FRA NORD TIL SYD ( 2.11.10 )
Bjørn Ousland følger opp serien om Fridtjof Nansens si nordpolferd med ei tilsvarande om Amundsens erobring av Sydpolen.
Boka har fått namnet Sydover: Kappløpet Mot Sydpolen, og skildrer kappløpet til Sydpolen. Ousland bruker same språk, presentasjon og teiknestil som i boka om Nansen, Nordover , men med ei viktig skilnad.. Mens Nordover var ei blanding av bildebok og teikneserie, er Sydover meir konsekvent det sistnemnte, sjølv om mykje av informasjonen Ousland vil ha med må forteljast gjennom sidetekst, ikkje snakkebobler. For å unngå forvirring, er dialogen i boblene skrive med handstekstleg font og resten med maskintekst. Serien er full av informasjon og ymse, kuriøse detaljer, med vekt på Amundsen sin ekspedisjon. Men både Amundsen og Scott sine ekspedisjonar er skildra i ein viss detalj, utan at boka tek klart parti..
For øvrig har Ousland produsert akkurat det same som han gjorde med Nordover – Ei lettlest, og informativ faktabok om polarheltane våre, med store bilete for auka barnevennlegheit. Men Sydover får altså pluss i margen for eit meir gjennomført format denne gongen
Nordover – Med Nansen mot Sydpolen
ISBN 978-82-04-15265-7
56 sider
Kr. 249
Cappelen Damm

BOBLA BLIR NY <- Eldre | Nyere -> DEN EVIGE JAKTEN




