SUKSESS FOR ØVERLI (22.03.06 )
Frode Øverli opna utstilling med originale teikneseriar på laurdag. Teikningane på utstillingen vart selt på tjue minutt.
Historia om Frode Øverli og Pondus er eit teikneserieeventyr. Frå Pondus for fyrste gong kom på trykk i Vestnytt i 1995, har teikneserien fått status som motoren i teikneserienoreg. Med eige månadshefte, som berre har Donald over seg i sal, er skapnaden til Øverli leiande her i landet.
Mange serieskaparar stiller gjerne ut teikneserieoriginalane sine, og i helga opna ei separatutstilling med Pondus-teikningar på Galleri Rubicon i Bergen. Øverli sjølv var til stades, og han fekk sjå at interessa for skaparverket hans er stor. Det var trongt om plassen i galleriet, og teikningane på veggen fekk bein å gå på. Etter tjue minutt var alt selt – sjølv med prisar som 2800 kroner for ei teikneseriestripe og 4000 kroner for ei side.
Øverli-fansen nytta eit sjeldent høve til å sikre seg ei originalteikning.
-Eg ynskjer ikkje å kvitte meg med altfor mange striper, fortel serieskaparen sjølv, som var tydeleg stolt over både salet og interessa.
-Eg har ikkje hatt utstilling i Bergen før. Dette er kult, legg han til.
Medan utstillingen i Bergen sentrum vert ståande i nokre veker til, kjem det meir med Pondus seinare i år. Pondus-bok nummer seks er i sal til hausten, men Øverli vil ikkje røpe nokon tittel no. Det som er sikkert er at også denne boka ikkje vil ta med nokre av albumseriane med Pondus.
-Det er for tidleg å blande albumseriar og avisseriar, men dei kjem gjerne til slutt, slår Frode Øverli fast.
(Teksten er tidlegare publisert gjennom syndikasjonstenesta til Laksevåg forlag.)

NY SVARTEBOK <- Eldre | Nyere -> INKALILL MED NETT-TEGNESERIER




