MEST GAMALT, LITT NYTT (21.12.10 )
Juleheftet Tuss Og Troll tek ein liten stikkveg i år. Men Smørbukk har kanskje ikkje endra seg så mykje likevel.

Som nevnt i fjor gjorde Egmont ei bestemt endring då dei overtok utgjevinga av Norsk Barneblad sine julehefter. Halve heftene er nye og halve heftene er gjenopptrykk.
Skjønt i år er det ei grov tilsniking å kalle nokon del av TUSS OG TROLL for ny. Årets hefte er nemleg fronta av den 16 sider lange historia ”Gullfuglen” som vart teikna av Jens R. Nilssen i 1950 (basert på eit eventyr av Brødrene Grimm, og lett fornorska). I forordet vert ein gjort merksam på at historia aldri har stått på trykk i Tuss og Troll før, men kanskje det har stått på trykk i Norsk Barneblad ein gong? Uansett, dette verkar som ein litt lettvint måte fylle sidene på. Ukjente gjenopptrykk av Jens R. Nilssen har ei viss historisk verdi, men teikningane er altfor gamaldagse. Viss dei vil behalde unge lesarar er dette feil veg å gå. Eg ville heller hatt eit par nye historiar av henhaldsvis Håkon Aasnes og Astrid Hansen. Gjenopptrykksdelen er eit hefte frå 1960 som i si heilskap er teikna av Solveig Muren Sanden. Sjølv desse historiane er tydeleg meir moderne i samanlikning.

I fjorårets omtale av SMØRBUKK peika eg på at Håkon Aasnes sin Smørbukk verka snill og ufarleg samanlikna med Farestveit og Nilssen sin Smørbukk i gjenopptrykksdelen. I år er tvert om likskapane mellom den nye historia (av Aasnes) og gjenopptrykket frå 1960 (av Farestveit) meir interessant. I begge to opptrer Smørbukk som den hjelpsame guten, men begge to har ei handlingsstruktur basert på ”det eine fører til de andre”-prinsippet. Den klassiske delen (også det eit opptrykk frå 1960, og den første Smørbukk-historia teikna av Solveig Muren Sanden) er nok meir handlingsmetta, men Aasnes gjer det meste ut av sidetalet han har til disposisjon. I Aasnes si historie blir Smørbukk sitt telefonnummer ved eit uhell gitt til hjelpetenesta. Og sjølv om han gjerne vil hjelpe, er det straks tydeleg kor irritert Smørbukk er over å bli kasteball for folk som treng småtenestar. Han er ikkje like rund i kantane denne gongen. Historia er litt svakt strukturert, men har nok overraskingar og vendingar til å gjere den underhaldande.
Tuss Og Troll Jula 2010
Smørbukk Jula 2010
36 sider kvar
42 kr. kvar
Egmont Serieforlaget

MER SERIESØLV IGJEN <- Eldre | Nyere -> BISERIENES PARADE




