forfattaren, og kall det eit julehefte. Fordelen er at du får desse gode albuma som nye, og slepp å leite på bruktmarknaden.

Endeleg har vi Barndommens helter, ein antologi av klassiske action-avisteikneseriar: Fantomet, Lyn Gordon, Mandrake, Rip Kirby og Modesty Blaise. Av det aktuelle historieutvalet anbefaler panelet særleg dei to siste frå det nå nedlagte Agent X9. Ulempa er at sidan dette er avisstriper i liggande format, så blir det litt smått å lese i ståande format. Særleg går dette ut over Mandrake. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *