Det blir Bergtatt i år også, sjølv om ikkje alle gjestene kan møte fysisk. Bergens andre teikneseriefestival finner stad på hovudbiblioteket den 17. oktober.
Bergtatt er framleis drive av ÜberPress-redaktør Are Edvardsen, som starta festivalen i 2018. Dei to første åra skjedde den i mai, på Teikneseriens Dag, men under koronakrisa blei det nødvendig å avvente situasjonen.
Bergtatt blir den fjerde norske teikneseriefestivalen, med eller utan fysisk publikum, som blir gjennomført i år. Den er også den einaste attendevendande teikneseriefestivalen som i år kjem til å vere på omtrent same størrelse som den har hatt før, dvs. ein laurdags ettermiddag.
Gjestelista består av Karstein Volle, Jenny Jordahl, Thomas F. Eriksen, Mac & Andreas Håndlykken og Trine H. Sejrup. Dessverre kan berre den sistnemnte av desse møte fysisk i Bergen. Talet på gjester som kan vere i salen er også avgrensa, slik vi etter kvart har vent oss til. Til gjengjeld blir innslaga strømma.
Følg med på arrangementsida på Facebook og arrangementsida for biblioteket for oppdateringar.